JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kaefer Energy:

Fleire hundre har signert opprop mot trakassering av tillitsvald

Støtteerklæringane renn inn. – Eit angrep på ein av oss er eit angrep på alle, er den klare meldinga frå fagforeiningar landet rundt.
ÅTVARING: Tillitsvald Atle Forfang Rostad fekk skriftleg åtvaring frå arbeidsgivaren etter å ha stukke seg fram i kampen mot ulovleg innleige og likebehandling av innleigde til ISO-bedrifta Kaefer Energy.

ÅTVARING: Tillitsvald Atle Forfang Rostad fekk skriftleg åtvaring frå arbeidsgivaren etter å ha stukke seg fram i kampen mot ulovleg innleige og likebehandling av innleigde til ISO-bedrifta Kaefer Energy.

Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

Tillitsvald Atle Forfang Rostad fekk i november ei skriftleg åtvaring frå arbeidsgivaren Kaefer Energy.

Rostad har stukke seg fram i kampen mot ulovleg innleige i Kaefer og manglande likebehandling av innleigde til ISO-bedrifta.

Skriftleg åtvaring er det nærmaste ein tilsett kjem oppseiing.

Den eine påståtte grunnen til åtvaringa er kjøp av eit par vernesko på bedrifta si rekning. Den andre er at Rostad ikkje stilte på jobb etter å ha varsla om at han skulle delta på møte i fagforeininga.

– Vi i klubben meiner at bedrifta konstruerer åtvaringar for å kue og teie ein brysam tillitsvald, og til å konstruere ei oppseiingssak, heiter det i eit opprop signert Atle Dahl og Kaefer-klubben.

Hovudkravet i oppropet er at bedrifta trekker åtvaringa og beklagar.

Bakgrunn: – Aldri kjekt å bli herja med berre fordi nokon vil demonstrere kva makt dei har

– Trekk åtvaringa no!

Oppropet har i skrivande stund i overkant av 400 signaturar. Mange av støtteerklæringane kjem frå tillitsvalde og fagforeiningsleiarar i Fellesforbundet landet rundt:

– Eit angrep på ein av oss er et angrep på oss alle, meiner Stian Sagvold, leiar i Innherred Fagforening som organiserer verftsarbeidarane på Aker Verdal.

– Tillitsvalde skal gjere jobben sin utan frykt for sanksjonar og gjengjelding, er meldinga frå Alexander Hopland-Wøien, leiar i Tømrer og Byggfagforeningen i Oslo.

– Stå på Atle og Jens! Vi er mange som støttar dykk, er meldinga frå Ann Kristin Sletvold, hovudtillitsvald i Thon Hotels, til Rostad og klubbleiar Hermansson.

Innleige frå bemanningsselskap: Tilsyn fann storstilt ulovleg innleige. Klubben håpar bedrifta endeleg skjerpar seg

– Det er alvorleg at bedrifta ikkje lar ein tillitsvald få utføre jobben han er vald til å gjere. Trekk åtvaringa no! krev Kristin Mulleng Sezer, leiar i Oslo Grafiske Fagforening.

– Støtt tillitsvalde som tar kampen! Kjemp mot forsøk på fagforeiningsknusing! er oppfordringa frå Joachim Espe, leiar i Bygningsarbeidernes fagforening i Oslo.

Andre som har signert er Inger Kristin Byberg, konserntillitsvald i cateringselskapet SSP. Det same har Christoffer Heggholmen, hovudtillitsvald for bilmekanikarane i Bertel O. Steen i Bergen og nestleiar i Fellesforbundet avdeling 5. André Simonsen, klubbleiar i ISO-bedrifta Beerenberg, stiller seg også bak oppropet.

Manglande likebehandling: Innleigde Isaac fekk ikkje lønna han hadde krav på. Storstilt lønnstjuveri og grov forakt for lover og reglar, meiner tillitsvald

Ikkje einig

HR-direktør Torbjørn Jensen har tidlegare skrive til Magasinet for fagorganiserte at han ikkje kan kommentere personalsaker, men avviser at Kaefer har gitt noko åtvaring på grunn av ei rolle eller arbeid som tillitsvald.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse