JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjeret 2022

Her kan 28.000 industriarbeidarar gå ut i streik fredag

Den tvungne meklinga hos Riksmeklaren startar måndag. Om Fellesforbundet og Norsk Industri ikkje blir einige om lønnsoppgjeret innan 1. april, går 27.600 industriarbeidarar ut i streik.
KRAVA: Auka kjøpekraft er krav nummer ein for Fellesforbundet. Kravet om føreseieleg arbeidstid for offshorearbeidarane kan dessutan bli ei hard nøtt å knekke. Arkivfoto.

KRAVA: Auka kjøpekraft er krav nummer ein for Fellesforbundet. Kravet om føreseieleg arbeidstid for offshorearbeidarane kan dessutan bli ei hard nøtt å knekke. Arkivfoto.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Søndag vart det brot i den frivillige meklinga i det viktige frontfagsoppgjeret mellom Fellesforbundet og Norsk Industri. Det melder Fellesforbundet.

Riksmeklaren har kalla inn partane til såkalla tvungen mekling måndag 28. mars klokka 11.00.

– Det kjem til å bli eit veldig vanskeleg oppgjer, slo riksmeklar Mats Ruland fast da Fellesforbundet først braut forhandlingane med NHO-foreininga 15. mars.

Fristen for å bli einige om lønnsoppgjeret er midnatt natt til fredag 1. april, men partane i frontfagsoppgjeret forhandlar ofte langt på overtid for å unngå streik.

Innsikt: Dette bør du vite om streik. 16 spørsmål og svar

Sjekk lista over bedriftene der medlemmene kan gå ut i streik, lengre ned i saka!

STORE INDUSTRIBEDRIFTER: Over 600 Fellesforbundet-medlemmer kan legge ned arbeidet på verftet til Aibel i Haugesund. I rundt 1.000 industribedrifter over heile landet blir det streik fredag, om partane ikkje blir einige i lønnsoppgjeret.

STORE INDUSTRIBEDRIFTER: Over 600 Fellesforbundet-medlemmer kan legge ned arbeidet på verftet til Aibel i Haugesund. I rundt 1.000 industribedrifter over heile landet blir det streik fredag, om partane ikkje blir einige i lønnsoppgjeret.

Håvard Sæbø

Her kan det bli streik

Det er ikkje tradisjon for streik i frontfagsoppgjeret, men Fellesforbundet har varsla at 27.600 medlemmer i industrien legg ned arbeidet om delegasjonane ikkje blir einige i siste del av forhandlingane.

Streikevarselet omfattar over 950 bedrifter. 760 bedrifter er organisert i Norsk Industri. Resten av bedriftene har såkalla direkteavtale med Fellesforbundet.

Det mindre YS-forbundet Parat har også brote meklinga og varslar at dei vil ta ut rundt 1.000 medlemmer i cirka 60 bedrifter i ein eventuell streik.

Sjå krava i tariffoppgjeret, lengre ned i saka!

Streikevarsel samla frontfaget 2022

Meir å rutte med

Alles auge er på frontfagsoppgjeret, forhandlingane om den største tariffavtala i privat sektor. Det er fordi tariffoppgjeret i den internasjonalt konkurranseutsette industrien legg føringar for alle andre lønnsoppgjer i Norge.

– Vi skal ikkje rane bedriftskassa, men vi skal ha handa djupt ned i honningkrukka for å få vår del av verdiskapinga, sa Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum da han overleverte krava til Norsk Industri-sjef Stein Lier-Hansen 9. mars.

I fjor fekk arbeidsfolk mindre å rutte med etter at historisk høge straumprisar åt opp lønnsveksten og vel så det.

AUKA KJØPEKRAFT: No er det kroner og øre som gjeld, slo forbunds- og forhandlingsleiar Jørn Eggum i Fellesforbundet fast da han overleverte krava sine til forhandlingsleiar og Norsk Industri-sjef Stein Lier-Hansen tidlegare i mars.

AUKA KJØPEKRAFT: No er det kroner og øre som gjeld, slo forbunds- og forhandlingsleiar Jørn Eggum i Fellesforbundet fast da han overleverte krava sine til forhandlingsleiar og Norsk Industri-sjef Stein Lier-Hansen tidlegare i mars.

Jan-Erik Østlie

Krav nummer ein er for Fellesforbundet at kjøpekrafta skal auke i år. Da må årets lønnsvekst bli større enn prisstiginga.

Det siste anslaget er 3,3 prosent prisvekst i 2022, frå Teknisk berekningsutval som legg talgrunnlaget for tariffoppgjera. Det oppjusterte anslaget er samtidig usikkert på grunn av krigen i Ukraina som har ført til ekstra høg prisstiging på elektrisitet og andre varar.

Sanksjonane mot Russland har ført til usikkerheit i verdsøkonomien, og Norsk Industri er opptatt av at lønnsveksten ikkje skal bli større enn at industrien opprettheld konkurransekrafta internasjonalt.

Aktuelt: Lønna di kan ikke øke mer enn 3,5 prosent, mener Norsk Industri

Dette er krava

Årets oppgjer er eit hovudoppgjer, noko som betyr at partane forhandlar om heile overeinskomsten, ikkje berre lønn. Krava til Fellesforbundet i industrien er:

• lønnstillegg til alle, ekstra til lågtlønte eller dei som har hatt svak lønnsutvikling og ein auke i minstelønna og andre satsar i overeinskomsten

• sette i gang eit arbeid for å vurdere ordninga med korte velferdspermisjonar

• ei satsing på etter- og vidareutdanning

• endre/spesifisere omfanget til Industriovereinskomsten

• innføre betre reglar om likestilling

• krav om tilpassa arbeidstøy for både kvinner og menn

• dekking av utgifter til vernebriller med styrke

• regulere satsane i fondet for opplysing og utdanning

Forbundet seier også dei vil prioritere kravet om meir føreseielege arbeidstidsordningar i offshoredelen av tariffavtala, noko det har vore svært vanskeleg å bli einige med arbeidsgivarane om i tidlegare oppgjer.

Blant krava til Norsk Industri er meir individuell avlønning og meir fleksible arbeidstidsordningar.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse