JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønna i Nordic Choice, Scandic og Thon Hotels:

Hotella har tapt pengar og halde stengt. Likevel fekk Thon-sjefen eit solid lønnshopp

Toppsjefane i låglønnsbransjen får framleis millionar i lønn.
RYKKAR OPP: Konserndirektør Morten Thorvaldsen i Thon gjekk opp i lønn med fem prosent i koronaåret. Med nesten fire millionar i lønn og godtgjering, rykkar han opp til andreplass på lista.

RYKKAR OPP: Konserndirektør Morten Thorvaldsen i Thon gjekk opp i lønn med fem prosent i koronaåret. Med nesten fire millionar i lønn og godtgjering, rykkar han opp til andreplass på lista.

Thon Hotels

tormod@lomedia.no

Årsrekneskapane til dei største hotellkjedene viser korleis koronakrisa har påverka lønningane på toppen, i eit år der hotella måtte stenge dørene og dei tilsette vart permittert eller sagt opp.

For dei tilsette i låglønnsbransjen betydde permitteringane og oppseiingane mellom 62,4 og 80 prosent av lønna i dagpengar frå Nav.

Framleis tener dei norske hotell-toppane millionar. Berre direktørstillinga i Scandic har gått ned like mykje i lønn som dei tilsette har i inntekt, og sjefen i Thon går opp i lønn.

Hotelltilsette: – Vi har aldri tent så dårleg i forhold til resten av samfunnet

Lønnshopp i Thon

I Thon Hotels fekk konserndirektør Morten Thorvaldsen eit hopp på fem prosent – omtrent 182.000 kroner – i lønn og godtgjering i koronaåret.

I lønn fekk han over 3,3 millionar kroner og nærmare 436.000 kroner i godtgjering, samanlikna med i overkant av 3,1 millionar og nær 433.000 i normalåret 2019. Han rykkar opp til å vere den nest best betalte hotell-toppen.

Thon har førebels ikkje svart på førespurnaden vår om ein kommentar.

Saka held fram under bildet.

BEST BETALT: Konsernsjef Torgeir Silseth i Choice valde å gå ned i lønn på grunn av koronakrisa, men framleis er han den best betalte hotell-toppen og har til salt i grauten med nærmare seks millionar i lønn og godtgjering.

BEST BETALT: Konsernsjef Torgeir Silseth i Choice valde å gå ned i lønn på grunn av koronakrisa, men framleis er han den best betalte hotell-toppen og har til salt i grauten med nærmare seks millionar i lønn og godtgjering.

Nordic Choice Hotels

Lønnsnedgang i Choice

Konsernsjef Torgeir Silseth i Nordic Choice Hotels er den best betalte hotell-toppen. Han fekk ein nedgang i lønn og godtgjering på sju prosent i 2020.

I lønn fekk han i overkant av 5,4 millionar kroner og 406.000 i godtgjering, mot over 5,8 millionar og 444.000 året før.

– Då bransjen vår i fjor vart kasta inn i den største krisa reiselivet har opplevd, valde konsernleiinga å gå ned i lønn som eit ledd i handteringa, kommenterer Silseth til Magasinet for fagorganiserte.

Saka held fram under bildet.

LÅGAST LØNN: Administrerande direktør Asle Prestegard i Scandic Hotels Norge har fått eit kraftig kutt i lønn, pensjon og godtgjering.

LÅGAST LØNN: Administrerande direktør Asle Prestegard i Scandic Hotels Norge har fått eit kraftig kutt i lønn, pensjon og godtgjering.

Scandic Hotels

Kjempekutt i Scandic

Sjef-stillinga i Scandic Hotels Norge fekk det største lønns-kuttet i 2020. Administrerande direktør Asle Prestegard fekk ein nedgang i lønn, pensjon og godtgjering på heile 45,5 prosent, samanlikna med Svein Arild Steen-Mevold som var toppsjef i 2019.

I lønn fekk Prestegard litt over 2 millionar kroner, 81.000 i pensjon og 209.000 i godtgjering. Året før fekk Steen-Mevold til samanlikning nærmare 3 millionar i lønn, 151.000 i pensjon og nesten 1,2 millionar i godtgjering.

Scandic seier til Magasinet at dei ikkje ønsker å kommentere lønna og godtgjeringa til direktøren.

Mykje lest: Dette er snittlønna i over 350 yrker

Låglønnsbransje

Hotell- og restaurantbransjen er ein låglønnsbransje.

Snittlønna i bransjen var 393.600 kroner i 2020, rekna om til heiltid, ifølge Teknisk Berekningsutval. Det er ein auke på 1,7 prosent frå 2019. Lønna utgjer berre 78 prosent av industriarbeidarlønna på 506.600 kroner.

Dermed er det framleis langt opp til toppsjef-lønna for dei hotelltilsette på golvet.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse