JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Skatt på tips:

Hotellet tar delar av tipsen til Mads og Jan Roger: – Det er forskjellsbehandling

No tar LO striden til retten. Tilsette i sørvisbransjene håpar det vil rydde opp i nye skattereglar.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

eline.lonna@lomedia.no

LO sine advokatar har tidlegare sendt eit varsel om søksmål til Hotel Bristol i Oslo på vegner av Fellesforbundet-medlemmer, men hotellet har ikkje gitt etter for krava.

– Det ser ut til at partane er ueinige, og då er neste skritt at vi stemnar dei for tingretten. Stemninga vil bli levert inn før jul, og då kjem saka truleg opp i Oslo tingrett før sommaren, seier LO-advokat Fredrik Wildhagen til FriFagbevegelse.

p

Striden står om det er innanfor arbeidsgivar sin såkalla styringsrett å ta delar av tilsette sin tips for å betale si eiga arbeidsgivaravgift og såkalla administrative kostnader.

Konsekvensar for mange

Praksisen oppstod på anbefaling frå arbeidsgivarforeininga NHO Reiseliv, etter at arbeidsgivarane frå 1. januar fekk ansvar for å innrapportere og trekke skatt av tilsette sine tipspengar.

– Det er forskjellsbehandling at nokon må betale arbeidsgivaravgift og administrasjonsgebyr for å få tipsen som lønn. No får vi håpe at retten også ser at dette ikkje er riktig framgangsmåte, seier bartender og servitør Jan Roger Ulvang.

Han er hovudtillitsvald på Radisson Blu Royal Garden i Trondheim der mellom 15 og 20 bartenderar, servitørar og kokkar er ramma av regelendringane.

Saka held fram under bildet.

Fellesforbundet-klubben er ein av fleire som har skrive tvisteprotokollar med arbeidsgiveren om handteringa av skattereglane. For dei kan ei rettssak løyse usemja.

Under halvparten

Ulvang og Mads Tore Bjørnstad har nettopp starta ei vakt i baren på hotellet. Mens dei tidlegare kunne gådd heim med tipspengar frå gjestane i lomma, må dei no vente til lønna blir utbetalt.

– Alle er einige om at det skal trekkast skatt av tipsen, men gebyra var ei overrasking, seier Ulvang.

Han viser til fråtrekket av kostnader til arbeidsgivaravgift og eit administrasjonsgebyr på heile 10 prosent, i tillegg til fråtrekket av arbeidsgivaren sine kostnader til feriepengar og pensjon.

Over natta sat dei igjen med ei månadleg utbetaling på berre 40 kroner av kvar hundrelapp dei har fått i tips, forklarer Ulvang.

NHO trur på medhald

– Vi meiner arbeidsgivar har anledning til å gjere dette, men dersom Fellesforbundet sine medlemmer ønsker å bringe saka inn for retten, er det noko dei gjerne må gjere.

Det seier direktør for arbeidslivspolitikk og advokat Magne Kristensen i NHO Reiseliv til FriFagbevegelse.

Han viser til den såkalla Theatercafe-dommen i Høgsterett frå 2008, som slår fast det er innanfor arbeidsgivar sin styringsrett å bestemme korleis tipsen skal delast mellom dei tilsette.

p

– Vil NHO endre retningslinjene sine dersom tingretten kjem til eit anna resultat enn de forventar?

– Vi meiner at arbeidsgivar har rett til å gjere dette og reknar med at domstolane kjem til same konklusjon. Det er for tidleg å spekulere i rettskraft og ei eventuell anke dersom det motsette blir tilfelle, svarer Kristensen.

FriFagbevegelse har vore i kontakt med leiinga ved Radisson Blu Royal Garden, som ikkje ønsker å kommentere saka.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse