JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjeret

Hotelltilsette: – Vi har aldri tent så dårleg i forhold til resten av samfunnet

Det er ingenting å rope hurra for i lønnsoppgjeret, men hotelltilsett Lisa-Marie Reksten meiner det ikkje er så gale i korona-året.
FORSKJELLAR: – Då eg starta som 15-åring, tente eg betre enn ein butikkjobb. Lønnsutviklinga har vore utruleg dårleg dei siste femten åra, mens jobben har blitt hardare, seier Lisa-Marie Reksten som har jobba på Scandic Kokstad som reinhaldar og resepsjonist i 21 år.

FORSKJELLAR: – Då eg starta som 15-åring, tente eg betre enn ein butikkjobb. Lønnsutviklinga har vore utruleg dårleg dei siste femten åra, mens jobben har blitt hardare, seier Lisa-Marie Reksten som har jobba på Scandic Kokstad som reinhaldar og resepsjonist i 21 år.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

BERGEN: På hotellet er det folketomt, bortsett frå dei tilsette i resepsjonen og reinhaldarar som går mellom rom. Grunnen er ikkje mangel på gjestar, men at dei sit inne på romma sine. Scandic Kokstad har vore karantenehotell nesten sidan starten av koronapandemien i mars i fjor. Her går det så det susar.

Likevel har resepsjonist og tillitsvald Lisa-Marie Reksten forståing for at tariffoppgjeret mellom LO og NHO ikkje gav større utteljing for den hardt korona-ramma låglønnsbransjen.

– Resultatet er ikkje så gale i år med tanke på situasjonen i bransjen. Det er ikkje no vi skal krevje pengar, seier ho.

Resultatet vart 2,25 kroner til alle og 1 krone ekstra til lågtlønte. Rekna om til skiftarbeid og 35,5 timars veke sånn dei fleste i bransjen har, blir det ein auke på 3,45 kroner i timelønna frå 1. april.

Så kjem garantiordninga i overeinskomsten, som ifølge Fellesforbundet gjer at minstelønna totalt aukar med omtrent 5,85 kroner timen frå same dato, og 6,17 for 35,5 timars veke. Dessutan aukar tillegga for kveld, natt og helg med 2,5 prosent.

Innsikt: Hva er egentlig frontfagsmodellen? Du får svarene her

Store forskjellar

– Vi har alltid vore ein låglønnsbransje, men aldri tent så dårleg i forhold til resten av samfunnet som no. Då eg starta som 15-åring, tente eg betre enn ein butikkjobb. Lønnsutviklinga har vore utruleg dårleg dei siste femten åra, mens jobben har blitt hardare, seier 36-åringen som har jobba på hotellet som reinhaldar i 19 år.

For to år sidan begynte ho å jobbe 80 prosent som nattevakt i resepsjonen, med eit tillegg litt over 25 kroner timen. Det gir ho ei lønn på rundt 26.000 kroner i månaden før skatt, fortel Reksten og viser fram siste lønnsslepp.

– Og eg er blant dei med høgast lønn her, legg ho til.

– Når oppgjera skjer i prosent så ballar forskjellane på seg over tid. Låglønnstillegg er ikkje godt nok til å vege opp for det, meiner Reksten.

Denne skaper debatt: Ann Jeanette måtte stoppe lånet da sykepengene ikke kom: – Fikk beskjed om at jeg kunne gå på «sosialen»

(Saken fortsetter under bildet)

PERMITTERTE: Lågtlønte fekk endra mindre å leve på då bransjen måtte stenge på grunn av koronatiltak. – Det kjentest urettferdig, seier Reksten.

PERMITTERTE: Lågtlønte fekk endra mindre å leve på då bransjen måtte stenge på grunn av koronatiltak. – Det kjentest urettferdig, seier Reksten.

Håvard Sæbø

Det viste koronakrisa, meiner ho. Då hotell og restaurantar stengde på grunn av koronaen, måtte dei tilsette dei klare seg på 80 prosent av ei allereie låg lønn i dagpengar. Det er ei inntekt som ikkje strekk til for mange.

– Det kjentest urettferdig, seier Reksten.

Mye lest: Tidenes lønnshopp: Helsefagarbeider Rowena får 56.000 kroner mer i lønn

Ikkje attraktivt

Inne på pauserommet er reinhaldarane einig i at lønna må opp. På karantenehotellet har dei stått i førstelinja under koronaen, og vaska romma til blant anna utanlanske verftsarbeidarar og nordmenn som har vore på utanlandsreise.

– Lønna er altfor dårleg. Eg merker det på at den ikkje held tritt med rekningane, seier ei av kvinnene som har jobba på hotellet i 25 år, og får støtte frå kollegaene.

– Det er ikkje attraktivt å jobbe på hotell. Eg føler at andre ser ned på meg, forklarer ho og understrekar saman med resten av kvinnene at dei gode kollegene gjer det verdt å dra på jobb.

Då hotelltilsette sist streika i 2016, var det for retten til å ta ut meir lønnsvekst gjennom lokale forhandlingar. Seinare har det ført til det Lisa-Marie Reksten kallar «tulleoppgjer» med lønnstillegg på null eller nokre øre i Scandic og dei andre store hotellkjedene.

– NHO Reiseliv seier dei vil skjerme dei små aktørane. Men det er ikkje alltid lønnsviljen er minst der lønnsevna er det. Det er dei store kjedene som ikkje vil gi pengar.

– Bransjen har vore veksande med større lønnsevne enn lønna vår tilseier. Hotell er faktisk fag, og bransjen har behov for faglærte medarbeidarar. Då må det vere skikkelege jobbar med skikkeleg lønn, seier Reksten.

Mye delt: Ledere og akademikere har vært lønnsvinnere de siste 16 årene i kommunene

Byggast opp igjen

Då LO varsla kven som kunne bli tatt ut i første streikuttak i år, glimra hotell og restaurantar med sitt fråvær. Nesten 1.500 er permitterte blant dei rundt 7.000 Fellesforbundet-medlemmene omfatta av overeinskomsten i bransjen, Riksavtala. Karantenehotellet i Bergen er samfunnskritisk, og måtte uansett ha søkt om unntak frå streik.

– Eg var streikeklar før koronaen. Den førre streiken var bra for organiseringa. På mange hotell er klubben og fagforeininga usynleg. Det er mykje gjennomtrekk i bransjen, og mange orkar ikkje organisere seg fordi dei ikkje opplever at forbundet har gjennomslagskraft. Det er ein vond sirkel, seier Reksten.

Ho oppfordrar politikarar som er opptatt av norske lønningar og rettferd i arbeidslivet, til å ikkje sleppe ballen etter koronakrisa.

– Bransjen skal byggast opp igjen, og det er ikkje nødvendigvis negativt.

– Det er harde jobbar, og mykje meir krevjande enn folk trur. Om du gjer ein dags ærleg arbeid, skal du ha ei lønn å leve av sånn at du kan betale rekningar og forsørge familien, slår Reksten fast.

Kommentar: «Hva er en rettferdig sykepleierlønn?»

Lønna i hotell og restaurant

Snittlønna var 393.600 kroner i 2020 omrekna til heiltid. Det er ein auke på 1,7 prosent frå året før, mens prisane steig med 1,3 prosent. Lønna utgjer 78 prosent av industriarbeidarlønna på 506.600 kroner, som auka med 2,3 prosent i fjor. For 20 år siden var tallet 81,5 prosent.

Fellesforbundet organiserer rundt 7.000 tilsette omfatta av overeinskomsten Riksavtala, men 30.000 arbeidstakarar var til saman omfatta av den i 2019. Minstelønna i avtala er også såkalla allmenngjort, altså lovfesta i bransjen.

Kjelde: Teknisk berekningsutval (TBU)

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Lønna i hotell og restaurant

Snittlønna var 393.600 kroner i 2020 omrekna til heiltid. Det er ein auke på 1,7 prosent frå året før, mens prisane steig med 1,3 prosent. Lønna utgjer 78 prosent av industriarbeidarlønna på 506.600 kroner, som auka med 2,3 prosent i fjor. For 20 år siden var tallet 81,5 prosent.

Fellesforbundet organiserer rundt 7.000 tilsette omfatta av overeinskomsten Riksavtala, men 30.000 arbeidstakarar var til saman omfatta av den i 2019. Minstelønna i avtala er også såkalla allmenngjort, altså lovfesta i bransjen.

Kjelde: Teknisk berekningsutval (TBU)