JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønn i hotellbransjen:

Hotell-toppane tener nesten ti gongar så mykje som ein tilsett

3,7 millionar kroner er snittlønna til toppsjefane i hotellkjedene.
EIN TILSETT MÅ JOBBE I 15 ÅR: For å tene like mykje som Choice-sjef Torgeir Silseth gjer på eitt år, må ein tilsett jobbe fulltid i 15 år.

EIN TILSETT MÅ JOBBE I 15 ÅR: For å tene like mykje som Choice-sjef Torgeir Silseth gjer på eitt år, må ein tilsett jobbe fulltid i 15 år.

Nordic Choice Hotels

tormod@lomedia.no

Magasinet for fagorganiserte har gått gjennom årsrekneskapa til dei fire store hotellkjedene i Norge. Undersøkinga viser at toppleiarane i snitt tente 3,7 millionar kroner i 2019.

Snittlønna i hotell- og restaurantbransjen var same år 388.000 kroner for ein heiltidstilsett, ifølge tal frå Teknisk berekningsutval.

Lønna til ein hotelltopp er dermed 9,5 gongar så stor som lønna til ein tilsett på hotellgolvet. Med andre ord må ein hotelltilsett jobbe nærmare 10 år for å tene opp like mykje lønn som toppsjefen gjer på 1 år.

Då har vi ikkje tatt med godtgjering og pensjon i reknestykket.

Sjå kva arbeidsgivarane seier lengre ned i saka.

15 gongar så mykje

På lønnstoppen er Choice-sjef Torgeir Silseth, med sine 5,8 millionar kroner i årslønn. Ein tilsett i hotellkonsernet hans, må jobbe i heile 15 år for å tene opp like mykje lønn.

Her er lønna til hotelltoppane:

Nordic Choice Hospitality Group AS, Torgeir Silseth:
Lønn: 5.816.000 kroner
Pensjon: 22.000 kroner
Anna godtgjering: 444.000 kroner
Totalt: 6.282.000 kroner

Thon Hotels AS, Morten Thorvaldsen:
Lønn: 3.126.292 kroner
Pensjon:
Anna godtgjering: 432.927 kroner
Totalt: 3.559.219 kroner

Ein tilsett må jobbe i over 8 år for å tene opp like mykje lønn som Thon-sjefen.

Scandic Hotels AS, Svein Arild Steen-Mevold (slutta i 2020):
Lønn: 2.950.000 kroner
Pensjon: 151.000 kroner
Anna godtgjering: 1.160.000 kroner
Totalt: 4.261.000 kroner

Ein tilsett må jobbe i nesten 8 år for å tene opp like mykje lønn som Scandic-sjefen.

Radisson Hospitality Norway AS, Ronald Smithjes:
Lønn: 2.787.000 kroner
Pensjon: 23.000 kroner
Anna godtgjering: 723.000 kroner
Totalt: 3.533.000 kroner

Ein tilsett må jobbe i over 7 år for å tene opp like mykje lønn som Radisson-sjefen.

Oversikt: Her er resultatene fra lønnsoppgjøret så langt

Vil ikkje svare

Magasinet har sendt tala som viser lønnsforskjellen mellom toppsjefen og tilsette til alle dei fire hotellkjedene. Vi har spurt: «Kva meiner de om forskjellen mellom toppleiarlønna og lønna til dei tilsette i konsernet?»

Choice svarer at dei ikkje ønsker å kommentere lønna til enkeltpersonar. Scandic svarer at dei ikkje ønsker å kommentere detaljar om lønna til ein tidlegare leiar. Thon og Radisson har ikkje svart på førespurnaden vår.

Provosert forbundsleder: – To år på rad har de lavest lønnede kommet dårligst ut. Det er uaktuelt å godta at det skjer neste år

Fagforeiningsleiar reagerer

Fagforeiningsleiar Djevat Hisenaj i Bergen meiner tala viser at leiinga skummar fløyten, samtidig som tilsette ikkje har ei lønn å leve av.

– Dei tilsette er ansiktet ut mot gjestane, ikkje toppdirektørane som gøymer seg inne på eit kontor. Leiinga i bransjen tenker på seg sjølv og bonusane sine, mens vi tilsette får smular for å jobbe kveld, natt og helg sånn at pengane kjem inn, seier han.

Aktuelt: Sjekk lønnshoppet for statsansatte

Ikkje lønnsleiande

NHO Reiseliv peikar på at undersøkinga til Magasinet berre omfattar fire leiarar for dei største konserna i arbeidsgivarorganisasjonen.

– Det er ikkje så unaturleg at det er ein større lønnsforskjell gitt det ansvaret dei sit med. Samanlikna med resten av næringslivet, er desse samtidig langt frå lønnsleiande. Avstanden mellom for eksempel Equinor-sjefen og ein minstelønna industriarbeidar er nok mykje større, skriv kommunikasjonsdirektør Merete Habberstad i ein epost til Magasinet.

Ordkrig om Wizz Air: Ap: Høyre har ingen troverdighet når de sier at de ønsker et organisert arbeidsliv. – Bare vås, får de til svar

Gjeld ikkje alle

Ho peikar på at størsteparten av medlemsbedriftene deira er små og mellomstore bedrifter der leiarane har lønningar på under ein million i snitt.

– Leiarlønningane i reiselivsnæringa ligg generelt på eit mykje lågare nivå enn for næringslivet elles. I dei fleste bransjane er avstanden mellom topp og botn større enn for reiseliv, meiner Habberstad.

I tillegg peikar ho på at unge tilsette med bransjeerfaring oftare får sleppe til i leiarjobbar, samanlikna med andre bransjar der akademisk utdanning blir vektlagt meir.

Skaper debatt: Statlig støttet app setter sinnene i kok: Renholderne må konkurrere på pris og trynefaktor

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse