INFORMERTE: Senada Solakovic, Sisilie Benjaminsen og Frank Schistad fortel den eine kokken på Fisketorget om minsteløna på 161,87 kroner.
Håvard Sæbø
HÅVARD SÆBØ
has@lomedia.no
STAVANGER: Fellesforbundet er på pub-til-pub-runde i Stavanger sentrum. Pubverten har hendene fulle ein tidleg onsdags kveld, men tek seg tid til å sjå kva dei tre nye gjestane i refleksvestar har å visa fram. Dei har med seg informasjon om den nye minstelønna for dei som arbeider i utelivsbransjen. No er det forbode å løne folk bak bardisken under 161,87 kroner i timen. Einaste kravet er at arbeidstakaren er over 18 år, og har arbeidd i meir enn fire månader.
Saka held fram under bildet.
OPPDRAG UTFØRT: Mohammed Albouazati og Arild Håvik har levert frå seg informasjon om minstelønnssatsane i Riksavtalen. Mange var interesserte i å høyre kva dei har krav på.
Håvard Sæbø
Timeløn under 161,87
– Eg tener mindre enn dette, seier den første pubvertinna patruljen møter på. Ei godt vaksen kvinne, med mange seine kveldar i baren bak seg.
Ho vil ikkje bli fotografert eller intervjua, men seier at ho må ta seg ein prat med sjefen. Løna ho har no, er rett og slett ulovleg. Gjestane på andre sida av bardisken får med seg det som vert sagt, og karane meiner at heller ikkje minsteløna er noko å skryte av, og lovar å tipse på neste bestilling.
Ingen automatikk
Det kunne minne om ein lokal gule vestar-aksjon. 12 gulkledte informantar spratt rundt frå pub til restaurant med Magasinet for fagorganiserte og Stavanger Aftenblad på slep. Ikkje mange tilsto at dei låg under minsteløna, men fleire sa at dei ikkje hadde blitt justert opp til den nye satsen i desember 2018.
Saka held fram under bildet.
ALLEMGJORT SATS: Jonah Bjerga på Cirkus får info om dei nye satsane av Line Fjellheim Larsen og Arild Håvik.
Håvard Sæbø
– Korleis skal vi klare å følge med når satsane går opp? Er ikkje det arbeidsgjevaren sitt ansvar, spurde ein. Fleire var meir opptekne av dei nye reglane for skatt på tips. At dei tilsette må betala arbeidsgjevaravgift og gebyr frå tipsen, likte dei dårleg.
Møte tilsette der dei er
Det var den nye leiaren av hotellgruppa i avdeling 25, Marek Bogucki, som tok initiativ til aksjonen. Dette er første gong avdelinga gjennomfører ein slik informasjonsrunde på kveldstid.
– Mange tener under minstelønn. Eg reknar med at fleire av dei me har vore innom i kveld kjem til å ta kontakt for å høyra korleis dei skal gå fram for å kreve rett løn, seier Bogucki. Han har nett fått permisjon frå jobben som resepsjonist ved hotell Victoria for å leie arbeidet med hotell og restaurant i Stavanger og omegn.
Saka held fram under bildet.
FRÅ PUB TIL PUB: I løpet av kvelden fekk rundt 40 utestader besøk av gulkledte gjester som berre ville informere om minstelønn.
Håvard Sæbø
Om ikkje lenge kjem dei til å ta ein runde til. Då reknar han med at dei tilsette har snakka seg imellom og har fleire spørsmål.
– Målet er å få fleire tariffavtalar, men då trengs det óg fleire medlemmar, seier Bogucki.
Ingen med tariffavtale
For førebels er det ingen sjølvstendige restaurantar eller barar som har tariffavtale i Stavanger. På hotella er det avtalar, men det har ikkje spreidd seg til andre delar av utelivsbransjen.
– Det var fleire som sa at dei måtte ta ein prat med sjefen, så eg reknar med at det vert ein god del googling og lokale lønsforhandlingar dei neste dagane, seier Bogucki.
Saka held fram under bildet.
FÅR TARIFF: Sreko Pavlov på Groovy Diner fekk besøk av Marek Bogucki og Arild Håvik. Her var dei nøgde med med både løna og arbeidet.
Håvard Sæbø
30 prosent under minsteløn
Allmenngjeringa av minstelønn i overnatting, servering og catering har berre vore gjeldande i eit drygt år. I 2018 kontrollerte Arbeidstilsynet løna i 509 tilsyn, og resultatet viste at 30 prosent av verksemdene betalte under lovfesta minsteløn. Arbeidstilsynet meiner at noko av grunnen er at det ofte er snakk om små verksemder der begge partar har låg kunnskap om reglane i arbeidslivet. Organisasjonsgraden er låg, og mange av arbeidstakarane er unge eller utanlandske.
GULE VESTAR: Frå venstre: Frank Schistad, Senada Solakovic, Tom Nordbø, Inger Kristin Byberg, Marek Bogucki, Sisilie Benjaminsen, Line Fjellheim Larsen og Arild Håvik.
Håvard Sæbø
VISSTE IKKJE: Mange var ikkje klar over at satsane vart justert opp i desember 2018, og ville ta seg ein prat med sjefen etter å ha fått informasjon frå Fellesforbundet.
Håvard Sæbø
{"429348":{"type":"m","url":"/image-3.429348.162463fbb0","cap":"FÅR TARIFF: Sreko Pavlov på Groovy Diner fekk besøk av Marek Bogucki og Arild Håvik. Her var dei nøgde med med både løna og arbeidet.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"429352":{"type":"m","url":"/image-3.429352.c681a7b5cc","cap":"ALLEMGJORT SATS: Jonah Bjerga på Cirkus får info om dei nye satsane av Line Fjellheim Larsen og Arild Håvik.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"429354":{"type":"m","url":"/image-3.429354.d39a8a9be4","cap":"OPPDRAG UTFØRT: Mohammed Albouazati og Arild Håvik har levert frå seg informasjon om minstelønnssatsane i Riksavtalen. Mange var interesserte i å høyre kva dei har krav på. ","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"429356":{"type":"m","url":"/image-3.429356.cbf34fd9cc","cap":"FRÅ PUB TIL PUB: I løpet av kvelden fekk rundt 40 utestader besøk av gulkledte gjester som berre ville informere om minstelønn.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"429358":{"type":"m","url":"/image-3.429358.f98dc3524e","cap":"GULE VESTAR: Frå venstre: Frank Schistad, Senada Solakovic, Tom Nordbø, Inger Kristin Byberg, Marek Bogucki, Sisilie Benjaminsen, Line Fjellheim Larsen og Arild Håvik.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"429362":{"type":"m","url":"/image-3.429362.c068f5c203","cap":"VISSTE IKKJE: Mange var ikkje klar over at satsane vart justert opp i desember 2018, og ville ta seg ein prat med sjefen etter å ha fått informasjon frå Fellesforbundet.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"tittel":{"color":"#ffffff","fontsize":"75","bgc":"#ffffff","bgo":"1","bgh":"100%","pos":"1","shadow":true},"extrafiles":{"js":"","css":""},"fb":[{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""}],"si":[{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""}],"us":[{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""}],"lpage":{"exist":false,"color":"#000000"},"cpage":{"iscpage":false,"mpage":""}}

Besøksadresse:
LO Media
Storgata 33 A (9. etasje)
0184 Oslo
Postadresse:
LO Media
Postboks 8964, Youngstorget
0028 Oslo
FriFagbevegelse.no er medlem av Fagpressen og redigeres etter: Redaktørplakaten • Vær Varsom-plakaten • Formålsparagraf og etiske retningslinjer Les også: FriFagbevegelses personvernpolicy
Besøksadresse:
LO Media, Storgata 33 A (9. etasje), 0184 Oslo
Postadresse:
LO MediaPostboks 8964 Youngstorget, 0028 Oslo