JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Tips-striden

Kan arbeidsgivar forsyne seg av tipsen? No skal saka opp i Høgsterett

Landets øvste domstol skal avgjere om tilsette har rett på å behalde tipsen.
Striden rundt tips mellom tilsette og arbeidsgivarar, Fellesforbundet og NHO Reiseliv, har vore lang og vond.

Striden rundt tips mellom tilsette og arbeidsgivarar, Fellesforbundet og NHO Reiseliv, har vore lang og vond.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Tilsette på Hotel Bristol i Oslo og Oslo Plaza Hotel har saksøkt arbeidsgivarane sine for det dei meiner er ulovlege trekk i tipsen, med krav om erstatning for tapet.

Onsdag og torsdag 29. og 30. mars skal saka opp i Høgsterett. Saka skulle eigentleg opp i starten av januar, men vart flytta.

Om dei tilsette vinn fram i landets øvste domstol, blir det slått fast at arbeidsgivarar ikkje kan forsyne seg av tipsen for å dekke kostnader pålagt av myndigheitene.

Fleire arbeidsgivarar kan dessutan måtte førebu seg på erstatningskrav.

Bakgrunn: Denne rettssaka vil påverke heile bransjen

Taper 1.000 kroner i månaden

Rettssaka gjeld to trekk i tipsen: På Bristol trekker hotellet frå 10,5 prosent til arbeidsgivaravgift og 5 prosent til administrasjonskostnader. Det er regelen i heile Thon Hotels-kjeda som Bristol er ein del av.

Det utgjer eit tap på nesten 12.000 kroner i året for heiltidstilsette servitørar på hotellet. I tillegg trekker hotella frå forskotsskatt, pensjonsinnskot og feriepengar frå tipsen, noko som ikkje har vore eit stridsspørsmål i retten.

Over 260 av medlemsbedriftene i NHO Reiseliv har innført ordningar med trekk frå tipsen. Det utgjer 55 prosent av dei som vart spurt i ei undersøking i 2021.

Thon Hotels-kjedas tipsregel utgjer eit tap på nesten 12.000 kroner i året for heiltidstilsette servitørar på hotellet.

Thon Hotels-kjedas tipsregel utgjer eit tap på nesten 12.000 kroner i året for heiltidstilsette servitørar på hotellet.

Sissel M. Rasmussen

Dette er saka

Bakgrunnen er nye skattereglar for tips som Solberg-regjeringa innførte frå 1. januar 2019.

Da fekk arbeidsgivarar plikt til å behandle tips som lønn. Arbeidsgivarane må melde inn pengane til myndigheitene, trekke forskotsskatt og berekne arbeidsgivaravgift av pengane.

Samtidig laga NHO Reiseliv ei rettleiing for korleis medlemsbedriftene kunne trekke frå auka arbeidsgivaravgift og administrasjonskostnader – for dermed å legge dei nye kostnadene over på dei tilsette.

Fellesforbundet kalla det tjuveri

Fellesforbundet protesterte og kalla det tjuveri.

Ni hotelltilsette på Bristol saksøkte i slutten av 2020 arbeidsgivaren sin med hjelp frå Fellesforbundet, for å få ei juridisk avklaring i saka. 14 Parat-medlemmar på Plaza hadde gjort det same. Sakene vart foreina i Oslo tingrett sommaren 2021.

Oslo tingrett frifann arbeidsgivarane, men i Borgarting lagmannsrett i fjor vår fekk dei tilsette medhald. Arbeidsgivarane anka til Høgsterett der saka altså slapp inn.

Ei gåve som er eigedommen til tilsette

LO-advokatane har argumentert for at tips er ei gåve frå kundane til dei tilsette, som dei tilsette har eit rettskrav på. Tipsen er eigedommen til dei tilsette, meiner advokatane til dei Bristol-tilsette.

Om saksøkarane ikkje får støtte for den påstanden i Høgsterett, meiner LO-advokatane at eventuelle trekk i tipsen må vere avtalt gjennom arbeidskontraktane.

LO-advokatane viser til lang praksis og tradisjon der tips har blitt gitt til tilsette. På Hotel Bristol har tilsette fått behalde tipsen sidan hotellet opna i 1920, påpeikar dei.

… eller innanfor styringsretten til arbeidsgivar

NHO Reiseliv-advokatane har argumentert for at trekk i tipsen ligg innanfor den såkalla styringsretten til arbeidsgivarar. Dei har blant anna vist til Theatercafedommen frå 2008, der Høgsterett bestemte at arbeidsgivarar kan fordele tipsen mellom tilsette.

Styringsretten vart også føresette og slått fast i samband med regelendringane frå 2019, meiner advokat Jan Fougner som representerer Bristol, Plaza og partshjelpar NHO Reiseliv i høgsterettssaka.

«Arbeidsgiversiden mener at det først er idet arbeidsgiver overfører tips til arbeidstakers konto, som en lønnsytelse, at rettigheter oppstår», skreiv han i ein epost til Magasinet i slutten av november.

LO-advokatane meiner på si side at styringsretten berre inneber at arbeidsgivarane kan fordele tipsen mellom tilsette, ikkje forsyne seg av den sjølv.

Les meir: Tipssaka kan få konsekvensar for heile arbeidslivet

Ueinige om konsekvensane

Fougner meiner vidare at det kan bli svært kostbart for verksemder å tillate tips om det berre fører til tap for verksemda.

«Dette vil i sin tur også kunne få konsekvenser for arbeidstakere, ved at flere virksomheter heller vil velge å nekte mottak av tips», skreiv han.

LO-advokat Håkon Angell har på si side ikkje noko tru på at arbeidsgivarane kjem til å forby tips dersom dei ikkje får lov til å trekke eigne kostnader frå tipsen.

– Vanlegast i låglønnsyrke

Han meiner ein vesentleg fordel med tips-ordninga for arbeidsgivarane er at den er ein del av inntekta til tilsette og dempar press på lønna for å rekruttere og halde på tilsette.

Han påpeikar også at:

 – Det er gjennomgåande der det blir gitt tips, at det er snakk om låglønnsyrke. Det er atskilleg meir følbart når arbeidsgivarar forsyner seg av inntekter som har stor betydning for tilsette, sa han til Magasinet på tampen av fjoråret.

Mykje lest: Avdekket mareritt på Stavanger-restaurant: – Det verste jeg har sett

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse