JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kleven i pengeknipe

Ordreboka er full, men Kleven Maritime må hente inn kapital for vidare drift.
TAP: Kleven Verft treng frisk kapital for å klare seg over bøygen. Dei økonomiske problema stammar mykje fra bygginga av det malaysiske skipet IES Energi i 2015. Det påførte Kleven-konsernet eit tap på 268 millionar.

TAP: Kleven Verft treng frisk kapital for å klare seg over bøygen. Dei økonomiske problema stammar mykje fra bygginga av det malaysiske skipet IES Energi i 2015. Det påførte Kleven-konsernet eit tap på 268 millionar.

Håvard Sæbø

has@lomedia.no

Klubbleiar Olav Høydalsvik meiner at media dei siste dagane har overdramatisert situasjonen noko, og har tru på at Kleven kjem velberga gjennom denne krisa og.

TOMT I KASSA: Kleven er ein av dei få stadane i Noreg der det framleis vert bygd store båtar, men no slit dei med likviditeten. Då adminstrerande direktør Ståle Rasmussen (t.v) for fire år sidan synte Arve Bakke rundt på verftet, såg alt lysare ut. Klubbleiar Olav Høydalsvik til høgre for Bakke.

TOMT I KASSA: Kleven er ein av dei få stadane i Noreg der det framleis vert bygd store båtar, men no slit dei med likviditeten. Då adminstrerande direktør Ståle Rasmussen (t.v) for fire år sidan synte Arve Bakke rundt på verftet, såg alt lysare ut. Klubbleiar Olav Høydalsvik til høgre for Bakke.

Håvard Sæbø

I verftsindustrien er det slik at båtane først vert betalt ved levering. No opplever Kleven at store kundar ber om utsetjing på båtar som er under bygging. Det slit på likviditeten til det familieeigde selskapet som dei to siste åra har hatt driftsunderskot på mest ein halv milliard kroner.

Må vente på betaling

– Me har hatt store utlegg på båtane, så det seier seg sjølv at det vert problem når kundane ber om seinare levering, seier klubbleiaren.

Lån frå tilsette

Kleven sit att med eit tap på over 250 millionar etter ein båt som ikkje vart betalt som den skulle i 2015. I juni kom det i stand ei ordning om frivillig trekk i lønn på fire prosent av brutto løn frå dei 730 tilsette. Dette skal gje Kleven 24 millionar i lån som skal betalast attende når verftet går i pluss att.

– Det monnar ikkje så mykje i den store samanhengen, men det er alt me tilsette kan bidra med no. Dette syner at me har tru på at det vil ordna seg, seier klubbleiaren, som har vore gjennom ein del tøffe tak sidan han starta ved Kleven i 1986.

Hurtigruter

Nett no sveisar Kleven skrog til den første av to hurtigruter. Den skal leverast i september neste år. Desse er dei første som vert til på den nye robotlinja for tynnsveis som Kleven har investert i for å hente arbeid heim frå Asia og Aust-Europa.

– Det vert både billegare å betre å gjere dette sjølve med desse robotane, seier Høydalsvik.

Problemet med desse hurtigrutene, som skal nyttast til ekspedisjonar, er at byggefinansieringa ikkje på plass. Dei skal leverast i 2018 og 2019.

Administrerande direktør Ståle Rasmussen seier til sysla.no at dei jobbar mykje med dette om dagen, og at dei er i ferd med å finne ei løysing.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse