JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
Far og sønn Stein og Lasse Asthøy. Båten Kårstein eller Al Awda (Tilbakevendingen på norsk) i bakgrunnen.

Far og sønn Stein og Lasse Asthøy. Båten Kårstein eller Al Awda (Tilbakevendingen på norsk) i bakgrunnen.

Tormod Ytrehus

Kokken Lasse kastar loss for å bryte blokaden av Gaza

Mykje takka vere fagrørsla, kan ein båt for første gong under norsk flagg segle mot Gaza, med mål om å bryte den israelske blokaden.
2018051114445420180514095349

tormod@lomedia.no

30. april sette båten Kårstein segl frå Bergen. Torsdag la den til kai i Oslo for nokre dagar, før den held fram den lange turen mot Gaza. Målet er å bryte den israelske maritime blokaden. Sjølv om det er lite truleg at det skjer.

– Folka som bur på Gaza lever under utruleg kummerlege forhold, og blokaden er berre med på å gjere det verre. Den løyser ingen problem. Ein må rett og slett vise motstand mot blokaden, og Ship to Gaza er ein god måte å gjere det på.

Det seier kokken Lasse Astøy, organisert i Fellesforbundet. Mens andre på hans alder kanskje bruker sommarferien på ein sydentur eller interrail, skal han bruke to månader på nettopp båten Kårstein.

– Det er hyggeleg å få gjort noko meir ut av ferien sin enn å berre sjå verda, seier han.

På Langkaia i Oslo tek han imot båten, som er innom på den lange vegen til Palestina. Han må innrømme at han ikkje er så rutinert på å feste fortøyingar. Men 28-åringen har sette sjøbein før, med førstegangsteneste som kokk i sjøforsvaret.

Han mønstrar på i Amsterdam i starten av juni og går av i Messina, Italia, i slutten av juli. Det blir nok ikkje åttetimarsdagar når han skal lage mat til mannskapet. Men det blir ein vant med når ein jobbar i restaurantbransjen, fortel han.

Lasse er kanskje også arveleg belasta, med ein far som tidlegare har jobba med palestinasaka i Fagforbundet.

– Eg har vore på Vestbredden ved eit par høve. Når du ser dei forholda folk lever under der, og kan tenke deg at det er enda verre i Gaza, så seier det seg sjølv at det er noko ein må gjere noko med, seier Lasse.

– Kvifor vekkar palestinasaka så stort engasjement i fagrørsla?

– Urettferda er valdsam. Det er ikkje mogleg å ikkje bli engasjert. Gaza er eit stengt område, med to millionar menneske på eit område like stort som Mjøsa. Innimellom blir dei myrda i tusenar. Det er ikkje mogleg å ikkje bli engasjert i det, svarer far Stein Asthøy.

Han trur folk som har vakse opp i Norge har godt av å få med seg at det finst mykje ålreite, fine menneske i andre delar av verda, som lever under veldig annleise kår enn vi gjer her heime.

– Det å møte, komme heim til og vere saman med dei, trur eg er veldig bra. Det er ikkje sånn som det er her i Norge overalt i resten av verda. Vi får for eksempel lov til å bevege oss fritt. Palestinarane vi kjenner i Ramallah får ikkje lov til å reise til Jerusalem – dei har ikkje pass til det. Dei blir ringa inn, låst inne, plaga, arrestert, fengsla og banka, seier Stein.

Lasse seier seg einig med faren.

– Det er som å besøke ei anna verd. Det å prøve å gå gjennom check point-en i Kalandia (en palestinsk by mellom Ramallah og Jerusalem, red.anm.), der du blir behandla nesten som kyr ... Det er noko heilt anna enn livet her heime. Det å faktisk sjå det, ikkje berre sjå det på tv – det er ei oppleving. Det set ting veldig i perspektiv, seier 28-åringen, som var på sin første tur til Vestbreidda då han var 18 år.

Lasse Asthøy tar imot båten Kårstein eller Al Awda (Tilbakevendingen på norsk) når den legg til kai i Oslo.

Lasse Asthøy tar imot båten Kårstein eller Al Awda (Tilbakevendingen på norsk) når den legg til kai i Oslo.

Tormod Ytrehus

Ship to Gaza Norway er ein del av den internasjonale koalisjonen Freedom Flotilla Coalition. Den norske organisasjonen vart starta for åtte år sidan, etter den første «fredsflotiljen».

Mange hugsar nok dei dramatiske hendingane som utspelte seg på den tyrkiske ferja Mavi Marmara, som deltok i flotiljen. Israelsk marine borda skipet og skaut med skarpt. Ni personar vart drepne med ein gong, og éin person døydde av skadane.

– Etter det vart det mykje merksemd rundt Freedom Flotilla og denne formen for solidaritetsarbeid, fortel Torstein Dahle, leiar i Ship to Gaza Norway.

LO-tillitsvalgte med på seilas til Gaza for å bryte den israelske blokaden

Sjølv om nordmenn har vore med på ekspedisjonar tidlegare, og mannskapet er internasjonalt, er det første gong eit skip seglar under norsk flagg i fredsflotiljen. Det er mykje takka vere fagrørsla.

– Støtte frå ulike delar av norsk fagrørsle har vore heilt avgjerande for at denne ekspedisjonen har komme i stand: dels gjennom økonomiske bidrag som er veldig viktig, men ikkje minst gjennom innsats på båten, seier Dahle.

Det er ein gammal båt, som måtte byggast om, og han fortel at folk frå forskjellige LO-forbund i Bergen la ned ein enorm innsats for å få båten klar. Fagforbundet har engasjert seg sterkt, og Fellesforbundets folk innanfor handverksfaga la ned mange dugnadstimar, fortel Dahle.

Og under dekk er det nettopp tre av Fellesforbundets medlemmer i Oslo som bruker Kristi himmelfartsdag på å gjere eit siste arbeid på båten.

Røyrleggarane Joakim Gjelstad og Magnus Hellstrøm i Rørleggernes Fagforening var ikkje i tvil når dei fekk spørsmål om dei ville bidra.

– Eg har alltid støtta palestinasaka, men har aldri eigentlig kunna bidra med så mykje. Når vi endeleg kan bidra med noko ordentleg og handfast, så stiller eg sjølvsagt opp, seier Magnus, som til dagleg jobbar i Vangsøy Rørteknikk.

– Det har alltid vore ein kampsak. Men det har vore vanskeleg å stille opp med noko konkret. Så dette var ein god sjanse til å bidra med noko, legg Joakim til, som er tilsett hos NRA Øst.

Men kvifor i alle dagar skal ei fagforeining bry seg om palestinasaka? Spørsmålet får Joakim og Magnus til å tenne.

– Om du spør om det, må du spørre deg om kva som er greia med ei fagrørsle. Det har alltid vore at ein skal styrke fellesskapet og internasjonal solidaritet. Å vere med i ei fagforeining handlar ikkje berre om å hjelpe seg sjølv personleg, men om å hjelpe alle som treng det, svarer Joakim kontant.

– Solidaritet med dei svakaste i samfunnet, at alle skal stå saman mot overgriparane og dei som øydelegg for vanlege folk – det er det fagrørsla handlar om, legg Magnus til.

Og det er ikkje store summar av foreininga si kassa dei bruker – det er først og framst arbeidskraft dei bidrar med.

Magnus Hellstrøm, Petter Thoresen og Joakim Gjelstad, fra Rørleggernes Fagforening Fellesforbundet Avdeling 605 i Oslo, gjer eit siste arbeid på båten.

Magnus Hellstrøm, Petter Thoresen og Joakim Gjelstad, fra Rørleggernes Fagforening Fellesforbundet Avdeling 605 i Oslo, gjer eit siste arbeid på båten.

Tormod Ytrehus

– Norsk fagrørsle er flinke til å løyve pengar. Det er veldig bra. Men det blir litt sånn at du gir pengar og så er du ferdig med det. Eg synest det er viktigare å gjere eit handslag som er heilt reelt – ein dag eller to der ein jobbar – sånn som gutane gjer her no. Pengane er sjølvsagt viktig, men eg trur det viktigaste er engasjementet.

Det seier Petter Thoresen, organisert i same avdeling, som er på båten for å gjere snekkararbeid. Han er ikkje ukjent med palestinasaka, som fleirårig fagleg leiar i Palestinakomiteen, og har fleire gongar organisert faglege studieturar til Palestina.

– Folk har kanskje kjennskap til muren, men ikkje til situasjonen for våre arbeidskameratar i Palestina, seier Petter.

– Du kan tenke deg om desse gutane hadde vore med ned og sett sjølv korleis forholda er for folk som er i samme jobb som dei. Då blir det lettare å få til eit engasjement her heime. I staden for at vi berre løyver nokre kroner eller vedtek alskens friske utspel på eit årsmøte.

Magnus og Joakim er absolutt ikkje framand for tanken.

– Eg har hatt lyst til å dra til Palestina lenge. Eg har fleire kompisar som har vore der. Det er nok berre det å få ut fingaren eller at anledninga byr seg, seier Magnus.

Palestinakomiteen organiserer minst ein studietur i året, der dei tek med seg norsk fagrørsle, gjerne på klubb- og foreiningsnivå, for å sjå korleis forholda er for arbeidsfolk og fagrørsla i Palestina.

Og forholda er «heilt jævlege».

– Noko av det dei slit med, er at fagrørsla i Palestina er deskreditert av leiinga i fagforeiningane, seier han og viser til tiltalen mot leiaren i palestinsk LO.

– Det er rett og slett korrupsjon og tjuveri. Det gjer ikkje akkurat arbeidet lettare. Folk seier at dei berre meler si eiga kake, både økonomisk og politisk, og at dei gir faen i vanlege arbeidsfolk. Og det er jo delvis riktig. Vi forheld oss meir til grunnplanet, som slit med omdømmet fagrørsla har hos vanlege folk.

LO-lederen i Palestina er tiltalt for økonomiske misligheter

Petter fortel om ein arbeidssituasjon som er så vanskeleg at folk har vanskar med å betale kontingent, og om hyppige jobbskifte.

– Du kan vere røyrleggar, så kan du køyre litt taxi, så jobbar du på bakeri og så jobbar du på byggeplassar i Israel. Det er vanskeleg å få seg jobb og vanskeleg å få endane til å møtest, seier han.

Og dei som får løyve til å jobbe i Israel, har store utfordringar når dei skal komme seg på jobb. Dei faglege studieturane besøker overgangar frå Vestbreidda til Israel på studieturane, fortel Petter.

– Dei kjem tidleg, tidleg om morgonen, i fire–fem-tida. Sjølv om dei i utgangspunktet har blitt godkjent, må dei stå i lange køar for å få løyvet til å jobbe i Israel kontrollert. På andre sida blir dei plukka opp, begynner å jobbe i sjutida, har ein lang dag, før dei må returnere same vegen. Og så er det på nytt igjen dagen etter. Dei har nok eit semmert sosialt liv, seier han oppgitt.

– Om ein har eit foreiningsmøte og bevilgar 10 000 eller 100 000 kroner, er det veldig bra. Men det forpliktar ikkje. Det å komme hit og jobbe forpliktar, seier Petter Thoresen (midten) frå Rørleggernes Fagforening. Magnus Hellstrøm til venstre og Joakim Gjelstad til høgre.

Det kan bli nokre år til Petter er tilbake i Palestina. I fjor vart han nekta innreise og deportert frå Israel. Han fekk beskjed om at han ikkje treng å prøve å reise inn på ei stund. Tidlegare i år vart også hovudtillitsvalt i Tine Meierier, Mohammed Malik, nekta innreise og deportert på ein fagleg studietur.

– Men det har jo ei side det også. Det kan vere ein vekkar for mange å lese om at ufarlege nordmenn ikkje får reise inn. Det seier meir om staten Israel enn oss, for å seie det sånn, seier Petter.

Israel deporterte LO-tillitsvalgte

Det er nettopp mediemerksemd som er mykje av formålet med seilasen til Palestina.

– Målet vårt er å bringe Gaza fram i dei internasjonale media og inspirere folk i dei hamnene vi besøker, seier Ship to Gaza-leiar Torstein Dahle.

Særleg vil dei rette søkelyset mot dei daglege angrepa mot fiskarane i Gaza, fortel han.

– Israelsk marine skyt dagleg mot fiskarane i Gaza. Dei skyt ikkje for å drepe, men for å terrorisere. Dei konfiskerer også fiskebåtar. Dei har klart å stort sett øydelegge fiskerinæringa i Gaza, som er ei viktig og tradisjonsrik næring, seier han.

– Poenget er å øydelegge Gaza som eit sjølvstendig samfunn, som kan utvikle sine eigne ressursar og bruke si eiga arbeidskraft til å skape eit godt liv, seier Dahle.

Båten Kårstein er ein fiskebåt som organisasjonen skal dei gi til palestinarane i Gaza, om dei lykkest i å bryte blokaden. Dei kallar den Al Awda (Tilbakevendingen på norsk) i høve turen. Namnet er ei støtte til dei vekentlege demonstrasjonane, den såkalla «Great March of Return», som tusenvis av innbyggarar i Gaza har delteke i.

Kravet om at palestinarane skal få vende tilbake er særleg aktuelt akkurat i år, 70 år etter det palestinarane kallar «Nakba» (katastrofen på norsk).

– Det er perioden palestinarane, med brutal vald og store tap, vart drivne ut av område der dei hadde budd i mange, mange generasjonar – som var deira land rett og slett. Fleirtalet i Gaza er jo flyktningar og har familie som vart drivne ut av det som vart til Israel, seier Dahle.

Mannskapet markerer Nakba-dagen 15. mai i Gøteborg, der dei foreinar seg med dei tre svenske båtane som utgjer resten av flotiljen.

– Av og til seier folk at dette er heroisk gjort og sånt noko. Men som kapteinen vår seier, så er det vi opplever for så vidt ikkje noko i forhold til kva palestinarane opplever dagleg, seier Torstein Dahle, leiar i Ship to Gaza Norway.

Ship to Gaza Sweden stiller mannssterke og har ein meir aktiv historie enn søsterorganisasjonen i Norge. I 2012 vart den svenske båten Estelle konfiskert av israelsk marine. Ein norsk politikar var blant mannskapet og dei arresterte. Israelsk høgsterett avgjorde seinare at båten skulle bli returnert. Det skjedde ikkje, men organisasjonen fekk ei økonomisk erstatning i staden.

Båten Zaytouna-Oliva, frå organisasjonen Women's Boat to Gaza, var den førre båten som vart borda i internasjonalt farvatn og konfiskert av marinen. Ombord var 13 kvinner frå seks kontinenter – blant dei ein nordmann og ein nobelprisvinnar – som alle vart fengsla og deportert.

Sidan Mavi Marmara for åtte år sidan, har ingen deltakarar i fredsflotiljene blitt drept eller alvorleg skada av israelsk marine. Dei held seg til elektrosjokk-våpen.

– Dei har nok prøvd å unngå å ta livet av nokon, fordi dei veit at det fungerer dårleg for Israel internasjonalt. Det førte til omfattande diplomatiske problem, og dei tapte mykje på at dei gjekk så brutalt til verks. Dei er jo brutale mot palestinarane, men det svarer seg ikkje å vere like brutale mot oss.

Verken Dahle eller kokken Lasse skal vere med på den siste etappen.

– Det er stor kamp om plassane der. Vi er tretten land som er med, og kvart land vil gjerne ha ein representant ombord. Det vil vi gjerne få til, for det er viktig at det er folk i mange land som kjenner seg berørt om noko skjer, seier Dahle og legg til at den tidlegare sprintløparen Gerd von der Lippe er ein av dei norske som deltek det siste stykket.

På turen nedover Europa skal ekspedisjonen stoppe i forskjellige hamner og delta på arrangement i samarbeid med lokale palestinaorganisasjonar. For på denne reisa er nok reisa sjølve målet. Det er nemleg svært lite sannsynleg at båten klarer å bryte gjennom blokaden og legge til kai i Gaza.

Likevel har Lasse tru på at det nyttar.

– Det er framleis ei viktig symbolhandling, for å vise at verdssamfunnet er ueinig og at situasjonen i Gaza ikkje er akseptabel. Vi prøver å få lagt mest mogleg press på myndigheitene rundt om kring i verda, til å påverke sånn at ein får heva blokaden. Då hjelper det ikkje å sitte heime. Noko må gjerast, seier han.

Båten Kårstein, eller Al Awda, skal segle rundt Gibraltar saman med den største av dei svenske båtane i flotiljen. Dei to små båtane seglar gjennom dei europeiske kanalane.

Båten Kårstein, eller Al Awda, skal segle rundt Gibraltar saman med den største av dei svenske båtane i flotiljen. Dei to små båtane seglar gjennom dei europeiske kanalane.

Tormod Ytrehus

{"406751":{"type":"m","url":"/image-3.406751.52798.9419374dc0","cap":"Båten Kårstein eller Al Awda (Tilbakevendingen på norsk) legg til kai i Oslo, på turen som starta i Bergen og skal ende opp i Gaza.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"406760":{"type":"s","url":"/image-3.406760.52798.630695019d","cap":"– Om ein har eit foreiningsmøte og bevilgar 10.000 eller 100.000 kroner, er det veldig bra. Men det forpliktar ikkje. Det å komme hit og jobbe forpliktar, seier Petter Thoresen (midten) frå Rørleggernes Fagforening. Magnus Hellstrøm til venstre og Joakim Gjelstad til høgre.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"406766":{"type":"s","url":"/image-3.406766.52798.3e0118a84a","cap":"Magnus Hellstrøm, Petter Thoresen og Joakim Gjelstad, fra Rørleggernes Fagforening Fellesforbundet Avdeling 605 i Oslo, gjer eit siste arbeid på båten.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"406768":{"type":"s","url":"/image-3.406768.52798.8526248bd6","cap":"– Av og til seier folk at dette er heroisk gjort og sånt noko. Men som kapteinen vår seier, så det vi opplever er for så vidt ikkje noko i forhold kva palestinarane opplever dagleg, seier Torstein Dahle, leiar i Ship to Gaza Norway.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"406773":{"type":"s","url":"/image-3.406773.52798.bbf6c31856","cap":"Lasse Asthøy tar imot båten Kårstein eller Al Awda (Tilbakevendingen på norsk) når den legg til kai i Oslo.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"tittel":{"color":"#ffffff","fontsize":"84","bgc":"#ffffff","bgo":"1","bgh":"100%","pos":"1","shadow":true},"extrafiles":{"js":"","css":""},"fb":[{"type":"f3","title":"Fakta om Gaza","closed":true,"place":"Han trur folk som har vakse opp i Norge "},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""}],"si":[{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""}],"us":[{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""}],"lpage":{"exist":false,"color":"#000000"},"cpage":{"iscpage":false,"mpage":""}}

Fakta om Gaza

• Gazastripa er på størrelse med Hamar kommune og heim for om lag 2 millionar palestinarar. 1,3 millionar av dei er registrert som flyktningar eller etterkommarar av palestinarar som vart drivne på flukt då staten Israel vart oppretta i 1948.

• Området vart okkupert av Israel under seksdagarskrigen i 1967, men gitt tilbake til palestinarane i 2005. Israel kontrollerer framleis luftrommet og kysten utanfor, samt grensa med unntak av Rafah-overgangen til Egypt.

• I 2006 vann den islamistiske rørsla Hamas valet i dei palestinske områda, men fekk ikkje kontroll over dei Fatah-kontrollerte sikkerheitsstyrkane på Gazastripa.

• I 2007 kom det til væpna strid som enda med at Hamas jaga dei palestinske sikkerheitsstyrkane ut av enklaven.

• Israel innførte etter dette ein streng blokade av området, og væpna palestinske grupper har svart med å skyte tusenvis av heimelagde rakettar mot det sørlege Israel.

• Israel har det siste tiåret gjennomført tre store militæroffensivar mot enklaven, som har kosta tusenvis av palestinarar livet og forårsaka store materielle øydeleggingar.

• Enklaven er no utan elektrisitet store delar av døgnet, 95 prosent av vatnet er udrikkeleg og offentlege tenester blir stadig dårlegare.

• Arbeidsløysa er på rundt 50 prosent, og 80 prosent av innbyggarane er avhengige av matvarehjelp utanfrå.

• Palestinarane sin president, Fatah-leiar Mahmoud Abbas, oppløyste den Hamas-dominerte regjeringa, men Hamas held fram å styre på Gazastripa.

Kjelde: NTB