JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnskompensasjon:

Korona-lønn frå Nav: No kan du søke sjølv

Mange arbeidsgivarar har framleis ikkje søkt lønnskompensasjon for permitterte tilsette.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

tormod@lomedia.no

Onsdag seier Nav at permitterte sjølv kan søke om lønnskompensasjon gjennom ei digital løysing. Dette er ei utbetaling tilsvarande 18 dagar full lønn.

– I tillegg jobbar vi med å lage eit søknadsskjema på papir for arbeidstakarar som ikkje er digitale, seier beredskapsleiar Yngve Åsholt til Dinside som først melde om saka.

Overfor nettavisa anslår han at mellom 20.000 og 70.000 permitterte framleis ikkje har fått utbetalt lønnskompensasjon.

Lønnskompensasjonen har arbeidsgivarar kunne søke sidan starten av juni. Nav skulle seinare komme med ei løysing der permitterte sjølv kunne søke dersom arbeidsgivar ikkje gjorde jobben.

Les også: Kantinetilsette fekk altfor lite i korona-lønn: – Eg trur ikkje alle sjekkar dette

Allereie for to veker sidan opna Nav for at permitterte kunne søke om lønnskompensasjon dersom arbeidsgivar hadde meldt inn permitteringa gjennom den såkalla a-meldinga til Skatteetaten.

Samtidig offentleggjorde dei ei oversikt over bedriftene som har søkt for dei tilsette. 72.000 bedrifter har så langt søkt lønnskompensasjon for 382.000 permitterte, ifølge oversikta. Nav har utbetalt til saman 7,7 milliardar kroner.

Lønnskompensasjonen skulle eigentleg vore klar i mai, men vart forseinka. Grunnen er at Nav ikkje klarte å berekne kor mykje permitterte skulle ha utbetalt ut frå opplysingane i a-meldinga.

I staden for at permitterte sjølv søker, utvikla Nav ei løysing der arbeidsgivarar rapporterer inn informasjonen som manglar.

Les også: Permitterte Torill vakna opp til ei månadslønn frå Nav på kontoen

Stortinget vedtok lønnskompensasjonen allereie 20. mars. Samtidig reduserte dei perioden arbeidsgivar skal betale full lønn til permitterte, frå 15 til to dagar. Ordninga omfattar dei som er ramma av denne endringa.

Dette bør du ha klart før du søker:

Permitteringsvarsel frå arbeidsgivar

Oversikt over kor mykje du har jobba utover permitteringsgraden kvar dag i perioden

Oversikt over fråver i perioden, eller om du har fått andre ytingar som for eksempel sjukepengar eller omsorgspengar

Oversikt over inntekta di dei tre siste månadene før permittering

Oppdatert kontonummeret ditt på nav.no/kontonummer¨

Sjekka skattetrekket ditt på nav.no/skatt

Kjelde: nav.no

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Dette bør du ha klart før du søker:

Permitteringsvarsel frå arbeidsgivar

Oversikt over kor mykje du har jobba utover permitteringsgraden kvar dag i perioden

Oversikt over fråver i perioden, eller om du har fått andre ytingar som for eksempel sjukepengar eller omsorgspengar

Oversikt over inntekta di dei tre siste månadene før permittering

Oppdatert kontonummeret ditt på nav.no/kontonummer¨

Sjekka skattetrekket ditt på nav.no/skatt

Kjelde: nav.no