JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Metoo i Høgsterett:

Kva er seksuell trakassering? No kjem metoo-dommen frå Høgsterett

Saka kan få stor betydning for korleis arbeidstakarar, arbeidsgivarar, Diskrimineringsnemnda og domstolane behandlar framtidige saker om seksuell trakassering.
Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Gorm Kallestad / NTB

tormod@lomedia.no

Tysdag og onsdag har Høgsterett hatt rettsmøte om to saker som skal avgjere kva som er seksuell trakassering og kor grensa går.

– Metoo har belyst seksuell trakassering som eit stort samfunnsproblem, men ikkje kva som rettsleg sett er seksuell trakassering, seier LO-advokat Tina Storsletten Nordstrøm til Magasinet for fagorganiserte.

Ho har ført sakene for ein ung kvinneleg industrimekanikar på ein mannsdominert arbeidsplass, som gjekk til sak mot arbeidsgivar og to eldre mannlege kundar i 2018. Kravet er erstatning og oppreising for seksuell trakassering.

Les mer: Kvinne (22) saksøkte arbeidsgivar og kundar for seksuell trakassering. No skal saka til Høgsterett

Hendene under genseren

Ein av kundane vart frifunne i både Senja tingrett og Hålogaland lagmannsrett i 2019, og kvinna anka saka til Høgsterett.

Då kvinna var på kne og arbeidde på ei kran, kom mannen bakfrå og la hendene sine på berr hud under genseren. Ho reiste seg då og gjekk. Då kvinna ein annan gong gjekk ut av pauserommet, skal mannen ha strekt ut ei hand og lata som han ville ta ho i skrittet.

Lagmannsretten meiner den første hendinga ikkje kan karakteriserast som seksuell merksemd og viser til at kvinna ikkje sa noko i situasjonen, mens den andre hendinga ikkje var alvorleg nok i seg sjølv til å innebere seksuell trakassering.

Bokanmeldelse: #Metoo – nok en gang

Kiling og klaps på rumpa

Den andre mannen vart dømt for seksuell trakassering i begge domstolar, og anka saka til Høgsterett.

Mannen oppsøkte og følgde etter kvinna då han var på verkstaden. Fleire gongar stakk han fingrane inn i midja hennar og kilte henne. Kvinna bad han slutte, men mannen haldt fram. Han klappa også kvinna på baken då dei passerte kvarandre i døra på butikken, etter at bedrifta bad han om å ikkje oppsøke kvinna.

Mannen vart dømt til å betale oppreising og erstatning for tapt inntekt til kvinna som slutta i jobben i 2018 etter fleire sjukemeldingar.

Les mer: Seksuell trakassering må inn i tariffavtalene, konkluderer svensk rapport

Viktig signal til kvinner

Så mykje som 13 prosent av kvinnene i aldersgruppa 18 til 24 opplever uønskt seksuell merksemd på arbeidsplassen ein gong i månaden eller oftare, påpeikar LO-advokat Nordstrøm.

– Det er viktig å vise unge kvinner at dei har et vern mot seksuell trakassering, og at dei ikkje treng å akseptere uønskt seksuell merksemd. Vi håpar på ein dom i vår favør og trur at ein sånn dom vil gi eit viktig signal til kvinner og på sikt vere med å endre haldningar.

– Eg vil skryte av min eigen klient som ikkje har mykje å tene på dette. Erstatningsbeløpa er låge, men ho har stått i dette over fleire år og meint at ho har gjort noko viktig for rettferda. Ho er tøff, legg Nordstrøm til.

Mye lest: Almira gjemmer seg på badet hver morgen for at sønnen (6) skal tro hun har dratt på jobb

Seksuell merksemd

Den gamle likestillingslova gjeld for perioden hendingane skjedde, men den nye likestillings- og diskrimineringslova som trådde i kraft i 2018 har vidareført forbodet mot seksuell trakassering og definisjonen.

Seksuell trakassering er «einkvar form for uønskt seksuell merksemd som har som formål eller verknad å vere krenkande, fiendtleg, nedverdigande eller plagsom».

I Høgsterett tysdag og onsdag, stod striden om hendingane kunne karakteriserast som seksuell merksemd eller ikkje.

Viktig for bedriftene

Advokat Nikolay Skarning i advokatfirmaet Kvale førte saka for mannen som vart frifunne i lagmannsretten.

– Det blir nyttig å få ein avklaring på kva som fell innanfor og utanfor omgrepet seksuell trakassering, for heile arbeidslivet og for bedriftene når dei skal ta stilling til handteringa av sånne saker, både gjennom etiske retningslinjer og oppfølginga av sakene i praksis, seier Skarning til Magasinet.

Les også: Her forteller kvinner i fagbevegelsen om hvordan de ble seksuelt trakassert

Diskrimineringsnemnda

LO-advokat Nordstrøm har tidlegare sagt til Magasinet at dommen kjem til å bli viktig for Diskrimineringsnemnda som frå 1. januar fekk moglegheit til å behandle klagar om seksuell trakassering, som eit kostnadsfritt lågterskeltilbod utanom domstolane.

Også Skarning trur dommen får stor betydning for korleis nemnda behandlar klagane. Det same seier Jan-Erik Sverre i advokatfirmaet Kvale, rettsleg medhjelpar for mannen som vart dømt i lagmannsretten.

– Saka gir uttrykk for at det er ueinigheit om kor vidt vernet mot seksuell trakassering rekk, og då er det nyttig at Høgsterett gir ei rettleiing, seier Sverre til Magasinet.

Lærdommar

Skarning meiner det er fleire lærdommar å trekke av denne saka for arbeidsgivane som har ein lovfesta plikt til å førebygge og hindre seksuell trakassering:

– Der det er skeiv kjønnsfordeling må bedriftene vere merksame på det og ha ein aktiv inkluderingspolitikk. Dei må sjå på behova til det underrepresenterte kjønn, kartlegge risikoen for diskriminering og passe på at det underrepresenterte kjønn er tatt godt nok vare på i arbeidsmiljøet, seier han.

Arbeidsgivaren til kvinna vart i lagmannsretten dømt til å betale erstatning på 36.000 kroner for tapt inntekt, men frifunne frå kravet om oppreising. Ingen av partane anka.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse