JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Seksuell trakassering opp i Høgsterett:

Kvinneleg mekanikar fekk to kundar dømt for tafsing, kiling og klaps: – Dommen har sett ein standard

Det straffar seg å trakassere seksuelt. Fellesforbundet vil få bort siste rest av ukultur i mannsdominerte bransjar, og ombod Hanne Bjurstrøm ber arbeidsgivarane skjerpe seg.
SEKSUELL TRAKASSERING: Den eine kunden klapsa kvinna på rumpa då dei møttest på butikken, etter å ha fått beskjed av både kvinna og arbeidsgivaren hennar om at han skulla halde seg unna.

SEKSUELL TRAKASSERING: Den eine kunden klapsa kvinna på rumpa då dei møttest på butikken, etter å ha fått beskjed av både kvinna og arbeidsgivaren hennar om at han skulla halde seg unna.

Colourbox

tormod@lomedia.no

I slutten av desember kom den såkalla metoo-dommen frå Høgsterett, som drøftar grensene for lovforbodet mot seksuell trakassering i likestillings- og diskrimineringslova. Tidlegare har det vore få rettsavgjerder å legge til grunn i sånne saker.

Tafsing, kiling og klaps

Ein ung, kvinneleg industrimekanikar vann fram og fekk medhald i at to eldre, mannlege kundar har brote lovforbodet mot seksuell trakassering og må betale til saman 35.000 kroner i oppreising.

Handlingane går blant anna ut på tafsing under genseren, kiling og klaps på rumpa. Høgsterett slår fast at hendingane oppfyller vilkåra for seksuell trakassering, altså seksuell merksemd som er uønskt og plagsom.

Arbeidsgivaren vart i lagmannsretten dømt til å betale 36.000 kroner i erstatning for tapt inntekt til kvinna som slutta i jobben, etter for dårleg handtering av saka. Bedrifta anka ikkje.

Bakgrunn: Kva er seksuell trakassering? No kjem metoo-dommen frå Høgsterett

Viktig dom

Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm seier til Magasinet for fagorganiserte at ho er glad for dommen.

– Det er eit signal til arbeidsgivarane om at dette må ein ta veldig alvorleg og at det har konsekvensar å ikkje førebygge seksuell trakassering. Det er også eit signal til personane som opplever seksuell trakassering, om at ein bør og skal seie frå, seier Bjurstrøm.

Saka held fram under bildet.

Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm.

Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm.

Martin Guttormsen Slørdal

Diskrimineringsnemnda

Dommen er også viktig for Diskrimineringsnemnda som i fjor fekk myndigheit til å avgjere desse sakene, som eit kostnadsfritt lågterskeltilbod utanom domstolane.

– Samtidig er dommen tydeleg på at ein må gjere ei individuell vurdering i kvart tilfelle i forhold til kontekst og situasjon, seier Bjurstrøm.

Arbeidsgivars ansvar

Bjurstrøm er usikker på om det no kjem til å bli lettare å seie frå i og med at metoo-debatten allereie har rast i tre år, men understrekar:

– Vi har fått ein rettskraftig dom som er veldig tydeleg på arbeidsgivar sitt ansvar for å førebygge, at dei har erstatningsansvar dersom dei ikkje gjer det og at kundeforhold også er ramma av forbodet.

Ho seier arbeidsgivarane må undersøke risiko for seksuell trakassering, og at dei må samarbeide med fagforeiningane for å forankre arbeidet og sette det høgt på agendaen.

Fekk du med deg denne? Sjefen ble forelsket i Kathrine. Hun avviste ham og ble sagt opp

Synleggjere dommen

Kvinna er medlem i Fellesforbundet og forbundet har vore partshjelpar i retten. Forbundssekretær Steinar Krogstad meiner dommen er viktig for arbeidet mot seksuell trakassering i arbeidslivet.

– No må den synleggjerast sånn at både arbeidstakarar og arbeidsgivarar kjenner til dommen og kor grensene går, seier han til Magasinet.

Saka held fram under bildet.

Forbundssekretær Steinar Krogstad i Fellesforbundet.

Forbundssekretær Steinar Krogstad i Fellesforbundet.

Tormod Ytrehus

Rekruttere kvinner

Saman med NHO-foreiningane jobbar forbundet med rekruttering av kvinner til den mannsdominerte industrien og byggebransjen som manglar arbeidskraft.

– Vi kjenner til at mannsdominerte yrke har hatt eit historisk machoimage og ei haldning om at yrka ikkje passar for kvinnfolk. Vi har ein jobb å gjere for å legge til rette for damer, både fysisk tilrettelegging og endring av kultur, seier Krogstad.

– Eg meiner også at arbeidsmiljøet blir betre med eit mangfald, understrekar han.

Menn må seie frå

Også ombod Bjurstrøm påpeikar at jentene må kjenne seg velkommen. Ho meiner ein må lage eit arbeidsmiljø der det er naturleg og ukomplisert for menn å reagere på oppførselen til mannlege kollegaer.

Krogstad seier veldig mange bransjar og bedrifter har gjort eit godt arbeid med å få bort sjåvinistisk prat, nakenkalendrar og klaps på rumpa.

– Men det overlever enkelte plassar, og då er det viktig at vi slår ned på det. No har dommen sett ein standard, og vi kan få bort siste rest av ukulturen, slår han fast.

Råd til arbeidstakarar:

Arbeidstilsynet har følgande råd til arbeidstakarar:

1 Sei frå til leiaren din dersom du sjølv blir utsett for seksuell trakassering eller ser andre bli det. Dersom leiaren trakasserer, bør du varsle verneombod og tillitsvald eller leiarar lenger opp i systemet.

2 Spør etter informasjon om rutiner for å varsle om seksuell trakassering. Det er viktig at arbeidsplassen har gode rutiner for å varsle om seksuell trakassering.

3 Spør om opplæring i handtering av seksuell trakassering dersom bedrifta har avdekt fare for at trakassering kan skje på arbeidsplassen din.

Seksuell trakassering

Seksuell trakassering er ifølge likestillings- og diskrimineringslova paragraf 13 «enhver form for uønsket seksuell oppmerksomhet som har som formål eller virkning å være krenkende, skremmende, fiendtlig, nedverdigende, ydmykende eller plagsom».

Seksuell trakassering er forbode etter arbeidsmiljølova paragraf 4-3, og i likestillings- og diskrimineringslova er det eit spesielt vern mot denne trakasseringa. Arbeidsgivar har plikt til å førebygge, undersøke og følge opp desse sakene.

Den som har blitt utsett for seksuell trakassering, kan krevje erstatning og oppreising ved å reise sak for domstolen eller klage til Diskrimineringsnemnda. Seksuell trakassering kan også vere straffbart etter straffelova.

Kjelde: Arbeidstilsynet og lovverket

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse