JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lærlingar i koronakrisen:

Lærlingar får framleis dagpengar

Regjeringa har forlenga den mellombelse inntektssikringa for lærlingar ut mars neste år.
Arkivfoto.

Arkivfoto.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Ei mellombels inntektssikrings-ordning har frå 20. mars gjort at lærlingar har fått dagpengar frå Nav også om dei har tent mindre enn kravet.

Føresetnaden er at dei har blitt permittert eller mista læreplassen under koronapandemien og held fram med utdanninga.

Dette er ei ordning Stortinget bad regjeringa få på plass i vår.

Ordninga skulle bli avvikla frå 1. november for dei som ikkje allereie er permittert eller har mista læreplassen, men fredag trådde ei forskriftsendring i kraft som forlenger den frå same dato.

Forsker: – Hvis inntaket av lærlinger er dødt i ett eller to år, får det drastiske konsekvenser

Nye smitteverntiltak

Talet permitterte lærlingar var i mars oppe i 4.400 på det meste, ifølge Utdanningsdirektoratet sine tal frå fylkeskommunane.

Restaurant- og matfag har og har hatt flest permitterte, på det meste over 1.000 lærlingar i den første smittebølga.

Arbeidsgivarane i hotell- og restaurantbransjen har derfor vore bekymra for permitterte lærlingar etter dei nye smitteverntiltaka, og har overfor regjeringa etterlyst forlenginga av inntektssikrings-ordninga.

– NHO Reiseliv er opptatt av at dei som er i gang med eit utdanningsløp må sikrast gjennom krisa, sånn at dei får fullført læretida og oppnår fagbrev. Vi er derfor glad for at denne ordninga no held fram, seier politisk rådgivar Ingrid Gauden og viser til behovet for faglærte kokkar og servitørar.

Krisen: Et helt kull med lærlinger er i ferd med å falle ut. Dette krever LO og NHO at regjeringen gjør

Bedriftene må ta tak

Forbundssekretær Per Skau seier Fellesforbundet er glad for at ordninga er forlenga.

– Lærlingane er sårbare og vårt viktigaste rekrutteringsgrunnlag. Vi ser at den andre bølga av korona særleg har gjort vondt verre for reiseliv, hotell- og restaurant, og derfor er det viktig å sikre lærlingane eit inntektsgrunnlag, seier han og understrekar:

– Samtidig er det vel så viktig å sørge for at dei kjem i ein opplæringssituasjon så raskt som mogleg. Derfor må dette sjåast i samanheng med andre tiltak for å få bedriftene til å ta eit ekstra tak for å ta inn lærlingar, utdanningspolitikken og ikkje minst næringspolitikken.

Les også: Dina, Lukas og Mathias hadde lærlingplass. Så kom korona

Skal vare ut mars

Forlenginga av ordninga er ein del av budsjettavtala mellom regjeringspartia og Frp frå midten av november. Dei er einige om at ordninga skal vare ut mars 2021, etter at partia seinast ein knapp månad tidlegare hadde vedtatt å avvikle den.

– Situasjonen er no ei ny oppblomstring av smitte, og det er lite som tydar på at verda er tilbake til normalen i løpet av dei første månadene. Vi kjem til å jobbe for ei vidare forlenging dersom dette held fram, seier arbeidslivs-politikar Erlend Wiborg i Frp.

– Det handlar om å gi lærlingane meir føreseielegheit i ein vanskeleg situasjon der dei er i starten av arbeidslivet sitt, seier han.

Mye lest: Renholder Grethe har Tourettes og ble sagt opp av ISS: – De ville ha meg ut fra dag én

Dette er reglane

Lærlingane har eigne dagpenge-satsar på 100 prosent av delen lærlinglønn opptil 152.000 kroner (1,5 G) og 62,4 av delen opptil 608.000 (6 G).

Dagpengane blir berekna ut frå lønna lærlingen hadde då han eller ho vart permittert eller mista læreplassen, ikkje inntekta dei siste tolv månadene eller snittet dei siste 36 som for andre arbeidstakarar.

Pengane blir dessutan utbetalt frå lærlingen er permittert eller har mista læreplassen, ikkje frå tidspunktet ein søker.

Også for lærlingane blir dagpengane delvis redusert dersom lærlingen er delvis permittert, og dei kan få pengane i inntil 52 veker.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Dette er reglane

Lærlingane har eigne dagpenge-satsar på 100 prosent av delen lærlinglønn opptil 152.000 kroner (1,5 G) og 62,4 av delen opptil 608.000 (6 G).

Dagpengane blir berekna ut frå lønna lærlingen hadde då han eller ho vart permittert eller mista læreplassen, ikkje inntekta dei siste tolv månadene eller snittet dei siste 36 som for andre arbeidstakarar.

Pengane blir dessutan utbetalt frå lærlingen er permittert eller har mista læreplassen, ikkje frå tidspunktet ein søker.

Også for lærlingane blir dagpengane delvis redusert dersom lærlingen er delvis permittert, og dei kan få pengane i inntil 52 veker.