JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjeret:

LO-leiaren besøkte streikande bussjåførar: Ein rettferdig streik

Ansvaret for buss-streiken kviler på arbeidsgivarane sine skuldrer, meiner LO og Fellesforbundet.
ANSVAR: Arbeidsgivarane må ta ansvaret for at det vart streik, meiner Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum og LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen. Måndag møtte dei streikande bussjåførar i Unibuss avdeling Alnabru i Oslo.

ANSVAR: Arbeidsgivarane må ta ansvaret for at det vart streik, meiner Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum og LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen. Måndag møtte dei streikande bussjåførar i Unibuss avdeling Alnabru i Oslo.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

ALNABRU/OSLO: Måndag ettermiddag fekk streikevaktene på Unibuss avdeling Alnabru besøk av LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen og Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum.

LO-sjefen møtte opp for å forsikre om at dei streikande bussjåførane har heile hovudorganisasjonen i ryggen. Han kallar streiken rettferdig.

– Dette er ei yrkesgruppe som har blitt hengande etter lønnsmessig og som utfører ei utruleg viktig oppgåve for oss alle i samfunnet. Dei får barna våre til skolen, pendlarar til jobben og står på for å binde infrastrukturen saman, seier Hans-Christian Gabrielsen til Magasinet for fagorganiserte.

Les også: Her streikar 4.500 bussjåførar frå laurdag

Kjenner på alvoret

I helga kan dei 3.800 streikande bussjåførane i Oslo og Viken få med seg ytterlegare 4.500 i streik rundt om i landet.

Fellesforbundet, Fagforbundet, Jernbaneforbundet og Yrkestrafikkforbundet har nemleg varsla opptrapping av streiken kommande laurdag.

– Vi ønsker at NHO Transport kjenner på alvoret og kjem til forhandlingsbordet sånn at vi får fullført, seier Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum til Magasinet.

Saka held fram under bildet.

STREIKEVAKT: Jeylani Muhuyadiin og streikevaktene på Alnabru streikar for første gong. Han beklagar streiken, men seier dei ikkje gjer seg før dei får gjennomslag for kravet om høgare lønn.

STREIKEVAKT: Jeylani Muhuyadiin og streikevaktene på Alnabru streikar for første gong. Han beklagar streiken, men seier dei ikkje gjer seg før dei får gjennomslag for kravet om høgare lønn.

Tormod Ytrehus

Mørkredde arbeidsgivarar

Både han og LO-leiaren understrekar at ansvaret for streiken kviler på arbeidsgivarane i NHO Transport og Spekter sine skuldrer.

– Vi har ikkje stilt nokre krav som gjer at dei skulle bli mørkredde av den grunn, seier Eggum.

Han viser til at arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane for 13 år sidan vart einige om at lønnsnivået i bussbransjen skal hevast til eit nivå meir på linje med industriarbeidarlønna.

– Gjennom mange år har bussjåførane sakka akterut lønnsmessig. Når NHO Transport sjølv har vore med på å legge opp til at vi skal ha ei fornuftig avlønning i tråd med industrien, burde dei ha vore klar til å innfri dette når vi sit i forhandlingar, og ikkje minst med meklaren sin hjelp, seier Jørn Eggum.

Les også: Bussjåførane har mindre å rutte med enn for fem år sidan

Stort ansvar

På Alnabru Eggum og Gabrielsen blant anna streikevakt Jeylani Muhuyadiin og lokal tillitsvald Annstein Garnes.

Begge bussjåførane beklagar overfor kundane at dei må streike, men seier dei held fram til dei har fått gjennomslag.

– Vi har eit stort ansvar, fraktar mange menneske og gjer ein viktig jobb for samfunnet. Det er ikkje bra at vi ikkje har meir i lønn, seier bussjåfør og Fellesforbundet-medlem Muhuyadiin som streikar for første gong.

– Vi er der ute heile tida, 24 timar i døgnet, året rundt. Utan oss stoppar samfunnet opp. Derfor synest vi at vi er verd den lønna vi ber om. Og vi ber jo faktisk berre om å få det vi har blitt lova, poengterer tillitsvald Garnes i Fellesforbundet.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse