JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjeret i industrien:

Lønnsoppgjeret: Desse tre krava vil verfts- og offshorearbeidarane ha på plass

Fellesforbundet-klubbar krev meir makt over arbeidstid, innleige og høgare minstelønn.
TRE KRAV TIL FORHANDLERANE: Fellesforbundet-delegasjonen er er nøydd til å levere, om dei vil vareta slagord som styrke og truverd, seier Atle Rostad, tillitsvalgt i Kaefer Energy.

TRE KRAV TIL FORHANDLERANE: Fellesforbundet-delegasjonen er er nøydd til å levere, om dei vil vareta slagord som styrke og truverd, seier Atle Rostad, tillitsvalgt i Kaefer Energy.

Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

Atle Rostad, sekretær i Kaefer Energy-klubben, har ei åtvaring til Jørn Eggum og delegasjonen som onsdag starta meklinga i årets lønnsoppgjer for industrien.

– Dei bør ikkje gå med på ei moderat ramme utan å ordne opp arbeidstid, innleige og heving av minstelønnssatsane, seier Rostad til Magasinet for fagorganiserte.

Les også: Han har sagt «null» i fem lønnsoppgjer på rad. Nå gjør Norsk Industri-sjefen det igjen

– Dette er så grunnleggjande for seriøsiteten i bransjen, at dei er nøydd til å levere om dei vil vareta slagord som styrke og truverd, held han fram.

Rostad viser til utsegner vedtatt av verfts- og offshore-klubbar i Fellesforbundet på ein konferanse i februar, der dei trekker fram desse tre problema i Industriovereinskomsten.

Samleside: Vi følger lønnsoppgjøret - her får du de siste nyhetene

1. Arbeidstid og fritid

Endringar i det såkalla offshorevedlegget er også noko forhandlingsleiar Eggum har nemnd som eit sentralt krav.

Offshorearbeidarar er i dag unntatt frå arbeidsmiljølova sine reglar for arbeidstid. I staden gjeld ei eiga forskrift som slår fast at snittet i løpet av eit år kan vere inntil 12 timar i døgnet og 36 timar i veka. Den arbeidsfrie perioden mellom to opphald skal vere minst ein tredjedel av arbeidsperioden.

I overeinskomsten står det at den normale rotasjonsordninga skal vere basert på to veker på og fire veker av. I realiteten jobbar mange to veker, før dei blir kalla inn på jobb etter ei kortare periode.

– Arbeidsgivarar gjer om rotasjonsordningar til ringevikarordningar, med aktiv eller stilltiande aksept frå Norsk Industri. Dette skjer i seriøse kontraktørselskap, og i bemanningsbyrå er det heilt gjennomgåande. Mange kjenner at dei står makteslause og blir piska rundt, seier Rostad.

– Dette er noko vi ikkje klarer å få bukt med. Tvistane tar ekstremt lang tid, noko som tyder på at vi må lage nye reglar, ei total omskriving av arbeidstidsbestemmingane.

Han viser til at andre forbund i sine offshoreavtaler har avtalefesta overtidsbetaling på arbeid i friperiodar for å beskytte arbeidstakarar si fritid.

Les også: Nå er ISO-vaktmestrene lei. Klatringa på Nordsjøens rangstige er i gang

2. Ingen innleige utan avtale

Krav nummer to som verfts- og offshore-arbeidarane har blinka ut, er kontroll på innleige.

I dag står det i eit vedlegg til Industriovereinskomsten at innleige skal følgje arbeidsmiljølova sine reglar. Det betyr at arbeidsgivar berre kan leige inn utan avtale med tillitsvald, dersom arbeidet er av såkalla mellombels karakter. Annan type innleige må avtalast med tillitsvalde i ei bedrift med tariffavtale inngått med eit forbund med over 10.000 medlemmer.

Problemet er at klubbar og arbeidsgivarar ofte er ueinig om kva som er mellombels arbeid. Kaefer-klubben har hatt ein tre år lang strid med bedrifta, der dei ikkje har klart å bli einige om ei ny avtale om innleige.

– For å sikre eit anstendig arbeidsliv og få kontroll på omfang og karakter på innleige, må vi ha ein regel om ingen innleige utan lokal avtale med fagforeininga. For å ikkje vikle oss inn i tvistar og smotthol, må avtale om all innleige vere eit krav, seier Atle Rostad.

3. Høgare minstelønn

Verfts- og offshoremiljøet sitt tredje krav, er å auke minstelønnssatsane i overeinskomsten deira. I dag er «minste timeforteneste» 178,55 kroner for ein fagarbeidar, 170,53 kroner for ein spesialarbeidar og 162,60 for ein hjelpearbeidar.

– Minstelønnssatsane er kritisk låge og må hevast. Minste timeforteneste er eit absolutt individuelt golv, men det er vanvitig lågt, seier Rostad.

Les også: Fellesforbundet vil vente med pengekravet når meklinga med Norsk Industri startar onsdag

I tillegg har overeinskomsten reglar for «garantert forteneste». Fagarbeidarar skal ikkje tene mindre enn 87 prosent av snittlønna i industrien, spesialarbeidarar 82 prosent og hjelpearbeidarar 74 prosent. Dette skal kontrollerast to gongar i året opp mot lønnsstatistikken. Bedrifta skal justere tilsette si lønn 1. april og 1. oktober dersom den ligg under snittet.

Verfts- og offshorearbeidarane foreslår å fjerne ordninga med garantert forteneste og heller erstatte dei individuelle minstelønnssatsane med prosentsatsane i ordninga.

– Det er krevjande for mange klubbar å overvake, hevde og tviste om regulering til garantert forteneste. Ordninga er dessutan heilt utilgjengeleg for den enkelte arbeidstakar. Om vi skal bruke pengar på noko, så er det dette, seier Atle Rostad.

Lønnsoppgjøret: Dette mekler de om

Tariff-krava

Utsegnene er vedtatt på «Nye Vestlandskonferansen» i februar 2020 som eit pilotprosjekt blant industri-klubbar i Fellesforbundet.

Klubbane som sluttar seg til utsegnene: Aibel Haugesund, Aker Solutions Offshore, Kværner Stord, Apply Sørco Offshore, Rosenberg Worley Parsons, Kaefer Energy, Aker Solutions Egersund, StS, Apply Leirvik AS, BLU Offshore, Kværner Verdal

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Tariff-krava

Utsegnene er vedtatt på «Nye Vestlandskonferansen» i februar 2020 som eit pilotprosjekt blant industri-klubbar i Fellesforbundet.

Klubbane som sluttar seg til utsegnene: Aibel Haugesund, Aker Solutions Offshore, Kværner Stord, Apply Sørco Offshore, Rosenberg Worley Parsons, Kaefer Energy, Aker Solutions Egersund, StS, Apply Leirvik AS, BLU Offshore, Kværner Verdal