JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjeret i hotell og restaurant: – Vi kan ikkje godta å gå ned i lønn

NHO Reiseliv krev null lønnstillegg for tilsette i hotell og restaurant.
LÅG LØNN: Tilsette i hotell- og resturant har hatt den lågaste lønnsveksten i privat sektor dei siste to tiåra.

LÅG LØNN: Tilsette i hotell- og resturant har hatt den lågaste lønnsveksten i privat sektor dei siste to tiåra.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Måndag startar forhandlingane om endringar i den såkalla Riksavtala mellom Fellesforbundet og NHO Reiseliv, overeinskomsten for dei som jobbar innanfor overnatting, servering og catering.

Omtrent 7.700 av forbundet sine medlemmer er omfatta av forhandlingane.

Før tariffoppgjera skulle gå i gang i mars, snakka tilsette og tillitsvalde om tidenes oppgjer som skulle vege opp for årevis med så godt som null i lokale lønnstillegg.

Så kom koronakrisa som førte til at store delar av bransjen måtte stenge nærmast over natta.

NHO med null-krav

NHO Reiseliv har allereie gått ut med krav om null lønnstillegg i oppgjeret.

– Det seier seg sjølv at det ikkje er rom for lønnsjusteringar. Det viktigaste no er å sikre arbeidsplassar sånn at flest mogleg har ein jobb å gå til, seier Magne Kristensen, direktør for arbeidslivspolitikk, til foreininga sine nettsider.

Fekk du med deg denne? Andreas har ein av Norges dårlegast betalte jobbar

Frontfaget legg føringane

Det vil ikkje fagforeiningsleiarane i Fellesforbundet godta. For å halde på kjøpekrafta, sånn at tilsette har like mykje å rutte med, må dei få lønnstillegg.

– Vi forventar den same ramma som frontfaget har gitt oss, seier Børge Ånesen, leiar for Fellesforbundet avdeling 250 i Trøndelag.

Saka held fram under bildet.

Børge Ånesen, leiar for Fellesforbundet avdeling 250 i Trøndelag.

Børge Ånesen, leiar for Fellesforbundet avdeling 250 i Trøndelag.

Erlend Angelo

1,7 prosent

I år vart resultatet i frontfaget, den konkurranseutsette industrien, ei ramme på 1,7 prosent i auka kostnader for arbeidsgivarane.

Den forventa prisstiginga er på 1,4 prosent i 2020.

– Vi har ikkje dei same forventingane som før mars, men vi kan ikkje godta å gå ned i lønn for å halde i gang bedrifter som ikkje er levedyktige. Mjølk og brød skal ikkje bli dyrare. Dette er allereie ein låglønnsbransje med mange eineforsørgarar som slit med å få endane til å møtest, seier Børge Ånesen.

Sånn vart resultatet i frontfaget: 50 øre til alle, meir til lågtlønte

Lønnstaparar i privat sektor

Ei gjennomsnittleg årsløn for heiltidstilsette i bransjen er 388.000 kroner, ifølge Teknisk berekningsutval. Det er berre 78 prosent av industriarbeidarlønna på 496.200 kroner.

Hotell og restaurant er blant bransjane med lågast lønnsveksten dei siste to tiåra.

– Vi har fire store aktørar (Choice, Thon, Scandic og Radisson, red.mrk.) som har fått lov til å vakse på kostnad av tilsette som jobbar i ein bransje med låglønn og mellombels tilsetting. Fordelinga i forhold til verdiskapinga i bransjen, har vore heilt feil dei siste tjue åra. Dei som verkeleg gjer jobben har fått mindre, mens dei som sit på toppen har fått meir, seier Djevat Hisenaj, leiar i Fellesforbundet avdeling 266 i Hordaland.

Saka held fram under bildet.

Djevat Hisenaj, leiar i Fellesforbundet avdeling 266 i Hordaland.

Djevat Hisenaj, leiar i Fellesforbundet avdeling 266 i Hordaland.

Håvard Sæbø

Krisestøtte frå fellesskapet

NHO Reiseliv viser på si side til at reiselivet opplever permitteringar og oppseiingar, i tillegg til auka frykt for konkursar i samband med nye reiseråd.

– Bransjen har fått mykje støtte frå fellesskapet under koronakrisa. Fellesskapet har tatt rekninga gjennom støtteordningar og utvida permitteringsperiode. Bransjen har ikkje tent pengar, men dei har ikkje tapt så mykje som det høyrest ut som. Dei som betaler den høgaste prisen er arbeidstakarane, understrekar Djevat Hisenaj.

– Dei som jobbar må ha ei lønn å leve av, legg han til.

Forskuttering av sjukepengar

Også forskuttering av sjukepengar er eit krav Fellesforbundet må ha gjennomslag for, slår Børge Ånesen fast.

I frontfaget, byggfaga og byggeindustrien vart Fellesforbundet og NHO-foreiningane einige om at bedriftene ikkje kan forskjellsbehandle tilsette. Mange stadar får nemleg funksjonærane sjukepengar på forskot, mens arbeidarane må vente på utbetalinga frå Nav.

– Forskuttering av sjukepengar har mykje å seie for tryggleiken til våre folk i bransjen, spesielt for dei som blir langtidssjukemeld, seier Ånesen.

Les også: Nå skal flere slippe å vente på Nav for å få sykepenger

Streikar om dei må

Fagforeiningsleiarane er klare til å streike dersom dei må.

– Våre medlemmer er alltid førebudd på ein kamp dersom det er nødvendig. Dei er irriterte over kor mykje pengar det er i næringa, når det er så lite igjen til dei som gjer jobben, seier Djevat Hisenaj.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse