JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønn

Malin måtte jobbe ei veke utan lønn: – Tenkte det måtte vere ein feil

Arbeidsgivarar kan ikkje snike seg unna lønn for opplæring, slår retten no fast.
Malin Fagerli saksøkte arbeidsgivaren for å få lønn under opplæring.

Malin Fagerli saksøkte arbeidsgivaren for å få lønn under opplæring.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

GARDERMOEN: I starten av 2020 vart Malin Fagerli intervjua til ein mellombels jobb som stuar i Menzies Aviation. Selskapet leverer bakketenester til blant anna Norwegian på Oslo Lufthamn.

Fagerli vart lova skriftleg arbeidsavtale og tilsetting dersom ho først gjennomførte Menzies sitt ulønte introduksjonskurs på ei veke.

– Eg tenkte at om eg får jobben så skal eg prate med fagforeininga, for eg har aldri vore borti opplæring utan lønn før. Eg tenkte det måtte vere ein feil, for det verka veldig urettferdig.

Menzies betalte nytilsette 2.000 kroner for det teoretiske kurset som oppfyller tryggleikskrav frå Avinor, flyselskapa og Menzies. I 2020 kutta dei betalinga heilt. Fellesforbundet-klubben hadde sidan 2015 kravd tarifflønn under kurset som dei meinte var arbeidstid.

– Mange nytilsette var forbanna, og vi fekk med oss dei fleste på å fremme lønnskrav, forklarer klubbleiar Petter Stalsberg.

SIGER: Tidlegare Menzies-tilsett Malin Fagerli og klubbleiar Petter Stalsberg vann fram med kravet om tarifflønn for den første veka med opplæring. Det kan mange nytilsette få glede av i framtida.

SIGER: Tidlegare Menzies-tilsett Malin Fagerli og klubbleiar Petter Stalsberg vann fram med kravet om tarifflønn for den første veka med opplæring. Det kan mange nytilsette få glede av i framtida.

Tormod Ytrehus

Vann fram i retten

Kan arbeidsgivaren stille krav om ei veke ulønt kurs før tilsetting? var spørsmålet i retten. Menzies vart frifunnen i både forliksrådet og tingretten i fjor.

I lagmannsretten vann derimot Fagerli og tre andre Fellesforbundet-medlemmar fram. Arbeidstakarane var tilsett frå dag ein under kurset, konkluderer Eidsivating lagmannsrett, og kurstimane må reknast som arbeidstid etter definisjonen i arbeidsmiljølova.

Kravet om ulønt opplæring verkar som et tiltak for å spare lønnskostnader for opplæring som selskapet krev, heiter det i dommen. Retten peikar også på at arbeidsgivarar har plikt til tilby ei viss tryggleiksopplæring, ifølge lova, og at det er vanleg med ei viss tid til opplæring i starten av ein jobb.

Arbeidsmiljølova har ikkje reglar om lønnsplikt, men lagmannsretten viser til at Menzies under rettssaka sa seg einig i at minstelønna i tariffavtala gjeld dersom deltakarane var tilsett under kurset.

Dommen frå 19. mai er i skrivande stund ikkje rettskraftig enno. Menzies har ikkje bestemt seg for om dei vil anke, opplyser selskapet, og vil elles ikkje kommentere saka.

Aktuelt: I sommar kan det bli meir flykaos. Her er noko av grunnen

Viktig for norsk arbeidsliv

Ei sånn sak har ikkje vore oppe i lagmannsretten tidlegare, seier LO-advokat Lars Christian Fjeldstad. Han meiner Menzies på kreativt vis har forsøkt å lære opp tilsette utan kostnad, og spart mykje pengar på det over tid.

– Det er viktig å slå fast at opplæring i stilling er arbeidsgivar sitt ansvar, og om bedrifta har tariffavtale skal opplæringa betalast etter satsane i avtala.

– No er det berre å banke i bordet med dommen frå lagmannsretten, forklarer klubbleiar Stalsberg.

Dersom dommen blir ståande, må Menzies i første omgang betale saksøkarane lønn og feriepengar på omtrent 7.800 kroner pluss renter. Malin Fagerli vart korona-permittert i mars 2020 og sagt opp på sommaren. Ho har for lengst fått seg ny jobb som yrkessjåfør.

– Pengane betyr ikkje så mykje for min del, men saka betyr mykje for dei som kjem etter meg.

Mye delt: Jan Inge ble syk av å jobbe natt: – Du føler deg helt elendig

Dette seier lova

Ein kan ikkje avtale seg til dårlegare vilkår enn dei i arbeidsmiljølova.

Ein arbeidstakar er ein som utfører arbeid i ein annan si teneste, og ein arbeidsgivar er ein som har tilsett ein arbeidstakar.

Arbeidstid er tida arbeidstakaren står til disposisjon for arbeidsgivaren.

Arbeidsgivarar skal sørge for at arbeidstakarar får tryggleiksopplæring.

Kjelde: Arbeidsmiljølova paragraf 1-8, 1-9, 10-1 og 3-2

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Dette seier lova

Ein kan ikkje avtale seg til dårlegare vilkår enn dei i arbeidsmiljølova.

Ein arbeidstakar er ein som utfører arbeid i ein annan si teneste, og ein arbeidsgivar er ein som har tilsett ein arbeidstakar.

Arbeidstid er tida arbeidstakaren står til disposisjon for arbeidsgivaren.

Arbeidsgivarar skal sørge for at arbeidstakarar får tryggleiksopplæring.

Kjelde: Arbeidsmiljølova paragraf 1-8, 1-9, 10-1 og 3-2