JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Klimaløsere i industrien:

Mekanikar Remi (27) har laga verdas første oppladbare gravemaskin

Den har blitt kalla «anleggsbransjen sin Tesla». Sånn bidrar mekanikarane til å redde klimaet, ein anleggsmaskin av gongen.
MOTIVERANDE: Mekanikar Remi Haugen blir glad og motivert av skryt frå forbundstoppar og klimaorganisasjonar.

MOTIVERANDE: Mekanikar Remi Haugen blir glad og motivert av skryt frå forbundstoppar og klimaorganisasjonar.

Håvard Sæbø

27.01.2020
09:00
28.01.2020 16:44

tormod@lomedia.no

SKEDSMO: Pon Equipment sitt prosjekt hadde gått føre seg i all hemmelegheit, på ein verkstad med tildekte vindauge. Der jobba ingeniør Eivind Hafslund og mekanikar Remi Haugen med å bygge om den allsidige bestseljaren Caterpillar 323F til å bli verdas første gravemaskin i vektklasse på 25 tonn som går på batteri. Tidlegare hadde berre små maskiner gått på straum utan leidning.

Både klima- og fagrørsla har trekt fram gravemaskina som eit eksempel til etterfølging. Ein klimaorganisasjon har omtalt den som «anleggsbransjen sin Tesla». Og Fellesforbundet-leiaren meiner maskina er eit bevis på at industriarbeidarar løyser klimautfordringane.

DEBATT: Derfor skriver vi om klimaløserne i arbeidslivet

Saka held fram under bildet.

KJELDESORTERING: Bedrifta er miljøsertifisert. Det betyr blant anna at dei må vere nøye med kjeldesortering av avfall, fortel mekanikarane Jørgen Gundersen (til venstre) og Kristoffer Sanders (til høgre).

KJELDESORTERING: Bedrifta er miljøsertifisert. Det betyr blant anna at dei må vere nøye med kjeldesortering av avfall, fortel mekanikarane Jørgen Gundersen (til venstre) og Kristoffer Sanders (til høgre).

Håvard Sæbø

Når Magasinet er på besøk hos Pon sitt hovudkvarter på Skedsmokorset eit stykke utanfor Oslo, er mekanikarane i gang med å bygge om maskin nummer sju av typen 323F Z-line (zero emission), etter at den først vart lansert på starten av fjoråret.

Kjempestolt

For Remi Haugen og mekanikarane som bygger om maskinene, er den største forskjellen frå ein dieseldrive maskin, at ein må passe ekstra på tryggleiken når ein handterer leidningar med høg spenning. Men dei er samtidig glad for at arbeidet blir sette pris på av politikarar og interesseorganisasjonar.

– Vi er kjempestolte over Z-line. Det er store utslepp frå anleggsmaskiner. Sel vi hundre elektriske gravemaskiner, begynner det verkeleg å hjelpe, seier hovudtillitsvald Per Ivar Nilsen for dei 200 Fellesforbundet-medlemmer fordelt på Pon sine 11 avdelingar.

Saka held fram under bildet.

TRYGGLEIK: Når ein skal bygge om eller drive vedlikehald av ei elektrisk gravemaskin, er tryggleiksarbeidet den største forskjellen for ein mekanikar.

TRYGGLEIK: Når ein skal bygge om eller drive vedlikehald av ei elektrisk gravemaskin, er tryggleiksarbeidet den største forskjellen for ein mekanikar.

Håvard Sæbø

Med strengare anbodskrav for entreprenørane, har etterspurnaden etter meir klimavennlege anleggsmaskiner auka. Oslo kommune har gått i front med klimakrav om null utslepp på byggeplassane der kommunen er byggherre. Dermed blir klimavennlege maskiner eit konkurransefortrinn.

Og det er bra for klimaet. Transport står for 30 prosent av Norge sitt klimagassutslepp, ifølge Statistisk sentralbyrå. Anleggsmaskiner er kjelda til rundt 10 prosent av desse utsleppa.

Pon sin elektriske gravemaskin sparar klimaet for utslepp på 52 tonn CO₂ i året, ifølge Veidekke som kjøpte den første maskina. Det utgjer over 400 flyreiser mellom Oslo og Trondheim. Og nærmare 550 bilreiser med ein dieseldriven Volkswagen Golf på same strekning.

Saka held fram under bildet.

STORT: Pon Equipment er ei stor bedrift, med 300 sørvisteknikarar frå Kristiansand til Berlevåg. Det fortel hovudtillitsvald Per Ivar Nilsen.

STORT: Pon Equipment er ei stor bedrift, med 300 sørvisteknikarar frå Kristiansand til Berlevåg. Det fortel hovudtillitsvald Per Ivar Nilsen.

Håvard Sæbø

Tre Teslaar

Gjennom å utvikle ei stor gravemaskin på batteridrift, ligg Pon i forkant av utviklinga, meiner selskapet. Dei har allereie merka internasjonal interesse, særleg frå storbyar med mål om null utslepp på byggeplassar.

– Vi er ein bransje som bygger landet. Her går økonomi og miljø hand i hand, seier sørvisdirektør Ole Petter Holene.

Men det kostar pengar å bygge om frå dieseldrift til batteridrift, innrømmer han. Rettleiande pris på gravemaskina er 5,5 millionar kroner. I tillegg til fleire hundre arbeidstimar til ombygging, trenger motoren eit kostnadskrevjande batteri på 300 kilowattimar. Det tilsvarer kapasiteten til tre av batteriet i Tesla-modellen med mest futt.

Saka held fram under bildet.

NY MODELL: Prosjektleiar Rohit Sharma er i gang med å bygge ein ny modell som skal driftast på straum frå batteri. Med ei vekt på 8 og 10 tonn, egnar den seg spesielt godt i storbyen.

NY MODELL: Prosjektleiar Rohit Sharma er i gang med å bygge ein ny modell som skal driftast på straum frå batteri. Med ei vekt på 8 og 10 tonn, egnar den seg spesielt godt i storbyen.

Håvard Sæbø

Gravemaskin kan gå mellom fem og sju timar per lading, som varer éin til to timar dersom ein bruker hurtigladar. Bortsett frå at den blir drifta av ein elektrisk motor på batteri, kan den gjere akkurat det same som den dieseldrivne storebroren sin.

Dessutan lagar den mindre bråk, noko som saman med tilgangen til landstraum gjer den egna til byggeplassar i byane. Og snart er enda fleire modellar på veg ut på marknaden.

Hva gjør vi for å berge kloden?

Møt klimaengasjerte arbeidsfolk i åtte ulike bransjer:
Mekaniker Remi (27) har laga verdens første oppladbare gravemaskin
Visste du at trær kan erstatte olje og gass? Her lager de gull av grønne skoger
Chris og kollegaene bygger nytt kontorbygg med gamle materialer
Her kjører avisbudene elektrisk: – Vi har varme i håndtak og frontrute, men jeg frøs på føttene
På dette trykkeriet forurenser de minst mulig: – Det gjør noe med selvfølelsen
Hotellkokk Anja gleder seg over at kjøkkenet bytter farlige kjemikalier med ozonvann
Roger og Per-Kristian lager slam av fiskeavfall. Det er gull verd for bønder og busser
Espen og kollegaene knuser 120 biler daglig – for å gi dem nytt liv
Ingen industriarbeidere skal føle klimaskam, mener Jørn Eggum: – Vær stolt over arbeidsplassen din
Derfor skriver vi om klimaløserne i arbeidslivet

Klimaløsere

Bedrift: Pon Equipment AS, i Skedsmo kommune i Viken.

Produkt: Bygger om, sel og leiger ut anleggsmaskiner frå Caterpillar.

Klimatiltak: Bygger om gravemaskiner frå dieseldrift til batteridrift. Er også miljøsertifisert, kjeldesorterer avfall, gjenbruker delar og prøver å køyre sørvisbilane effektivt.

Var dette interessant? Vil du dele den med noen andre?
27.01.2020
09:00
28.01.2020 16:44