JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Dagpenger:

Mia-Helen får ikke Nav-pengene hun har krav på - måtte selge bilen

Permitterte Mia-Helen har gått over ein månad utan inntekt. For å klare seg sjølv og forsørge dottera, har ho og sambuaren måtta selje bilen og andre eigedelar.
USIKKER: – Eg er veldig usikker på om eg har ein jobb å komme tilbake til. Så er det økonomiske biten. Kva eg får eg frå Nav neste månad, om eg får noko i det heile? At ein ikkje har ein drit å gjere på ettermiddagen, hjelper ikkje på sjølvtillita.

USIKKER: – Eg er veldig usikker på om eg har ein jobb å komme tilbake til. Så er det økonomiske biten. Kva eg får eg frå Nav neste månad, om eg får noko i det heile? At ein ikkje har ein drit å gjere på ettermiddagen, hjelper ikkje på sjølvtillita.

Lars Aake Andersen

tormod@lomedia.no

Mia-Helen Røde (26) vart permittert frå jobben på Pizzabakeren i Alta 19. april. Restauranten hadde mista inntekter og bedriftskundar i samband med koronakrisa. Godt over ein månad seinare har ho ikkje fått ei einaste krone frå Nav.

– Det einaste eg har fått frå Nav, er svar om at søknaden er mottatt og at eg kan søke forskot. I og med at eg ikkje veit om eg får dagpengar, er det dumt å sette seg i gjeld hos Nav. Då kan eg heller pante flasker og leve på skattepengane eg fekk tilbake, seier Fellesforbundet-medlemmet.

Les også: Permitterte Torill (51) måtte hente mat hos Frelsesarmeen: – Du står med lua i handa

Selje eigedelar

Ho fortel at ho og sambuaren var nøydd til å selje bilen for å overleve. I tillegg har dei selt eigedelar på Finn. Dei har ikkje sofabord lenger. Sambuaren er også arbeidsledig. Han har henta pallar hos bedrifter, som han hoggar opp til ved.

– Frøkena skal ha nye klede og sko når sommaren kjem. Vi har måtta bruke familien for å få hjelp til utstyr, sånn at ikkje ho skal mangle noko, seier Mia-Helen som har ei fire år gammal dotter å forsørge.

Kvardagen som permittert er kjedeleg, og no som barnehagen har opna har Mia-Helen enda mindre å gjere. Fritidsaktivitetar har dei ikkje pengar til.

– Det gjer noko med deg som ein person som er vand til og vil gå ut i arbeid, yte den samfunnsplikta du har og bidra til fellesskapet. Å berre sitte i ein stol heime og håpe og krysse fingrane for å komme tilbake i jobb, er ikkje gøy.

Massive forseinkingar

Mange er i same situasjon. Sidan 12. mars har Nav fått inn 450.000 dagpenge-søknader, 390.000 er frå permitterte. Bransjane der flest har søkt om dagpengar, er låglønnsbransjane overnatting og servering.

Det enorme talet søknader gjer at Nav er massivt forseinka i saksbehandlinga. Den kjem til å ta lenger tid enn normalt fram til august, har Nav tidlegare sagt til FriFagbevegelse.

I tillegg til at permitterte må vente på dagpengar, er den såkalla lønnskompensasjonen frå Nav forseinka. Den skal sikre permitterte ei utbetaling tilsvarande 18 dagar full lønn. To månader etter vedtaket i Stortinget, er ordninga framleis ikkje på plass.

Les også: Nav tilbakebetaler trekk i dagpengar. Sånn får du pengane tilbake

Større forskjellar

Mia-Helen fortel at ho var sint og skuffa over Nav-forseinkingane i starten, men så tok ho inn over seg kor hardt koronatiltaka har ramma arbeidslivet.

– Kor mange har ikkje søkt om dagpengar … Men eg kunne ønske det var ein måte å få fortgang i det på. Regjeringa har gjort alt i si makt, vil eg tru.

Kvardagen på minstelønna 167,90 kroner timen, var tøff allereie før krisa. Mia-Helen seier ho kryssar fingrane for at det ikkje blir fleire fattige i Norge på grunn av koronakrisa. Ho meiner det har blitt større forskjellar mellom fattige og rike dei siste åra.

– Vi har også lyst til å leve som normale menneske og kjøpe oss hus. Men det er vanskeleg når bustadprisane aukar i takt med dei som tener mest her i landet. Eg kunne ønska vi var litt meir like når det gjeld den økonomiske situasjonen.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse