Tariffavtale på Godt Brød Grünerløkka:
Nathalie (23) og Silje-Sofie (21) jublar for tariffavtale: – Ein kjempestor siger!
Dei slapp å streike for tariffavtale. Tilsette på Godt Brød Grünerløkka kan sjå fram til høgare lønn og trygge rammer på jobben.
OPP 20 KRONER: For Nathalie Karoline Hoaas (til venstre) betyr avtala 20 kroner meir i timelønn, sidan ho har seks års erfaring i bransjen. Silje-Sofie Skomedal til høgre.
Tormod Ytrehus
tormod@lomedia.no
GRÜNERLØKKA: Sola stråler over bydelen i Oslo. Det same gjer tillitsvald Nathalie Karoline Hoaas (23) og Silje-Sofie Skomedal (21). Dei har nettopp fått melding om at Godt Brød Grünerløkka har innfridd kravet deira om ei tariffavtale som slår fast reglar for lønns- og arbeidsvilkår i bransjen.
Var streikeklare
– Dette er ein kjempestor siger, seier Hoaas til Magasinet for fagorganiserte.
Måndag var ho i møte med arbeidsgivaren hos Riksmeklaren. Der vart dei ikkje einige om å opprette tariffavtale. Dermed måtte dei 14 Fellesforbundet-medlemmene førebu seg på streik.
– Det vart mykje større enn eg hadde sett for meg, seier Skomedal om den siste veka.
Les også: Camilla (25) og Miriam (24) slåss for tariffavtale i Godt Brød. Kampen har vart i over ti måneder
Støtte frå kundar
Ei støttegruppe på Facebook fekk i løpet av eit par dagar nesten 2000 medlemmer.
– Eg fekk merke forbrukarmakta. Det var kundar innom og spurte om tariffavtala var i boks. Då eg svarte nei, snudde dei i døra, fortel ho.
Skomedal drar fram mobilen og viser fram såkalla memes som har blitt delt mykje på sosiale medium, til støtte for dei tilsette.
– Det er veldig gøy å sjå at så mange engasjerer seg for tjue ungdommar, seier ho.
Saka fortset under instagrambildet.
Tryggleiken er viktigast
Både Skomedal og Hoaas er i likskap med dei fleste kollegaane studentar med 30-prosent-stillingar. Kvifor skal dei orke å ta kampen for tariffavtale?
– Vi har lyst på tryggleik og klare rammar. Det er ikkje sånn at vi har det kjipt på jobb, understrekar Hoaas.
Ei avtale gir ei rekke rettar. Vaktlistene skal godkjennast av tillitsvald. Dei tilsette får høgare lønn for å jobbe kveld, helg og raude dagar.
Lang veg mot mål
To år har gått sidan dei tilsette på Grünerløkka begynte å organisere seg for å krevje ei avtale.
– Prosessen har vore lang, men Fellesforbundet har vore der heile vegen, seier Hoaas.
Bakgrunnen er at arbeidsgivaren gav etter for tariffkrav på Godt Brød-avdelingane i både Trondheim og Nydalen, men var ueinig med Fellesforbundet om kva avtale som skulle gjelde.
Skal ikkje ta så lang tid
I fjor haust vart LO og NHO einige om at overeinskomsten for serveringsverksemd, Riksavtala, var den riktige. Dermed kunne dei tilsette krevje tariffavtale også på Grünerløkka.
Les også: Godt Brød-ansatte vant fram og fikk den tariffavtalen de streiket for
– Det skal ikkje ta så lang tid før avtala er på plass. I denne bransjen er det mange utskiftingar blant dei tilsette, så det er godt gjort at dei har klart å halde medlemstalet oppe, seier organisasjonsarbeidar Svein-Frode Pettersbakken i Fellesforbundet avdeling 10.
Tilbake med god samvit
Mange kundar gjekk inn på bedrifta sin Facebook-side og la igjen meldingar om at dei ikkje ville handle hos Godt Brød Grünerløkka før tariffavtale var på plass.
– Eg håpar folk no kjem tilbake med god samvit, seier Silje-Sofie Skomedal som sjølv har vore stamgjest på Godt Brød.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.