JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Arbeidsledighet i Norge

NHO åtvarar: Økonomi-brems utan forlenga permitteringsperiode

Tusenvis av permitterte kan få sparken når dei snart har gått ut den maksimale perioden. Det blir eit problem for bedriftene som manglar tilsette når korona-vaksinen er rulla ut.
KOMPETANSE: Bedriftene kan slite med å finne tilsette med riktig kompetanse dersom dei må seie opp tilsette før koronavaksina er rulla ut.

KOMPETANSE: Bedriftene kan slite med å finne tilsette med riktig kompetanse dersom dei må seie opp tilsette før koronavaksina er rulla ut.

Annika Byrde / NTB

tormod@lomedia.no

Årets første medlemsundersøking i NHO tatt opp denne veka, teiknar ikkje noko lystig bilde for norske arbeidstakarar.

Talet NHO-bedrifter med permitterte tilsette aukar til 29 prosent, ifølge undersøkinga der over 3600, kvar femte bedrift, har svart.

Fleire i permitteringskøen

Delen er størst blant bedriftene i NHO Reiseliv, NHO Transport og NHO Luftfart. Der har høvesvis 70, 60 og 50 prosent av bedriftene permitterte tilsette.

Dette er bransjane der flest har vore permittert heilt sidan koronanedstenginga i fjor. Dei nærmar seg no permitteringsgrensa på 52 veker.

– Undersøkinga tilseier at det blir fleire i permitteringskøen, noko som svekker sannsynlegheita for at dei som har gått ledige sidan mars/april blir tatt tilbake, seier sjeføkonom Øystein Dørum i NHO til Magasinet for fagorganiserte.

Masseoppseiingar

Dette gjeld 31.000 av dagens 61.000 permitterte, ifølge Nav-tal NTB melde om onsdag. 5000 vart permittert i mars, mens 25.500 vart permittert i april.

Med tre månader oppseiingstid får permitterte tilsette dermed oppseiingsvarsel i desse dagar dersom bedrifta ikkje kan ta dei tilbake.

Permitteringsperioden vart utvida frå 26 til 52 veker i fjor sommar, men regjeringa har enno ikkje komme med ei ny forlenging.

Kan bremse økonomien

NHO krev ei forlenging av permitteringsordninga ut september for å hindre at tilsette dei trur blir tatt tilbake til bedriftene, no blir sagt opp.

– Det vil bidra til å sikre at bedriftene får tak i kompetansen dei treng når økonomien tar seg opp igjen, sånn at det ikkje bremsar oppsvinget, seier sjeføkonomen.

Det kan skje allereie til sommaren. Helseminister Bent Høie har nemleg sagt at folk flest då kan vere korona-vaksinert dersom alt går etter planen.

Samla arbeidsliv

– Det betyr at vi truleg kan gå ein sommarsesong prega av lite attverande smitterestriksjonar i møte. Då vil ein god del hotell, restaurantar og anna personretta tenester ha ein nokså normal situasjon, påpeikar Dørum.

Både arbeidsgivarar og arbeidstakarar, LO og NHO, ber no om eit signal frå regjeringa som gjer at bedriftene ikkje set i gang masseoppseiingar.

– Det er unødvendig og meiningslaust når vi no har sprunge nesten eit heilt maraton, å skulle bryte ein kilometer frå mål, seier LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen til NTB.

Ikkje på gras

Statsminister Erna Solberg bad onsdag permitterte søke nye jobbar, mens opposisjonen viser til at det ikkje er jobbar å få.

Sjeføkonom Dørum understrekar at det vil ta tid for bedriftene å hente seg inn igjen, med luftfarten som eksempel. Derfor ber NHO om ei forlenging av permitteringsperioden på eit halvt år.

– Vi ber ikkje om meir fordi ein held arbeidsfolk på gras og vi får oversysselsetting i bransjar som kanskje ikkje treng bemanninga før om lenge. Om vi ikkje kan vere trygge på at dei skal tilbake til arbeidsplassen innan rimeleg tid, må vi over på noko anna, slår han fast.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse