JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Likestilling i byggebransjen

No skal alle byggeplassar ha eigen damegarderobe: – Det gjer noko med trivselen, meiner tømrardamene

Byggebransjen manglar fagarbeidarar, og no gjer Fellesforbundet og arbeidsgivarane eit framstøyt for å rekruttere fleire kvinner.
BYGGFAG: Lærling Liv Johansen Kalland seier ho fekk god informasjon om byggfag og andre yrkesfag på ungdomsskolen. Lærling Anna Aunaas og fagarbeidar Hanna Johansen fullførte andre utdanningsprogram før dei skjønte at byggfag var tingen.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

TRONDHEIM: På Øvre Nyhamna i Trondheim bygger Backe nye leilegheiter. Magasinet for fagorganiserte møter tømrar Hanna Johansen (28), og tømrarlærlingane Anna Aunaas (22) og Liv Johansen Kalland (18), som alle valde å satse på byggfag.

– Eg ville vere aktiv og jobbe ute, liker å jobbe med hendene og lage ting, seier Aunaas som snart er ferdig med det første året som lærling og kan peike på leilegheiter ho har bygd.

– Byggfag verka spennande, med mange moglegheiter, legg Kalland til, som også er på første året i læra.

Det hjelper også med eigen damegarderobe, meiner dei.

– Det gjer noko med trivselen, at ein ikkje må stå og skifte framfor mannfolka, seier Johansen som fekk fagbrevet for tre år sidan.

Les også: Maler Ine ønsker seg flere kvinnelige kolleger. Nå vil hun starte jentenettverk i byggebransjen

Nytt krav

Frå 1. juli gjeld eit nytt krav om at alle byggeplassar til bedrifter med tariffavtale skal ha eigen damegarderobe og toalett.

Fellesforbundet fekk gjennomslag for kravet i fjorårets tariffoppgjer med arbeidsgivarane i Byggenæringens Landsforening (BNL). Eit veldig viktig krav, meiner forbundssekretær Per Skau.

GARDEROBE: No skal alle ha damegarderobe frå dag ein på byggeplassen, sånn tømrarlærling Anna Aunaas og kollegaene har på Øvre Nyhamna i Trondheim.

GARDEROBE: No skal alle ha damegarderobe frå dag ein på byggeplassen, sånn tømrarlærling Anna Aunaas og kollegaene har på Øvre Nyhamna i Trondheim.

Tormod Ytrehus

– Byggebransjen er avhengig av å kunne rekruttere framtidas fagarbeidarar frå heile befolkninga, ikkje berre halve. Ein ting er å oppfordre jenter til å søke byggfag, men vi må også sørge for at byggeplassen er for alle. Det handlar om langt meir enn brakkeforhold, men det må iallfall vere på plass, seier Skau.

Knapt nokon bransje er så mannsdominert som byggebransjen. Delen kvinner i bygg og anlegg er 9 prosent, ifølge SSB sine tal. Langt færre er fagarbeidarar ute i arbeid på byggeplassane.

– Vi har høyrd mange historier om kvinner som har blitt oppfordra til å søke byggfag, men som i læra blir møtt med fordommar og dårlege brakkeforhold. Det må vi ta tak i, seier Skau.

– Datoen 1. juli er ein milepæl i arbeidet for eit mindre kjønnsdelt arbeidsliv, meiner han.

Les også: Trondheim kommune krever damegarderober på alle byggeplasser

Likestilling og rekruttering

Hos Backe Trondheim er damegarderobane allereie på plass, og har vore det på dei største byggeplassane i fleire år. Dei store bedriftene har gått i front, meiner klubbleiar Kenneth Olderøien.

– Det har blitt meir bevisstheit rundt likestilling i bransjen, i tillegg til krav frå byggherrar. Vi har også fått fleire kvinnelege fagarbeidarar, og fleire damer er utplassert frå skolane, seier han.

HALDNINGAR: Det finst framleis ei haldning i samfunnet om at kvinner ikkje skal jobbe i mannsdominerte yrke, men bevisstheita rundt likestilling har blitt større i byggebransjen, meiner klubbleiar Kenneth Olderøien i Backe Trondheim.

Byggebransjen har behov for fagarbeidarar. Nesten halvparten av bedriftene i BNL seier dei slit med å få tak i fagarbeidarar, og bedriftsundersøkingar frå Nav viser stor mangel på faglærte tømrarar, betongarbeidarar, røyrleggarar og andre handverkarar.

– Så det er på tide at vi legg meir til rette for kvinner, meiner Olderøien.

9,5 prosent av søkarane til bygg- og anleggsteknikk var jenter i 2021. Delen er framleis ikkje stor, men har gått jamt oppover frå berre 4 prosent i 2012.

Fråfallet har også vore større blant jentene, men går nedover. Blant jentene som starta på bygg og anlegg i 2013, slutta 23 prosent. Talet er høgt, men er berre eitt prosentpoeng lågare blant gutane.

– Arbeidsmiljøet blir betre når vi er fleire damer, seier tømrarlærling Anna Aunaas i Backe Trondheim, som ser for seg eit langt yrkesliv i bransjen.

Sjekk ditt yrke: Hvor mye mer tjener menn enn kvinner?

Nye reglar

Frå 1. juli skal alle nye prosjekt ha separate dame- og herregarderobar og toalett med eigen inngang. Dette gjeld alle bedrifter med tariffavtale etter fjorårets endring i Fellesovereinskomsten for byggfag mellom Fellesforbundet og BNL.

På mindre brakkeriggar for inntil 10 personar, der kjønnsdelte garderobar og toalett ikkje skal brukast, kan bedrifta og tillitsvalt avtale dette vekk. Dette er snakk om små byggeplassar der ein er hundre prosent sikker på at damer ikkje skal jobbe, ifølge Fellesforbundet.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse