JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Aker Solutions legg ned i Sandnessjøen:

Nordnorsk leverandørindustri får ikkje ordrar: – Då kan dei la olja vår ligge

Aker Solutions legg ned verftet sitt i Sandnessjøen. Staten må gripe inn, krev Fellesforbundet og Industri Energi.
IKKJE NOK ORDRAR: Verftet i Sandnessjøen har ikkje fått nok ordrar frå oljeselskapa. Staten og oljeselskapa må gripe inn for å redde verftet, meiner plasstillitsvald Linda Nybakk.

IKKJE NOK ORDRAR: Verftet i Sandnessjøen har ikkje fått nok ordrar frå oljeselskapa. Staten og oljeselskapa må gripe inn for å redde verftet, meiner plasstillitsvald Linda Nybakk.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Onsdag fekk 31 tilsette og 9 lærlingar beskjeden om at dei mistar jobben når Aker Solutions i løpet av året legg ned verftet i Sandnessjøen i Nordland.

Selskapet grunngir avgjerda med manglande ordrar.

– Aker har investert enormt. Dei vil drive, men når vi ikkje får jobbar er vi like langt, seier plasstillitsvald Linda Nybakk til Magasinet for fagorganiserte.

Ho meiner staten og oljeselskapa må komme på banen, sånn at installasjonane til olje- og gassfelt i nord blir produsert lokalt.

– Om Nord-Norge ikkje får arbeidsplassar, kan dei la olja vår ligge her oppe, seier ho.

Gir opp Nord-Norge

– Marknaden er hovuddrivaren bak beslutninga. Den har blitt ytterlegare forsterka av oljeprisfallet og koronaviruset, seier Jan Ertesvåg i Aker Solutions til Magasinet.

Han seier at selskapet vurderte å legge ned verftet allereie i 2016, men vart oppfordra av Equinor til å halde oppe drifta på grunn av planlagde utbyggingar i nord.

– Vi har hatt ein sterk ambisjon om å vere til stade i Nord-Norge. Etter å ha investert 130 millionar dei siste sju åra, kan vi ikkje lenger forsvare kostnadene, seier Ertesvåg.

– Dette er ein trist dag for dei tilsette og heile selskapet.

Staten må gripe inn

Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum ber no staten finne ei løysing for verftet han kallar «brua til Barentshavet».

– Det er ein kompetansearbeidsplass utan like, med tverrfagleg utdanna fagarbeidarar og eit anerkjent ingeniørmiljø. At dei havarerer er eit tap for den enkelte, næringa og heile samfunnet, seier Eggum til Magasinet.

Han peikar på at bedrifta vart etablert for åtte år sidan på grunn av etterspurnad frå statseigde Equinor, men at ordremengda har vore for låg.

– Staten må gripe inn og finne ei løysing for bedrifta. Vi må bruke nordnorsk arbeidskraft, næringa må ta heile landet i bruk, meiner Eggum.

Mistar legitimitet

Han får støtte frå leiaren i Industri Energi, LO-forbundet som organiserer tilsette i oljeselskapa.

– Dette er ei viktig bedrift for heile olje- og gassnæringa. Skal vi ha legitimitet i nord, må vi ha arbeidsplassar i nord, seier Frode Alfheim.

Forbundsleiaren oppfordrar olje- og energiministeren og næringsministeren til å ta grep for å redde ei konkurransedyktig leverandørbedrift gjennom ordretørka.

– Vi veit at det skal skje meir i nord, både i Barentshavet og i Norskehavet. Bedrifta bør vere oppe og gå for å konkurrere om framtidige kontraktar når prisane på olje og gass tar seg opp, seier Alfheim.

Åtvaring til næringa

Ordføraren i Alstahaug meiner nedlegginga av verftet i kommunen hans er eit omdømmetap for heile olje- og gassnæringa. Han viser til kravet frå Nord-Norge om at olje- og gassutvinning må føre til arbeidsplassar på land.

– Vi kan ikkje sitte med miljørisikoen utan å få noko tilbake, seier Peter Talseth (Sp) til Magasinet.

Han meiner både leverandørindustrien, oljeselskapa og dei sentrale politikarane må ta ansvar.

– Om vi ikkje klarer å halde oppe bedriftene, blir det krevjande å argumentere for olje- og gassutvinning i nord, åtvarar Talseth.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse