JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Fotball-VM i Qatar 2022:

Norges Fotballforbund støttar kravet frå internasjonal fagrørsle om eit senter for gjestearbeidarar i Qatar

Eit senter driven av arbeidarane sjølve, skal sikre at rettane deira ikkje forsvinn når flaumlyset sløkker etter Qatar-VM i 2022.

Harry Eide

tormod@lomedia.no

Norges Fotballforbund oppfordrar Fifa til å støtte prosjektet, og inviterer samtidig andre norske aktørar til å bidra, melder forbundet.

Initiativet kjem frå Den internasjonale bygnings- og trearbeidarføderasjonen (BWI) som onsdag møtte NFF og Fellesforbundet for å diskutere korleis dei best kan jobbe med saka. 351 fagforeiningar med 12 millionar medlemmer i 127 land, er tilslutta BWI.

– Arven etter verdsmeisterskapet er viktig. Vi trur på framgang for arbeidsreformer fram mot meisterskapet, men vi må sikre at reformene held fram også etterpå, seier generalsekretær Albert Emilio Yuson i BWI til Magasinet for fagorganiserte.

Les også: Får arbeiderne i Qatar bedre beskyttelse? Norges fotballforbund krever svar

Av og for arbeidarane

Han seier ideen er at arbeidarsenteret skal vere ein trygg stad der gjestearbeidarar kan snakke om problem, spørje om hjelp til å reise juridiske saker, bli opplært og informert om rettane sine. Senteret skal ha eigne program og aktivitetar, drivne av arbeidarane sjølve.

NFF-støtte til arbeidarsenteret er også eit av krava i rapporten frå det såkalla Qatar-utvalet der Fellesforbundet var representert, sett ned av fotballtinget i samband med debatten om boikott av fotball-VM i 2022.

Fikk du med deg denne? Bygningsarbeidarar i Oslo og Bergen krev boikott av fotball-VM i Qatar

Etter internasjonalt press, har Qatar blant anna avvikla det kritiserte Kafala-systemet der arbeidsgivarar kan hindre gjestearbeidarar frå å bytte jobb eller reise heim. Dette krev også streng handheving sånn at systemet faktisk blir avvikla, poengterer Yuson i BWI.

– Ein kan ikkje vente på rettane sine, ein må kjempe for dei. I Norge og andre land kjempar fagforeininga for rettane dine. I Qatar kan arbeidarsenteret ta denne kampen, seier han.

Faktasjekk: Dette vet vi om dødstallene fra forberedelsene til fotball-VM i Qatar

Etter at flaumlyset er sløkt

BWI har jobba i Qatar sidan 2016, og lærer no opp arbeidarar i lover og rettar. Tanken er at dette arbeidet skal få ein permanent struktur driven av arbeidarane sjølve, med hjelp frå internasjonal fagrørsle. Men for å drive arbeidarsenteret må myndigheitene gi det lovleg status.

– Det er viktig at aktørar som Fellesforbundet og NFF støttar arbeidet, og at heile verdssamfunnet engasjerer seg. Fifa er også ansvarleg, bør gi økonomisk støtte og krevje juridisk vern. Og senteret må etablerast i løpet av året, mens arbeidsforholda i Qatar framleis er i søkelyset, seier generalsekretær Yuson.

Generalsekretær Albert Emilio Yuson i Den internasjonale bygnings- og trearbeidarføderasjonen (BWI) ber fotballforbunda legge press på Fifa.

Generalsekretær Albert Emilio Yuson i Den internasjonale bygnings- og trearbeidarføderasjonen (BWI) ber fotballforbunda legge press på Fifa.

Håvard Sæbø

– Det er også bra for fotballspelarane som får ein stad der dei kan kontakte arbeidarane, og hjelpe dei på ein konkret måte. Dette er menneskerettar i praksis, legg han til.

BWI oppfordrar fotballforbunda til å legge press på Fifa. Yuson trur alle dei nordiske forbunda kjem til å stille seg bak kravet, og seier fleire europeiske forbund no diskuterer saka.

Debatt: «Det er nok nå. Vi må boikotte fotball-VM i Qatar», skriver Martin Kvalvik

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse