JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Klasseforskjellane i korona-krisa:

Permitterte Omaima vurderer å selje kleda sine for å betale rekningane

Klubbleiar og resepsjonist Omaima Amdidach (24) blei permittert og mister ein fjerdedel av inntekta: – Eg veit ikkje om eg får kvardagen til å gå rundt.
PERMITTERT: – Tiltaka er ikkje bra nok for oss på golvet, seier Omaima Amdidach.

PERMITTERT: – Tiltaka er ikkje bra nok for oss på golvet, seier Omaima Amdidach.

Håvard Sæbø

tormod.ytrehus@lomedia.no

OSLO: I likskap med norske hotell, er gatene tomme når Magasinet møter Omaima Amdidach (24) i sentrum av byen.

Ho er klubbleiar og resepsjonist i full stilling på Scandic Fornebu. 20. mars stengde hotellet dørene, og Amdidach vart permittert.

No har ho søkt om dagpengar, med ei årslønn på 366.000 kroner som grunnlag. Dermed vil ho få oppunder 281.000 kroner i dagpengar før skatt.

p

Det er eit kutt på ein fjerdedel av inntekta.

For Amdidach betyr inntekts-kuttet, at ho må gå drastiske til verks. Foreldra er også permitterte heime i Trøndelag. Ho kan ikkje rekne med hjelp derfrå.

– Eg veit ikkje om eg får kvardagen til å gå rundt. Eg må kanskje selje eigedelar: Ipad, PC og klede, alt folk vil kjøpe. Ein må gjere det ein må.

Saka held fram under bildet.

TAR TID: – Dei fleste som bur hos oss er tilreisande frå utlandet, så situasjonen må betre seg der også. Det kan ta tid, seier resepsjonist Amdidach

TAR TID: – Dei fleste som bur hos oss er tilreisande frå utlandet, så situasjonen må betre seg der også. Det kan ta tid, seier resepsjonist Amdidach

Håvard Sæbø

Tiltaka er ikkje bra nok

– Eg må prioritere husleiga for å ikkje bli kasta ut. Maten kjem til slutt, seier ho.

Amdidach har kontakta alle ho betaler faste utgifter til, for å få utsetting. Samtidig vil dette gjere situasjonen verre i framtida, understrekar ho, sidan utgiftene då vil komme som ei bølge.

– Tiltaka er ikkje bra nok for oss på golvet. Vi har så vidt klart oss på det vi har hatt. Utgiftene våre endrar seg ikkje, sjølv om inntekta har gjort det, seier Amdidach til Magasinet.

– Men dette rammar ikkje politikarane. Set dei på vår lønn, og gi dei same tiltak, så vil reglane endre seg kjapt, seier ho.

Les også: Reinhaldar Nana er bekymra for om ho klarer å forsørge sin fem år gamle son under krisa

Rammar lågtlønte

Torsdag 12. mars eksploderte talet dagpenge-søknader til Nav. Søndag førre veke hadde 279.000 permitterte søkt dagpengar. Dei låglønte får merke det mest.

p

Nav-tal viser at spesielt mange er arbeidsledige innanfor låglønns-næringane reiseliv og transport. Kvinner i tjue-åra er gruppa der flest er utan arbeid.

Forskarar har sett nærmare på dagpenge-søknadene dei tre første vekene i mars. Konklusjonen er at personar med låg inntekt er hardast ramma av korona-krisa. Dei er utan høgare utdanning, og har bakgrunn frå ein familie med låg inntekt. Dei er ofte kvinner, unge og innvandrarar.

– Dei som ligg dårlegast an økonomisk, har høgast sannsynlegheit til å søke dagpenger, seier Bernt Bratsberg, forskar ved Frischsenteret, til Magasinet.

Dagpenge-kalkulator: Sjekk kor mykje du får

Betre utgangspunkt

Forbundssekretær Clas Delp i Fellesforbundet, seier dei jobbar med å forbetre tiltaka som regjeringa og Stortinget foreslår.

Tidlegare måtte ein ha hatt inntekt på 150.000 kroner dei siste 12 månadene for å få dagpengar. Dagpengane utgjorde 62,4 prosent av inntekta.

No er golvet senka til 75.000 kroner, mens dagpengane for alle no er 80 prosent av inntekta under 300.000 kroner.

– Eg skjøner at mange permitterte er i ein vanskeleg situasjon, men dette er iallfall eit betre utgangspunkt, seier Delp.

p

Han meiner også konsekvensen av permitteringane, er avhengig av kor lenge korona-krisa varer.

– Bedriftene som i hovudsak har utanlandske gjestar, kjem nok til å stå i situasjonen lenger, seier Delp.

Desse er hardast ramma av korona-krisa

Forskarar frå Frischsenteret, Nav og SSB har undersøkt dagpenge-søknadene dei første tre vekene i mars.

Rapporten viser at spesielt hardt ramma av korona-krisa, er personar som: har låg inntekt; ikkje har høgare utdanning; har bakgrunn frå familie med låg inntekt; er kvinne, ung eller innvandrar.

Kjelde: ssb.no

Nav-tal viser at 291.000 personar (10,4 prosent av alle som kan jobbe) var heilt utan arbeid tysdag 24. mars. To veker tidlegare var talet 65.000 (2,3 prosent). 90 prosent av dei nye arbeidssøkarane seier at dei er permitterte.

Kvinner i 20-åra, er gruppa der flest er arbeidsledige. I denne gruppa er 15,5 prosent, 41.000 personar, heilt utan arbeid.

Reiseliv og transport, er næringa der flest er arbeidsledige: heile 25 prosent, 46.000 personar.

Kjelde: nav.no

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse