JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjeret:

Over 11.000 Fellesforbundet-medlemmer kan gå ut i streik søndag. Sjå lista

LO kjempar mot lønns-kutt og for eit ekstra tillegg til lågtlønte. Gir ikkje NHO etter i lønnsoppgjeret, legg Fellesforbundet-medlemmer i fire bransjar ned arbeidet.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Tysdag varsla forbundet kva medlemmer som blir tatt ut i første runde av ein eventuell streik i årets tariffoppgjer. Over 11.000 Fellesforbundet-medlemmer i over 300 bedrifter kan gå ut i streik. Sjå heile lista lengre ned i saka.

LO og NHO har frist midnatt natt til søndag til å bli einige i meklinga som starta fredag, men vanlegvis går den på overtid. Dei klarte ikkje å bli einige i forhandlingane før påske. Om dei heller ikkje blir einige hos Riksmeklaren, blir det streik frå arbeidstida startar søndag, seinast frå klokka 6.

De har 48 timer på seg: Slik foregår meklingen i lønnsoppgjøret

Industri, buss, bygg og asfalt

I industrien legg i så fall 4.300 Fellesforbundet-medlemmer i 30 bedrifter ned arbeidet. Bussbransjen følger etter, som også streika i haust, med over 3.400 medlemmer i over 140 bedrifter. I byggebransjen går nesten 3.300 medlemmer i over 130 bedrifter ut i streik. I tillegg blir 60 medlemmer tatt ut i sju asfaltbedrifter. Hardt korona-ramma bransjar, som hotell og restaurant, er haldt utanfor det første streikeuttaket.

Har du tariffavtale på jobben? Her kan du søke etter bedrifta di og sjekke om du kan bli tatt ut i streik:

Streikeuttak Fellesforbundet 2021

Lønns-kutt og låglønn

Striden står om to krav:

For det første krev LO at du skal få like mykje å rutte med som tidlegare. Det betyr eit lønnstillegg på 2,8 prosent som er like mykje som prisane er forventa å stige. NHO krev derimot at lønna ikkje aukar meir enn venta i landa eksportindustrien konkurrerer med. Det betyr mindre enn 2,2 prosent, og dermed nedgang i reallønna.

For det andre krev LO eit ekstra tillegg til lågtlønte, som tidlegare har gått til tilsette i bransjar der snittlønna er lågare enn 90 prosent av snittlønna til industriarbeidarar. Denne grensa er no 455.940 kroner. NHO er mot heile låglønns-tillegget og ønsker at færre skal få det dersom dei må gi det.

Stor oversikt: Dette er snittlønna i over 350 yrker

Over 31.000

Årets tariffoppgjer er eit såkalla mellomoppgjer der det berre blir forhandla om lønn. Dette er samordna, noko som betyr at LO og NHO forhandlar for alle bransjar samla. Det har ikkje vore streik i eit mellomoppgjer sidan før andre verdskrig, men forhandlingane har så langt vore fastlåste.

Tariffoppgjeret omfattar til saman 179.000 LO-medlemmer i bedrifter med tariffavtale i privat sektor. Også YS forhandlar parallellt med NHO for sine 15.000 medlemmer. Totalt 31.400 står klare til å streike frå søndag.

Les også: Ny lovfesta minstelønn kjem ikkje før tidlegast i mai

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse