JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nav tilbakebetaler dagpenge-trekk til dei som gir beskjed:

Permitterte kan få tilbake over 200 millionar i dagpenge-trekk

48.000 permitterte og arbeidsledige fekk 202 millionar kroner trekt frå dagpenge-utbetalingar. Dei som gir beskjed skal få pengane tilbake.

Colourbox

tormod.ytrehus@lomedia.no

Magasinet for fagorganiserte melde førre veke om at dagpenge-mottakarar kan få tilbakebetalt trekk, dersom dei melder frå til Nav.

I ein e-post til Magasinet seier Nav at dei har trekt til saman 202 millionar kroner frå dagpengane til 48.000 personar. I snitt kan dei altså måtte tilbakebetale over 4000 kroner per person.

Fekk kraftig kritikk

Nav har fått kraftig kritikk frå blant anna LO, for at dei begynte å trekke forskot samtidig som permitterte manglar ei utbetaling frå Nav på nesten ei månadslønn.

Les også: Permitterte Torill (51) måtte hente mat hos Frelsesarmeen: – Du står med lua i handa

Arbeidsministeren varsla 19. mai at Nav stoppar praksisen fram til lønnskompensasjonen er på plass.

Ordninga skal sikre permitterte full lønn (opptil 600.000 kroner) for dag 3-20 som permittert. Dei to første dagane betaler arbeidsgivar. Lønnskompensasjonen vart vedtatt av Stortinget 20. mars.

Godt over to månader seinare er ordninga framleis ikkje på plass.

Forskot på dagpengar

– Vi visste at det ville ta tid å få denne ordninga på plass. Derfor fekk vi i rekordfart på plass ei forskotsordning for dagpengar, uttaler beredskapsleiar Yngve Åsholt i ein e-post til Magasinet.

Permitterte kunne søke om dette forskotet 30. mars. Det skal vere på 60 prosent av månadslønna. Så langt har Nav behandla 226.000 søknader og betalt ut 3,2 milliarder kroner i forskot.

– Det er med andre ord ganske mange som har fått pengar frå Nav, men dei har ikkje fått alt dei har krav på enno.

Får pengane tilbake

Åsholt hevdar Nav raskt såg at trekket i dagpengane vart vanskeleg for mange. Frå 1. mai reduserte dei trekket til 20 prosent og sendte ut sms om at mottakarane kunne få 80 prosent av trekket tilbake. I førre veke endra dei trekket til null.

Åsholt seier alle som har fått trekk i dagpengane skal få pengane tilbake dersom dei gir beskjed. Då vil dei få pengar på konto i løpet av få dagar.

Han svarer at Nav enno ikkje korleis dei skal krevje tilbake forskota, men at Nav ser på ulike alternativ, på spørsmål om forskotet skal bli trekt frå lønnskompensasjonen.

Les også: Nav er massivt forseinka. Permitterte Mia-Helen står utan inntekt

Forseinka ordning

Nav varslar at lønnskompensasjonen skal vere på plass i midten av juni, etter at lovnaden først var innan mai månad.

Grunnen til forseinkinga skal vere at regelverket er komplisert. Planen var å lage ei digital ordning som automatisk godkjenner søknader frå permitterte. Informasjon om lønn og permittering skulle dei hente frå Skatteetaten og den såkalla a-ordninga.

Denne planen gjekk i vasken.

Må endre reglane

– Det viste seg at vi ikkje nødvendigvis ville finne dei opplysingane vi trengte i a-ordninga, noko som ville ført til at utbetalingane i mange tilfelle ville blitt feil, forklarer Åsholt.

Nav har sagt at dei no arbeider med ei løysing der arbeidsgivar rapporterer inn informasjon direkte til Nav. Eit nytt regelverk skal vere på plass i slutten av mai.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse