JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Stengte grenser:

Regjeringa lovar korona-lønn til arbeidsfolk som er utestengd frå jobben i Norge

Dei som var utanfor landet då regjeringa stengde grensa, har gått over ein månad utan inntekt. – Dette er sosial dumping på høgaste nivå, seier Fellesforbundet-leiaren.

Jan-Erik Østlie

tormod@lomedia.no

Torsdag arrangerte Fellesforbundet eit møte om utestengde arbeidspendlarar, for fagforeiningar og tillitsvalde. Der møtte statssekretær Saida Begum (H) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Ho forklarte at det ikkje finst reglar for kompensasjon til arbeidstakarar som ikkje kjem seg på jobb. Begum fortalde at departementet derimot har vurdert ei inntektssikringsordning heile vegen, og no ser på moglegheita for eventuell misbruk av ei sånn ordning.

– Det er høgt prioritert og vi vil kome med ei løysing så snart vi kan, lova statssekretæren.

Fekk du med deg denne? Polske Ryszard har jobba i Norge i 13 år, men står utan inntekt når grensa er stengd

– Hjarterått

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) får ikkje eitt minutts fred frå Jørn Eggum, kunne Fellesforbundet-leiaren fortelje på møtet.

– Vi kjem til å følge opp signal og lovnader som kjem derfrå, seier Eggum til Magasinet for fagorganiserte.

Han viser til at regjeringa har hatt eitt år på seg til å førebu stengde grenser.

Fellesforbundet den siste månaden fått mange meldingar frå medlemmer i industrien og byggebransjen som no er utestengd frå jobben i Norge og dermed ikkje har inntekt, sjølv om dei har bidratt til det norske fellesskapet gjennom mange år.

– Det er hjarterått. Folk har gjort det dei skal gjere, jobba, skatta og betalt trygdeavgift, og så stenger regjeringa grensa utan omtanke for desse. Og attpåtil stemmer dei ned forslag som kunne bidratt til å få dette på plass, seier forbundsleiaren.

Sosial dumping

For to veker sidan foreslo Ap, Sp og SV at grensependlarar skulle få økonomisk kompensasjon, for eksempel gjennom regelverket for sjukepengar eller dagpengar frå Nav.

Regjeringspartia og Frp stemte ned forslaget.

Statsråden viste i debatten til at regjeringa etter EØS-reglane ikkje kan lage eigne reglar for berre ei gruppe EØS-borgarar, og Frp-politikar Erlend Wiborg sa at partiet ikkje ønskte at norske skattepengar skulle gå til austeuropearar.

Seinare, måndag denne veka, har grensene altså blitt opna for dagpendlarar til Norge, mens dei som pendlar over lengre periodar framleis står utan ei krone.

– Dette er sosial dumping på høgaste nivå, kommenterer Jørn Eggum.

– Det kan verke som regjeringa har vore opptatt av grensependlarane frå Norden, men er mindre opptatt av dei som kjem lengre vekke frå.

Fredric blir kalt «han koronasvensken»: – Føler vi har seks millioner nordmenn mot oss

Permitteringsreglar

Statssekretæren Saida Begum gjentok torsdag bodskapet om at Nav betaler ut dagpengar til dei som er permitterte fordi dei ikkje kjem seg på jobb.

Både LO og NHO peikar derimot på at stengde grenser ikkje nødvendigvis er sakleg grunn til permittering etter den såkalla Hovudavtala mellom partane. Det er dessutan den enkelte arbeidsgivar som har det siste ordet i permitteringar, som også må betale full lønn i ein periode med varsling og lønnsplikt.

– Dei som har betalt skatt og avgifter må få kompensasjon som andre arbeidsfolk. Arbeidarpartiet meiner det er mogleg å finne løysingar innanfor dagens regelverk, utan å vise til partane og permitteringsreglane, sa Ap-politikar Rigmor Aasrud som også deltok på møtet.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse