JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Akkordarbeid:

Røyrleggar Gøran har rekorden: Tente 470 kroner timen på akkord

Jobbar dei effektivt, blir lønna høgare. I Trøndelag er både røyrleggarane og bedrifta strålande nøgde med akkordarbeid, og dei oppfordrar fleire til å prøve lønnssystemet.
MOTIVERT: Akkordarbeid gir samhald mellom gutane, dagane går fort og lønna er ein motivasjonsfaktor, forklarer røyrleggar Gøran Brevik.

MOTIVERT: Akkordarbeid gir samhald mellom gutane, dagane går fort og lønna er ein motivasjonsfaktor, forklarer røyrleggar Gøran Brevik.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

TRONDHEIM: Gøran Brevik (30) kom frå ein jobb med fast lønn då han begynte å jobbe i røyrleggarbedrifta Ole Sivertsen AS som har målt akkord i alle år.

Akkord er eit lønnssystem der ein får betalt for eit stykke arbeid. Jo meir effektivt ein jobbar, jo høgare blir lønna.

– Eg hadde inga tru på akkordarbeid, men vart veldig gira. Det gir samhald mellom gutane, dagane går fort og lønna er ein motivasjonsfaktor, seier Brevik, og det er kanskje ikkje så rart:

Han var bas på akkordlaget som har årets rekord. På prosjektet Sjølyst Terasse i Trondheim, som vart avslutta rett før sommaren, enda laget opp med 470 kroner timen, godt over snittet på 288 kroner i første halvår på røyr i Trøndelag.

– Det var som å ringe frå Hamar, ler oppmåler Kim André Johansen i Rørleggernes forening i Trondheim.

Les også: På denne byggeplassen er bemanningsbyrå og innleie fremmedord

Også for nytilsette Mikael Andersen (21) var akkordarbeid ei ny oppleving.

– Eg hadde aldri høyrd om det før eg starta her som lærling. Det gir meir motivasjon når ein kan tene litt ekstra, slår han fast.

Sjølv om akkordarbeid er eit gløymd fenomen i mange bransjar, held byggfaga stand, og særleg i Trøndelag.

Meir effektivt

– Gutane har ein ekstra glød og samhald. Det er gode dagar på jobb, forklarer dagleg leiar Jens Haseth i Ole Sivertsen.

For bedrifta er også produktiviteten ei viktig årsak til at akkord lønner seg. Og produktiviteten har gått ned i byggebransjen dei siste tiåra.

– Det er kustus i akkordlaget. Det kan snu trenden, seier Haseth.

– Vi har betre inntening med akkord. På prosjekt utan, er det vesentleg meir mannskap, fortel han.

Klubbleiar Gunnar Kvam (61) forklarer kustusen:

– Vi står ikkje med pisken, men oppmuntrar til at det er mogleg å tene nokre ekstra kroner. Det viktigaste er å møte opp tidsnok og at heile laget er med på arbeidet, seier han.

OLE SIVERTSEN: Klubbleiar Gunnar Kvam, dagleg leiar Jens Haseth, Mikael Andersen og Gøran Brevik i røyrleggarbedrifta Ole Sivertsen AS.

OLE SIVERTSEN: Klubbleiar Gunnar Kvam, dagleg leiar Jens Haseth, Mikael Andersen og Gøran Brevik i røyrleggarbedrifta Ole Sivertsen AS.

Håvard Sæbø

Akkordarbeid handlar om å planlegge, lage system og samarbeid som får arbeidet til å flyte, fortel røyrleggarane. Arbeidsplassen må vere ryddig sånn at ein veit kor ein har verktøy og materiell. Ein skal dessutan aldri gå tomhendt mellom oppgåver på byggeplassen.

Og kvaliteten blir heller ikkje dårlegare når dei er meir effektive, forsikrar røyrleggarane i Ole Sivertsen. Bedrifta har lite reklamasjon.

– Vi har yrkesstoltheit, og går ikkje frå jobben ugjort, slår klubbleiar Kvam fast.

Les også: Rørleggerne Trygve og Geir tjener fett på akkord

Gjensidig tillit

Mange i bransjen har fordommar mot akkord, fortel Haseth, og er redd for å bli lurt. Nokre hugsar fleire tiår gamle konfliktar om prising på arbeidet og kva som skal inngå i akkorden.

– Det er viktig å ha ein god dialog, og at entreprenørane og gutane går saman inn i dette med gjensidig tillit. Då slepp dei å bruke tid på å krangle, og kan heller produsere og tene pengar, seier han.

Det stadfestar Kim André Johansen i Fellesforbundet, som måler røyrleggararbeid frå og med Møre og Romsdal og opp til russargrensa.

– Eg ser på motmålaren som ein kollega, ikkje motstandar. Vi skal finne rett pris saman, slår han fast.

I akkordtariffen finn dei reglane og prisar for arbeidet. Tabellane kan sjå litt kompliserte ut ved første augekast, vedgår røyrleggarane. Ein treng ikkje kunne boka på rams, forsikrar dei, men å slå opp dersom ein lurer på noko. Frå målekontora i Fellesforbundet kan ein få eit kurs.

Og enkelte er meir ivrig enn andre:

– Eg har lest meg opp sjølv. Eg sender akkordboka med lærlingane heim sånn at dei får lære seg, ler Gøran Brevik.

Til røyrleggarar og andre som er interesserte, seier klubbleiar Kvam at dei bør ta sjansen og prøve. Det handlar berre om å komme i gang.

Akkord

Tilsette får betalt for eit stykke arbeid som blir prisa og fordelt på talet timar dei bruker, med eit forskot utbetalt mens arbeidet pågår.

Fellesforbundet og arbeidsgivarane i BNL vart i tariffoppgjeret i 2016 einige om å jobbe for at akkord skal bli det føretrekte lønnssystemet i bransjen.

Eit tiltak frå oppgjeret i år, er å lage ein rettleier for dei som vil prøve lønnssystemet, som bygg-foreiningane i Trondheim har fått ansvar for å lage eit utkast til.

Dei som er interessert i å prøve akkord, kan ta kontakt med Fellesforbundet-avdelinga si eller eit målekontor i nærleiken.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Akkord

Tilsette får betalt for eit stykke arbeid som blir prisa og fordelt på talet timar dei bruker, med eit forskot utbetalt mens arbeidet pågår.

Fellesforbundet og arbeidsgivarane i BNL vart i tariffoppgjeret i 2016 einige om å jobbe for at akkord skal bli det føretrekte lønnssystemet i bransjen.

Eit tiltak frå oppgjeret i år, er å lage ein rettleier for dei som vil prøve lønnssystemet, som bygg-foreiningane i Trondheim har fått ansvar for å lage eit utkast til.

Dei som er interessert i å prøve akkord, kan ta kontakt med Fellesforbundet-avdelinga si eller eit målekontor i nærleiken.