Tormod Ytrehus" />
SJOKK: A-krimsamarbeidet i Møre og Romsdal avdekte sjokkerande lønns- og arbeidsvilkår hos underleverandørar på Vard Søviknes. No har verftet tatt grep, forsikrar verftsdirektør Arnt Inge Gjerde, klubbleiar Rune Torsvik og tillitsvald Kristian Ertresvåg i Fellesforbundet.

Tormod Ytrehus

Minstelønn

Rumenarar jobba for 30 kroner timen hos underleverandør: – Vi mista kontrollen

Under eit tilsyn av underleverandørar på verftet Vard Søviknes fann a-krimsamarbeidet omfattande brot på lønns- og arbeidsvilkår. No har bedrifta tatt grep.

20.05.2022
13:37
20.05.2022 14:38

tormod@lomedia.no

I starten av mai sleppte a-krimsamarbeidet i Møre og Romsdal, som består av Arbeidstilsynet, Skatteetaten og politiet, ein rapport etter to år med kontrollar av underleverandørar på åtte verft i regionen. Funna var omfattande brot på grunnleggande lønns- og arbeidsvilkår.

NRK fekk vere med på eit umeldt tilsyn hos Vard Søviknes i oktober 2021. Vard Søviknes har dei siste åra spesialisert seg på å utruste cruiseskip, og var midt i innspurten av leveringa av det største så langt – luksusskipet Viking Octantis.

Under tilsynet fann a-krimsamarbeidet rumenske golvleggarar som jobba for ned i 30 kroner timen, 70 timars veker og tre veker i strekk utan fri. Advokaten til underleverandøren hevdar overfor NRK at dei tilsette fekk norsk minstelønn gjennom doble lønnsslippar.

Korleis kunne dette skje, og kva har verftet gjort for å rydde opp?

MANGE PÅ VERFTET: 166 er tilsette på Vard Søviknes. Når vi er på besøk er 716 inne på verftet. Det er arbeidarar frå underleverandørar, innleigde og andre tilsette i Vard-konsernet som jobbar på cruiseskipet Viking Polaris.

Mista kontrollen

– Vi føler oss lurt, seier klubbleiar Rune Torsvik i Fellesforbundet på Vard Søviknes.

– Det er kjedeleg for oss i klubben å få spørsmål på bygda om kvifor vi ikkje har oppdaga dette før. Men det er ikkje enkelt for oss å avdekke.

Torsvik trudde han hadde godkjent seriøse underleverandørar. Han forklarer: Når eit nytt prosjekt kjem til kai, blir verftsleiinga og dei tillitsvalde einige om ei liste over kva firma som skal vere underleverandørar. Problemet oppstod når underleverandørane sette ut arbeidet til nye underleverandørar, og det dukka opp arbeidarar med ukjende logoar på ryggen.

– Det vart i nokre tilfelle så mange ledd at vi mista oversikta over kven som gjorde den fysiske jobben. Vi mista kontrollen, seier Torsvik.

166 er tilsett på Vard Søviknes. Under tilsynet i oktober var 1.000 arbeidarar inne på verftet, ifølge Vard. 270 var tilsette i konsernet, mens resten var på entreprise-kontraktar eller innleigde.

IKKJE ENKELT: Det er ikkje enkelt å avsløre ulovlege lønns- og arbeidsvilkår hos underleverandørane utan gode system, forklarer klubbleiar Rune Torsvik.

IKKJE ENKELT: Det er ikkje enkelt å avsløre ulovlege lønns- og arbeidsvilkår hos underleverandørane utan gode system, forklarer klubbleiar Rune Torsvik.

Tormod Ytrehus

Verftet har ansvar

Verftsdirektør Arnt Inge Gjerde seier han vart sjokkert over funna til a-krimsamarbeidet under tilsynet på Vard Søviknes.

I kontraktane med underleverandørane har Vard stilt krav om norske arbeidsvilkår og reglar i leverandørkjeda, forklarer Gjerde, og betalt underleverandørane deretter.

– Det er kanskje litt typisk norsk at vi trur det beste om alle.

I blant anna verftsbransjen er minstelønna og arbeidstidsreglar i tariffavtala såkalla allmenngjort, altså lovfesta. Det er for å sikre at utanlandske arbeidarar får norske vilkår, og at den norske standarden ikkje blir pressa nedover.

Eit selskap som bruker underleverandørar har ifølge lova både plikt til å informere om at tilsette minst skal ha norske lønns- og arbeidsvilkår, og plikt til å undersøke og følge opp at det faktisk skjer.

Arbeidstilsynet meinte Vard Søviknes braut sistnemnde plikt, «påse-plikta», under tilsynet.

Les også: Anna (27) fikk 0 kroner i lærlinglønn: – Jeg har fått låne penger av mamma siden i fjor

Kontrollen er tilbake

Vard fekk raskt tatt tilbake kontrollen på verftet etter tilbakemeldingane frå a-krimsamarbeidet, seier Gjerde:

No skal ingen komme inn verftsporten utan at dei viser fram ei stadfesting frå Skatteetaten på at arbeidaren og arbeidsoppdraget er registrert i Norge. Det er ei ny rutine, og skjer saman med den vanlege ID-sjekken utanfor porten. Rutinen vart innført før søsterskipet til Octantis, Viking Polaris, kom til kai i januar.

Nokre firma sleppte først ikkje inn fordi dei ikkje hadde sendt inn dokumentasjonen dei skulle til Skatteetaten, forklarer Gjerde. Det kom fort på plass etter møtet med stengde dører.

– No veit vi kva selskap som er på verftet.

Arbeidstilsynet har stadfesta at Vard følger både informasjons- og påseplikta etter endringane som er gjort, ifølge Vard.

– Eg føler vi gjer alt vi kan for å ha kontroll, seier Gjerde.

STENGDE DØRER: No skal ingen arbeidarar komme inn på verftet utan at dei har dokumentasjonen på plass, forsikrar verftsdirektør Arnt Inge Gjerde.

STENGDE DØRER: No skal ingen arbeidarar komme inn på verftet utan at dei har dokumentasjonen på plass, forsikrar verftsdirektør Arnt Inge Gjerde.

Tormod Ytrehus

Hjelp frå myndigheitene

Vard har også kontraktsfesta moglegheita til å avgrense talet ledd under underleverandørane, legg verftsdirektøren til.

– Om nokon vil sette bort arbeid, meiner eg det er greitt så lenge vi er informert og har godkjent selskapet.

Verftet tar dessutan stikkprøver der dei krev at underleverandørane dokumenterer lovleg lønn, forklarer han.

– Men for å vite at lønnsslippar faktisk er riktige, må vi ha hjelp frå myndigheitene. Dei har andre verktøy enn oss. Samarbeidet med a-krimgruppa er kjempeviktig for oss framover, seier Gjerde, og legg til at tilsynet i oktober var ein døropnar for samarbeid med etatane.

Når det gjeld lovleg arbeidstid, seier han timelister også blir sjekka i interntilsyna med underleverandørane.

– Vi jobbar også med løysingar i åtgangssystemet vårt som vil gjere at tilsette hos underleverandørar ikkje får tilgang til verftet utanom normal arbeidstid.

Utanlandsk arbeidskraft

Etter oljekrisa i 2016, omstilte Vard Søviknes seg frå å hovudsakleg utruste offshore supportbåtar. Dei siste fire åra har verftet utrusta ekspedisjonsskip med skrog bygd på verftet til Vard i Romania. Mange av underleverandørane som installerer interiøret er utanlandske.

Kvifor ikkje norske?

– Da vi kom inn i cruise-marknaden, var det ikkje kompetanse på området i Norge i særleg stor grad, mens det var ein etablert marknad ute i verda. Den norske leverandørkjeda har ikkje den erfaringa enno, så vi er avhengig av utanlandske leverandørar, forklarer Gjerde.

Da klubbleiar Torsvik begynte på verftet for tretti år sidan, var det ei stor gruppe norske tilsette, forklarer han, og nokre få finske innleigde. I dag er det ei lita kjerne norske arbeidarar, og mange utanlandske.

– Eg håpar vi kan få den norske delen mykje større, seier han, og legg til at verftet har mange lærlingar no, og at skolane må legge til rette for linjer for skipsbygging og industri.

– Men med så store prosjekt som vi har no, er vi heilt avhengig av å leige inn arbeidskraft. For all del, den må gjerne vere norsk, legg Gjerde til.

MANGE UTANLANDSKE: Kompetansen på å innstallere interiør på cruiseskip finst førebels i utlandet, forklarer verftsdirektør Arnt Inge Gjerde. Vard Søviknes har dei siste fire åra omstilt seg til å utruste ekspedisjonsskip, som dette isbrytande ekspedisjonsskipet for franske Ponant.

Viktig læring

I tillegg til verftet på Søviknes vart også Vard Brattvaag og Vard Langsten kontrollerte av a-krimsamarbeidet. Vard med hovudkontor i Ålesund (og eigd av Europas største skipsbyggar, italienske Fincantieri), seier dei har gjennomført tiltak og skjerpa inn rutinane i heile konsernet.

– Det positive er at dette har vore ei veldig god læring, og eg trur veldig mange andre kan lære av verftsprosjektet til a-krimsamarbeidet. Vi har lært, og vi har betre kontroll. Det er ei god kjensle, seier verftsdirektør Gjerde.

Arbeidet for å bli betre held fram på Søviknes, forsikrar han. Verftsleiinga og dei tillitsvalde har starta månadlege møte der dei går gjennom ulike punkt for å hindre slike saker skal komme opp igjen, forklarer klubbleiar Torsvik.

STORT KONSERN: Vard har verft her i Søvik, i Brattvåg og Tomrefjord i Møre og Romsdal. Dei har også verft i Romania, Brasil og Vietnam. Eigaren, italienske Fincantieri, er Europas største skipsbyggar.

Les også: Da vernepleier Annkarin sjekket tilleggene for ansiennitet, ble hun overrasket: – Det føles feil

Verftsprosjektet

A-krimsamarbeidet i Møre og Romsdal består av Arbeidstilsynet, Skatteetaten og politiet.

Dei snakka med nesten 500 tilsette hos 78 underleverandørar på åtte verft i 2020 og 2021.

Nesten halvparten av dei tilsette sa dei tente mindre enn minstelønna, og ein av fem sa dei fekk 100 kroner per time eller mindre. Det var også avvik mellom arbeidstida tilsette og arbeidsgivarane sa dei jobba.

51 selskap fekk pålegg om forbetringar i grunnleggande lønns- og arbeidsvilkår, frå Arbeidstilsynet. Fire av selskapa fekk overtredingsgebyr på opptil 1,2 millionar kroner.

Kjelder: Rapporten frå verftsprosjektet og NRK

Mest lest

BITTERT: Per Olav Truberg har jobba mange år i matindustrien. Takken var oppsigelse da han havna i operasjonskø med et trøble kne.

BITTERT: Per Olav Truberg har jobba mange år i matindustrien. Takken var oppsigelse da han havna i operasjonskø med et trøble kne.

Erlend Angelo

Per Olav mistet jobben i operasjonskø: – Det er veldig sårt

BELASTENDE YRKE: Frisør og tillitsvalgt Kaja Aga Gaarder tar smertestillende for å klare arbeidsdagen. Etter en bilulykke har hun daglige smerter. Men hun tok smertestillende på jobb også før ulykken. Her fikser hun håret til Victoria Gjone.

Jan-Erik Østlie

Bruken av smertestillende øker: Kaja starter alltid arbeidsdagen med en Paracet

Unni tar gjerne på seg ekstra vakter. Hun elsker å gjøre en forskjell.

Unni tar gjerne på seg ekstra vakter. Hun elsker å gjøre en forskjell.

Eirik Dahl Viggen

Unni (65) var lei av livet som pensjonist. Da gjorde hun et uvanlig valg

Roy Ervin Solstad

Han er blant dem som har kommet med fete lønnskrav

OPPGJØR: Årets lønnsoppgjør står for døren og elektrikerne starter sine forhandlinger 22. april. Her er en Bravida-montør i sving med akkordarbeid på Drammen sykehus tidligere i år.

OPPGJØR: Årets lønnsoppgjør står for døren og elektrikerne starter sine forhandlinger 22. april. Her er en Bravida-montør i sving med akkordarbeid på Drammen sykehus tidligere i år.

Leif Martin Kirknes

Når får du ny lønn? Disse datoene må du merke deg

Håndverkere oppgir en høyere bruk av narkotika enn gjennomsnittet. Elektrobransjen frykter det kan føre til flere farlige situasjoner og ulykker på arbeidsplassene.

Håndverkere oppgir en høyere bruk av narkotika enn gjennomsnittet. Elektrobransjen frykter det kan føre til flere farlige situasjoner og ulykker på arbeidsplassene.

Leif Martin Kirknes

Økt kokainbruk blant unge elektrikere

Martine Lie satser på at et par måneder med permittering går greit.

Martine Lie satser på at et par måneder med permittering går greit.

Erlend Angelo

Potetmangel gir permitteringer i Bama

FLEST KVINNER: I rapporten kommer det fram at det ofte er unge kvinnelige ansatte, både med norsk og utenlandsk opprinnelse, som er skadelidende.

FLEST KVINNER: I rapporten kommer det fram at det ofte er unge kvinnelige ansatte, både med norsk og utenlandsk opprinnelse, som er skadelidende.

Colourbox.com

Renholdere trues med at de mister jobben om de er syke

HENTER I BARNEHAGEN: Fengselsbetjent Jørgen Myrvold samler overtid for å ha et hjem til barna. Han er helt avhengig av et godt lønnsoppgjør for å fortsette i fengsel.

HENTER I BARNEHAGEN: Fengselsbetjent Jørgen Myrvold samler overtid for å ha et hjem til barna. Han er helt avhengig av et godt lønnsoppgjør for å fortsette i fengsel.

Eirik Dahl Viggen

Jørgen (29) overlever på overtidstimer

Høyres Henrik Asheim er glad for å ha fått pensjonsforliket gjennom - og håper endringen er på plass allerede neste år.

Høyres Henrik Asheim er glad for å ha fått pensjonsforliket gjennom - og håper endringen er på plass allerede neste år.

Jonas Fagereng Jacobsen

Høyre vil ha superrask behandling av nye pensjonsregler

BLITT BEDRE: Etter at de fikk tariffavtale, syns tillitsvalgt Benjamin Jacobsen at samarbeidet med ledelsen har blitt bedre.

BLITT BEDRE: Etter at de fikk tariffavtale, syns tillitsvalgt Benjamin Jacobsen at samarbeidet med ledelsen har blitt bedre.

Herman Bjørnson Hagen

Sjefen mente de ansatte sluntra unna. Da begynte ballen å rulle

MÅLRETTA: Butikkansatt Ali Rahimi forteller arbeidsminister Tonje Brenna hvor hardt han har jobba for å lære seg norsk og få et normalt liv etter flukten fra Afghanistan.

MÅLRETTA: Butikkansatt Ali Rahimi forteller arbeidsminister Tonje Brenna hvor hardt han har jobba for å lære seg norsk og få et normalt liv etter flukten fra Afghanistan.

Brian Cliff Olguin

Ali kom fra Afghanistan som 17-åring. Han lærte seg norsk gjennom butikkjobben

Knut Viggen

Tidligere LO-leder blir korrupsjonsjeger

Etter en tøff runde med sensorer som skjelte henne ut under fagprøven, har Anny-Elise både skaffet seg fagbrev og fast jobb i forpleininga på sokkelen. Her fra hennes nyligste tur ut på Heidrun-plattformen.

Privat

Anny-Elise ble skjelt ut av sensor. Nå har hun fått drømmejobben

Brian Cliff Olguin

Et orakel og en slags urmoder. Slik beskrives Berit (67) av kollegene

LANGE STREKK: Etter to års dragkamp, er Bergen fengsel omsider i mål med en avtale om 12-timersvakter i helgene.

LANGE STREKK: Etter to års dragkamp, er Bergen fengsel omsider i mål med en avtale om 12-timersvakter i helgene.

Eirik Dahl Viggen

Ansatte i Bergen fengsel får 12-timersvakter i helgene

Håvard Sæbø

Høyesteretts ankeutvalg: Sak om innleie må behandles på nytt

Per Backer

Fikk stoppet søndagsåpen butikk i Vinje

Kathrine Geard

Yngve sier sjelden hva han jobber med: – Da må jeg forklare resten av kvelden

Næringsminister Jan Christian Vestre er svært fornøyd med den nye handelsavtalen som EFTA-landene har forhandlet fram med India.

Næringsminister Jan Christian Vestre er svært fornøyd med den nye handelsavtalen som EFTA-landene har forhandlet fram med India.

Erlend Angelo

Nå skal norsk laks erobre India: – En «game changer»

Flere saker