JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nytt om navn

Rune Rafdal er ny fagforeiningsleiar

Topptillitsvalt tar over klubba i Fellesforbundet avdeling 118 Hardanger Sunnhordland.
GRASROTA: Rune Rafdal ville tilbake til grasrota etter over eit tiår som topptillitsvalt, og er takksam for tilliten frå medlemmane i fagforeininga.

GRASROTA: Rune Rafdal ville tilbake til grasrota etter over eit tiår som topptillitsvalt, og er takksam for tilliten frå medlemmane i fagforeininga.

Privat

tormod@lomedia.no

I april vart han valt som ny leiar etter Atle Tranøy. Nytt er det at Rune Rafdal (59) skal leie fagforeininga på heiltid.

– Eg er storfornøgd med å få den tilliten, det er noko eg hadde veldig lyst til. Eg ville tilbake til grasrota, og det er spennande å bli kjent med små bedrifter i området vårt.

Platearbeidaren gir seg samtidig som konserntillitsvalt i Aker Solutions (tidlegare Kværner). Det har han vore sidan 2011. Tillitsvalt på heiltid har han vore sidan 1996. Først som produktivitetstillitsvalt på Aker Stord, nestleiar i klubben og klubbleiar.

Passar på innleiga

Avdeling 118 har 3.000 medlemmar i mange bransjar, men flaggskipet er nettopp verftet til Aker på Stord.

– No ser det ut som det blir ein periode med veldig høg aktivitet på dei store offshoreverfta. Det kjem til å bli mykje innleige på verfta, som krev mykje frå oss som avdeling. Vi har tett samarbeid med klubbane på dei store verfta sånn at vi klarer å ha ordna forhold. Innleigde skal ha lønns- og arbeidsvilkår som er innanfor lovverket, slår Rafdal fast.

– Vi ser også at det er utfordringar på små og mellomstore bedrifter med straumutgifter og prisstiging, legg han til.

Over førti år i fagrørsla

Sidan han vart lærling i 1980 har Rafdal jobba på Aker Stord. 42 år som tilsett på verftet og medlem i Fellesforbundet, altså.

– Det er ein fantastisk arbeidsplass som gir mange moglegheiter om du har lyst.

Hjartet på rett stad og sunt bondevett er grunnen til at han har brukt så mange år på fagrørsla, fortel han. Faren var klubbleiar på Aker Stord på 60- og 70-talet, så han er også litt arveleg belasta.

Ingen medgangssupportar

Rafdal var innom kommunestyret på Stord for Arbeidarpartiet i «gamle dagar». Han er framleis medlem, men ikkje aktiv.

Han har sambuar, ein son på 32 år og ei dotter på 22. Hobbyane hans er fiske, og spesielt laksefiske i Suldal og Etne. Når han ikkje er på sambuaren si hytte i Skånevik, da. Han er også veldig fotballinteressert, og spesielt i Leeds United. Det har vore laget sidan 70-talet. Det har blitt ein del fotballturar til England opp gjennom.

– Dei var nesten konkurs ein periode og rykka ned. Ingen kan skulde leedssupportarar for å vere medgangssupportarar, iallfall.

Namn: Rune Rafdal

Alder: 59

Aktuell med: Ny leiar i Fellesforbundet avdeling 118

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Namn: Rune Rafdal

Alder: 59

Aktuell med: Ny leiar i Fellesforbundet avdeling 118