JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Full lønn for permitterte:

Sånn blir ordninga med 20 dagar full lønn for permitterte

Permitterte studentar og andre utan krav på dagpengar, får også lønnskompensasjon. Nav skal ha søknadsfunksjonen oppe og gå innan mai.

Colourbox

tormod@lomedia.no

Perioden arbeidsgivar har plikt til å betale full lønn til permitterte, vart i mars redusert frå 15 til 2 dagar. Formålet er å hjelpe bedriftene.

Samtidig bestemte Stortinget at staten skulle betale ut eit beløp tilsvarande 18 dagar full lønn til permitterte, av ei årslønn på inntil 600.000 kroner (6 G).

Dermed skal permitterte til saman ha utbetalt eit beløp tilsvarande 20 dagar full lønn til saman, før dei går over på dagpengar.

Ordninga gjeld med tilbakeverkande kraft frå 20. mars.

p

Gjeld også studentar

Detaljane i ordninga har derimot ikkje vore klare før no. Ei mellombels forskrift trådde i kraft onsdag førre veke og gjeld fram til 31. oktober.

Den gjeld alle som er ramma av den reduserte arbeidsgivarperioden, altså også dei som ikkje har krav på dagpengar i folketrygdlova. Dermed får studentar lønnskompensasjon, skriv regjeringa i ei pressemelding. Det same gjeld tilsette over 67 år.

Du kan søke i mai

Lønnskompensasjonen er ei eingongsutbetaling som du må søke Nav om.

Ein digital søknadsfunksjon skal vere klar innan månadsskiftet april/mai, skriv Nav på nettsidene sine.

Du kan søke 20 dagar etter at permitterings-perioden starta. Desse dagane består av arbeidsgivarperioden på 2 arbeidsdagar, før perioden med lønnskompensasjon på 18 kvardagar (måndag til fredag).

Utbetalinga utgjer 83 prosent av ein månadslønn, skriv regjeringa. Dette er fordi 260 arbeidsdagar i året, og 21,7 arbeidsdagar i månaden, er lagt til grunn.

Dette er grunnlaget

Grunnlaget for utbetalinga er den gjennomsnittlege månadslønna di dei tre siste månadene. For dei som har stått i jobben i kortare tid, blir dei to siste eller den siste månaden lagt til grunn.

Nav hentar informasjonen frå Skatteetaten, som arbeidsgivaren din har rapportert inn lønna di til. Dersom du har jobba kortare enn ein månad, må du på anna vis dokumentere kva lønna di er.

For delvis permitterte, blir utbetalinga redusert ut frå kor mykje du framleis arbeider. Dagpengar utbetalt på forskot frå Nav, blir ifølge forskrifta også trekt frå.

Du får ikkje lønnskompensasjon dersom du samtidig mottar sjukepengar eller omsorgspengar.

p

Slutt på lønnsforskot

Arbeidsministeren og Nav har tidlegare oppfordra arbeidsgivarar til å betale ut lønnskompensasjonen på førehand. Desse arbeidsgivarane får utgiftene tilbake frå Nav.

Dette gjeld derimot ikkje for permitterings-periodar som starta etter 20. april, ifølge dei nye reglane. Grunnen er at ordninga skal bli enklare for Nav å handtere, skriv regjeringa.

Dermed vil det etter denne datoen etter alt å dømme vere slutt på forskot på lønnskompensasjon frå arbeidsgivar.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse