JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Koronakrisa:

Scandic nedbemannar med 1000 årsverk: – Den svartaste dagen i livet mitt, seier tillitsvald

Permitteringsperioden må doblast til 52 veker for å hindre masseoppseiingar, krev Fellesforbundet.
GRAVFERD: – Eg hadde kjensla av å vere ferdig med ei gravferd, seier hovudtillitsvald Anne Marie Andersen om allmøtet på Park Hotell i Sandefjord. Andersen sit også i det norske og europeiske samarbeidsutvalet til Scandic-konsernet.

GRAVFERD: – Eg hadde kjensla av å vere ferdig med ei gravferd, seier hovudtillitsvald Anne Marie Andersen om allmøtet på Park Hotell i Sandefjord. Andersen sit også i det norske og europeiske samarbeidsutvalet til Scandic-konsernet.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Scandic offentleggjorde tysdag at dei nedbemannar om lag 1000 årsverk som følge av koronakrisa i reiselivet.

Nedbemanninga startar i august.

– Scandic Norge er hardt ramma av koronakrisa og står i ein krevjande økonomisk situasjon. Det er heilt nødvendig å tilpasse verksemda til den nye kvardagen, uttaler Scandic-sjef Asle Prestegard i ei pressemelding.

– Dette er noko vi ønska å unngå, og eg kjenner verkeleg med våre fantastiske tilsette som blir berørt av dette.

Heilt forferdeleg

Dei tilsette på Park Hotell i Sandefjord vart informert om nedbemanninga på eit allmøte tysdag morgon.

– Dette er den svartaste dagen i livet mitt. Det er heilt forferdeleg brutalt å få beskjeden, seier hovudtillitsvald Anne Marie Andersen til Magasinet for fagorganiserte.

Fekk du med deg denne? Koronaen stenger ned Hotell-Norge: – Det var som å slå av brytaren

På hotellet hennar skal over halvparten, 41 av 74 årsverk bort. Andersen forklarer at nedbemanninga rammar fleire enn talet årsverk, fordi mange jobbar deltid. Dei fleste vil miste jobben ved årsskiftet, etter oppseiingstida.

– Eg ser ikkje berre tal, men kollegaane mine. Det er frykteleg mange skjebnar.

Kunne vore unngått

Park Hotell har hatt mange gjestar i sommar, men bestillingane frå kurs- og konferansegjestane uteblir.

– Om regjeringa hadde forlenga permitteringsordninga, hadde det vore lettare for oss å sjå an bookingsituasjonen, seier ho.

Oppseiingar i reiselivet kunne vore unngått, meiner forbundssekretær Clas Delp i Fellesforbundet.

– Dette er eit resultat av at regjeringa ikkje har forlenga dagpengeperioden. Det pressar fram oppseiingar som kan vere unødvendige, seier Delp til Magasinet.

Eitt år med dagpengar

Permitterte kan ifølge lovverket berre få dagpengar i 26 veker. LO og NHO har kravd at perioden blir forlenga til 52 veker, før arbeidsgivar igjen må betale ut lønn.

– Arbeidsgivarane og tillitsvalde burde fått tid til å sjå på framtidsutsiktene for hausten og neste år, sånn at dei kan gjennomføre eventuelle oppseiingar ut frå kunnskap om korleis framtida blir, seier Delp.

– Eg oppfattar at regjeringa og arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen ikkje tar situasjonen i reiselivet på alvor.

– Om det ikkje skjer noko med permitteringsperioden, er det berre eit tidsspørsmål før nedbemanningane også kjem i dei andre store kjedene, åtvarar Delp.

Ber om meir hjelp

– Vil ikkje ei forlenga permitteringsperiode føre til at bedrifter og tilsette ikkje omstiller seg etter endringar i arbeidslivet?

– Kva skal dei omstille seg til? Dette er snakk om bedrifter som ikkje veit korleis framtida blir. Både tillitsvalde og tilsette er med på omstilling, men vi må vite kva vi skal omstille oss til.

Les også: Tillitsvalde reagerer sterkt på kutt i dagpengar: – Dei aller svakaste betaler prisen

Scandic-sjef Asle Prestegard uttaler at dei er takksame for støtte frå staten til å dekke faste utgifter, men at myndigheitene må halde fram med støtteordningane. I tillegg ber han om lette i mellombelse restriksjonar for reiselivet.

– Sånn at vi kan ta oss gjennom krisa og behalde så mange medarbeidarar som mogleg i tida som kjem.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse