JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Masseoppseiingar:

Scandic reduserer varsla nedbemanning med 300 årsverk

Etter møte med tillitsvalde, gjer hotellkjeda Scandic delar av masseoppseiinga om til permitteringar.

Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

Om lag 300 av dei 1.000 årsverka hotellkjeda i slutten av juni varsla at dei skal nedbemanna, blir gjort om til permitteringar. Det skjer etter eit møte med det koordinerande utvalet for tillitsvalde i Scandic (KUTS).

Det nye talet er altså omtrent 700 årsverk.

Dei tillitsvalde gjekk hardt ut fredag og kravde at masseoppseiingane vart sette på vent, etter at regjeringa varsla ei utviding av perioden for permittering. Tilsette som vart permittert etter dei strengaste koronatiltaka 12. mars, kan no vere permitterte i opptil 52 veker.

– Vi håpar den forlenga permitteringsperioden vil bidra til at vi unngår ytterlegare og unødvendige oppseiingar, og ønsker å ha med oss så mange av våre tilsette som mogleg vidare, uttaler HR-direktør Elin Ekrol i ein sms til Magasinet for fagorganiserte.

Scandic sa før endringane i permitteringsreglane og seinast torsdag, at dette ikkje ville ha innverknad på nedbemanninga. Etter kravet frå dei tillitsvalde fredag, snudde hotellkjeda og var villig til å revurdere omfanget.

– Vi er nøgd med at delar av nedbemanninga er gjort om til permitteringar, sjølv om vi sjølvsagt håpa på meir, seier Anne Marie Andersen, Fellesforbundet-tillitsvald og medlem i KUTS.

HR-direktør Ekrol seier diskusjonane med dei tillitsvalde har vore gode, og Andersen seier dei har blitt lova ein open og god dialog framover.

– Vi har gått gjennom nye tal og bookingsituasjonen framover. Vi ser at det er beintøft og heilsvart. Ting kan snu neste år, men vi veit ikkje, avsluttar Andersen.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse