JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Permitteringar i hotellbransjen:

Scandic-tilsette krev at masseoppseiingane blir sette på vent

Hotellkjeda seier dei skal revurdere omfanget av den varsla nedbemanninga i Scandic etter regjeringa si utviding av permitteringsperioden.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

– Eg ser ingen grunn til å fortsette prosessen våre tillitsvalde er i. Scandic må ha særdeles gode argument dersom dei skal levere oppseiingar no, seier Anne Marie Andersen, Fellesforbundet-tillitsvald og medlem i samarbeidsutvalet til Scandic.

Hotellkjeda varsla i sommar at dei skal kvitte seg med tusen årsverk gjennom masseoppseiingar som skulle komme no i haust. Det var før dei siste endringane i permitteringsreglane.

Nye reglar

Torsdag kunngjorde regjeringa at dei utvidar perioden arbeidsgivarar har fritak frå lønnsplikt under permittering, frå 26 til 52 veker. Det skjer 1. november.

Regjeringa har allereie utvida perioden ut oktober. Dei som vart permittert då dei strengaste koronatiltaka vart innført, kan dermed få dagpengar frå Nav til midten av mars neste år.

Ikkje før 1. januar kjem ein ny arbeidsgivarperiode der bedrifter må betale fem dagar full lønn dersom tilsette har vore permittert i 30 veker eller meir.

Ingen ekstra kostnad

Samarbeidsutvalet i Scandic skal ha eit møte neste veke om masseoppseiingane. Då kjem dei tillitsvalde til å ta med seg den utvida permitteringsperioden inn i samtalene.

– Det kostar ikkje meir å vente for å sjå om situasjonen i reiselivet endrar seg, vi er jo i Nav-systemet. Oppseiingar kostar derimot pengar, sidan Scandic må betale permitterte full lønn i oppseiingstida, seier Andersen.

Skal revurdere

Dei tillitsvalde kan komme til å møte ein velvillig arbeidsgivar. Fredag seier nemleg hotellkjeda til E24 at dei likevel vil revurdere omfanget av nedbemanninga saman med dei tillitsvalde.

Seinast til Dagens Næringsliv torsdag, sa Scandic at ein utvida permitteringsperiode ikkje får innverknad på masseoppseiingane.

– Dette er ein heilt nødvendig nedbemanning for å tilpasse oss ein ny marknadssituasjon, uttalte Scandic-sjef Asle Prestegard til Magasinet førre veke.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse