JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjeret 2020

Sjekk lista: 800 hotelltilsette kan gå ut i streik laurdag

Fellesforbundet krev ei endring i bruken av ekstrahjelper.
HOTELL: Tilsette på hotell vil bli tatt ut i første omgang av ein eventuell streik. På Radisson Blu Atlantic i Stavanger, kan heile 51 tilsette gå ut i streik frå laurdag morgon.

HOTELL: Tilsette på hotell vil bli tatt ut i første omgang av ein eventuell streik. På Radisson Blu Atlantic i Stavanger, kan heile 51 tilsette gå ut i streik frå laurdag morgon.

Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

Fellesforbundet har varsla såkalla plassfråtreding for 774 medlemmer fordelt på 36 hotell i Kristiansand, Stavanger, Bergen og Tromsø. Det melder forbundet måndag.

Torsdag startar meklinga mellom Fellesforbundet og NHO Reiseliv om endringar i den såkalla Riksavtala, overeinskomsten for dei som jobbar innanfor overnatting, servering og catering.

Snittønn: Hotellansatte må jobbe i 15 år for å tjene like mye som sjefen gjør på ett år

Dei må bli einige innan midnatt natt til laurdag, dersom dei skal unngå streik frå klokka seks laurdag morgon.

Her kan det bli streik:

Streikeuttak Riksavtala

I tillegg har Parat meldt plassfråtreding for fem tilsette på Grand Hotell i Oslo og 36 tilsette på Radisson Blu Plaza Hotel, ifølge NHO Reiseliv.

Startar forsiktig

Fellesforbundet har over 7.500 medlemmer i bransjen, men vel altså å ta ut under 800 av dei i første omgang av ein eventuell streik.

– Vi har vald å gjere avgrensa uttak, sidan det er ein vanskeleg situasjon i bransjen. Dersom vi ikkje kjem til ei løysing og det blir konflikt, vil sjølvsagt uttaket bli trappa opp betydeleg, seier forhandlingsleiar og forbundssekretær Clas Delp.

Oversikt: Her er krava i lønnsoppgjeret for hotell og restaurant

Ekstrahjelper

Forbundet trekker fram bruken av såkalla ekstrahjelper i bransjen som sentralt i forhandlingane.

– Fellesforbundet meiner bruken av ekstrahjelp er av eit altfor stort omfang. Dette bør avgrensast til uføresette hendingar, og langt fleire kunne hatt eit ordentleg tilsettingsforhold, seier Delp.

Fagforeiningsleiarar: – Vi kan ikkje godta å gå ned i lønn

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse