JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Feriepenger til arbeidslause:

«Snikkutt» i feriepengar til arbeidslause får kritikk på Stortinget

I forslaget til statsbudsjett, kjem det fram at Solberg-regjeringa vil kutte i den mellombelse korona-ordninga med feriepengar på dagpengar neste år.

Ole Palmstrøm

tormod@lomedia.no

Stortinget vedtok i april at personar som fekk dagpengar i 2020 og 2021, og har mottatt dagpengar i mindre enn 52 veker, skal få 10,2 prosent i feriepengar utbetalt i 2021 og 2022.

I statsbudsjettet foreslår regjeringa derimot ei dårlegare korona-ordning for utbetalinga neste år:

• Feriepengar på 9,5 prosent av dagpengane som vart utbetalt frå januar til oktober i 2021.

• Krav om å ha mottatt dagpengar i meir enn 25 veker innanfor denne perioden.

• Krav om ikkje å ha rett til å ta fire veker ferie frå arbeidssøking, fordi du har fått dagpengar i meir enn 52 veker.

• Ei grense på 12.000 kroner utbetalt.

Meir om saka: Solberg-regjeringa vil kutte i feriepengar til arbeidslause neste år

– Håplaus omkamp

Erlend Wiborg i Frp leia Arbeids- og sosialkomiteen i førre stortingsperiode. Wiborg og Frp fremma feriepenge-forslaga som er vedtatt i Stortinget.

Regjeringa skriv sjølv i forslaget til statsbudsjett, at dei berre «følger delvis opp» stortingsvedtaket som regjeringspartia sjølv sikra fleirtal for etter at dei ikkje fekk fleirtal for eigne forslag.

– Eg er generelt skeptisk til at regjeringa prøver seg på nok ein håplaus omkamp, seier Wiborg til FriFagbevegelse, og understrekar at statsbudsjettet ikkje er behandla i stortingsgruppa enno.

Ny regjering

Sp er heller ikkje nøgd.

– Det er berre å konstatere at forslaget til høgreregjeringa er i strid med vedtaket til Stortinget. Dette blir ei viktig sak i tilleggsproposisjonen til den nye regjeringa, seier Per Olaf Lundteigen som sat i Arbeids- og sosialkomiteen då feriepenge-ordninga vart vedtatt.

Ap som saman med Sp skal danne ei ny regjering, seier tysdag at dei ikkje har moglegheit til å kommentere saka.

Statsbudsjettet 2022: LO håpet regjeringen ville styrke tiltak for arbeidssøkere – blir redusert med 580 millioner i statsbudsjettet

Forventingar i SV

Det har derimot SV, som Ap og Sp har sagt at er deira føretrekte partnar for å sikre fleirtal for statsbudsjetta sine i Stortinget.

– Det er alvorleg at Solberg-regjeringa vel å sjå bort frå vedtaket til stortingsfleirtalet. Det er ingen ferie å vere arbeidslaus, og dette handlar om grunnleggande økonomisk føreseielegheit for folk, seier Kirsti Bergstø som skal representere SV i Arbeids- og sosialkomiteen denne stortingsperioden.

SV har klare forventingar til ei ny regjering, også om å gjeninnføre ferietillegget på dagpengar som Solberg-regjeringa fjerna frå 2015.

Få ferietillegget tilbake

Ap, Sp, SV og Raudt har fleire gongar foreslått å gjenninføre tillegget som var 9,5 prosent av dagpengane for alle som har fått dagpengar i meir enn 8 veker.

– Feriepengar for arbeidslause er eit tydeleg krav frå fagrørsla, er i hundredagarsplanen til Ap og både Ap og Sp har stemt for det i Stortinget. Vi legg til grunn at den nye regjeringa med Ap og Sp vil rette opp i dette, seier Bergstø i SV.

Også Raudt, og stortingsrepresentant Mímir Kristjánsson som skal representere Raudt i Arbeids- og sosialkomiteen, krev at stortingsvedtaket blir følgt og det generelle ferietillegget gjeninnført.

Aktuelt: Flere permitterte eldre må tilbakebetale dagpenger

– Småleg snikkutt

Han langar ut mot feriepenge-kuttet.

– Dette minner meg på kvifor eg er glad for å bli kvitt regjeringa. Gjennom eit snikkutt i feriepengar viser dei profilen dei har hatt i åtte år, og heller ikkje lagt frå seg når dei har tapt valet, seier Kristjánsson i Raudt.

– Dei er villig til å hoppe bukk over stortingsfleirtal berre for å spare nokre titals millionar i eit budsjett som flaumar over med milliardar i aust og vest. Det er småleg gjort mot dei som har blitt lova feriepengar for tida dei har vore arbeidslause, men det er også typisk for kutta denne regjeringa har stått for.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse