JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjeret:

Snittlønna aukar i hotell og restaurant, men er framleis på botnen av lista

Lønna i låglønnsbransjen har auka litt meir enn i andre bransjar, men framleis tener tilsette i hotell og restaurant berre 79 prosent av lønna til ein industriarbeidar.
Arkivfoto.

Arkivfoto.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Fredag vart fjorårets lønnsvekst i viktige bransjar offentleggjort. Lønnsstatistikken i dei såkalla TBU-rapportane ligg til grunn for årets lønnsoppgjer.

I hotell- og restaurant-bransjen auka lønna med 3,25 prosent. Talet gjeld arbeidarar i NHO-bedrifter. Det stemmer godt med anslaget frå TBU etter fjorårets mellomoppgjer, på 3,3 prosent lønnsvekst i 2021. Det er over snittet for industriarbeidarar på 2,75 prosent, men samtidig under snittet på 3,4 i dei største forhandlingsområda samla sett.

Fjorårets skyhøge straumprisar fører likevel til at reallønna gjekk ned også for tilsette i hotell og restaurant, og kjøpekrafta vart svekka. Prisveksten i 2021 var nemleg på heile 3,5 prosent i snitt, altså høgare enn anslaget på 2,8.

Sjekk din bransje: Ansatte i bank og butikk ble lønnsvinnere i fjor

Korona-påverknad på lønna

Forbundssekretær Clas Delp i Fellesforbundet meiner ein må ta lønnsstatistikken med ei klype salt på grunn av store omveltingar i hotell- og restaurantbransjen under koronapandemien.

– Mange arbeidstakarar har forlate bransjen. I nedbemanningar har dei med kortare ansiennitet og lågare lønn forsvunne ut til fordel for dei med høgare ansiennitet og høgare lønn. Mange har også valt å slutte utan at dei har blitt sagt opp, og det gjeld også folk med lang ansiennitet. Desse tinga kan gjere at statistikken ikkje er heilt representativ.

I fjor konkluderte TBU med at høgare ansiennitet trekte lønnsveksten i 2020 opp, mens mindre uregelmessige tillegg samtidig trekte den ned.

Bransjen skrik etter folk

Laurdag fjerna regjeringa dei strenge smitteverntiltaka innført i desember. Aktiviteten har tatt seg opp fort i restaurantar og utelivet, forklarer Delp. På hotella tar det litt lenger tid fordi kurs og konferansar har lengre planleggingshorisont.

– Men om alt går som det skal med tanke på pandemien, har vi gode tider i vente for heile næringa, meiner forbundssekretæren.

– Den store utfordringa er at vi manglar masse folk. Vi må diskutere med arbeidsgivarane kva vi skal gjere for at bransjen er attraktiv. Vi må sjå på kva vilkår vi tilbyr samanlikna med bransjane vi konkurrerer om arbeidskrafta med. Lønn er viktig for å rekruttere og halde på tilsette, men det handlar også om føreseielegheit for arbeid og inntekt.

Lønn: Sjekk gjennomsnittslønna i 361 yrker

Framleis på lønns-botnen

Hotell og restaurant er framleis ein låglønnsbransje der tilsette ligg på botnen av lønnsstatistikken.

Snittlønna var i fjor 412.000 kroner rekna om til heiltid, ifølge TBU. Det er 79 prosent av ei industriarbeidarlønn på 524.500 kroner som er det vanlege samanlikningsgrunnlaget for lønnsnivået i Norge. I 2020 var lønna i hotell og restaurant 78 prosent av ei industriarbeidarlønn, så auken er ikkje stor.

Meir å rutte med og ekstra til lågtlønte

Blant krava til Fellesforbundet er auka kjøpekraft til alle og ekstra til dei lågtlønte i årets lønnsoppgjer. I den første TBU-rapporten er prisveksten anslått til å bli 2,6 prosent i 2022.

– Vi ventar på det endelege anslaget frå TBU som kjem 10. mars. Her må det endelege anslaget grunngivast. Truverda i dette anslaget vil vere avgjerande for å oppnå eit godt resultat i vårens oppgjer, uttaler forbundsleiar Jørn Eggum på nettsidene til Fellesforbundet.

Etter all sannsynlegheit vil det bli eit forbundsvist hovudoppgjer, der forbunda forhandlar med arbeidsgivarforeiningane om kvar enkelt overeinskomst. Saman med overordna krav blir oppgjersform endeleg vedtatt på eit møte med representantar frå LO-forbunda tysdag.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse