JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kaefer Energy:

Tillitsvald fekk skriftleg åtvaring: – Aldri kjekt å bli herja med berre fordi nokon vil demonstrere kva makt dei har

Eit angrep på tillitsvalde, meiner klubben.
 STUKKE SEG FRAM: Tillitsvald Atle Forfang Rostad har stukke seg fram i kampen mot ulovleg innleige i Kaefer, og mot den omfattande innleiga frå bemanningsselskap i ISO-bransjen. Rostad er også styremedlem i Fellesforbundet avdeling 25 i Stavanger og omland.

STUKKE SEG FRAM: Tillitsvald Atle Forfang Rostad har stukke seg fram i kampen mot ulovleg innleige i Kaefer, og mot den omfattande innleiga frå bemanningsselskap i ISO-bransjen. Rostad er også styremedlem i Fellesforbundet avdeling 25 i Stavanger og omland.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Klubbsekretær Atle Forfang Rostad i Kaefer Energy har fått ei skriftleg åtvaring frå arbeidsgivaren. Den påståtte grunnen er kjøp av et par vernesko på bedriftas rekning, og at han ikkje stilte på jobb etter mange gongar å ha varsla om at han skulle delta på møte i fagforeininga – i tråd med kva Hovudavtala seier tillitsvalde har rett på.

Det skriv Fellesforbundet-klubben i eit brev til medlemmene som er gjengitt i fleire Facebook-grupper.

Angrep på tillitsvalde

Dette er eit angrep på tillitsvalde, meiner klubben som har over 400 medlemmer i Kaefer. Klubben hevdar at bedriftsleiinga prøver å konstruere ei disiplinærsak mot ein av dei mest aktive tillitsvalde i klubben.

Skriftleg åtvaring er det nærmaste tilsette kjem oppseiing.

– Det som står i åtvaringa stemmer ikkje og er fabrikkert sånn vi ser det. Den eigentlege grunnen er ein annan, hevdar klubbleiar Jens Hermansson overfor Magasinet for fagorganiserte.

Kjempar mot ulovleg innleige

Klubben meiner grunnen blant anna er at Rostad og klubben har kjempa mot ulovleg innleige frå bemanningsselskap. Kaefer har mangla ei innleige-avtale med dei tillitsvalde sidan 2017, fordi partane ikkje har blitt einige i forhandlingar. I sommar konkluderte også Petroleumstilsynet med alvorlege lovbrot og gav Kaefer pålegg om å avslutte den ulovlege innleiga.

Bedriftsleiinga kjenner seg ikkje igjen i påstandane frå klubben. HR-sjef Thorbjørn Jensen seier at han ikkje kan kommentere personalsaker, men avviser at noko åtvaring er gitt til tillitsvalde på grunn av rolla som tillitsvald.

Rostad og klubben har også engasjert seg mot manglande likebehandling av innleigde til Kaefer: Innleigde Isaac fekk ikkje lønna han hadde krav på. Storstilt lønnstjuveri og grov forakt for lover og reglar, meiner tillitsvald

Maktdemonstrasjon

Atle Forfang Rostad er ved godt mot.

– Det er aldri kjekt å bli herja med berre fordi nokon vil demonstrere kva makt dei har. Men samhaldet og støtta i klubbstyret, blant medlemmene og fagforeiningskameratar andre stadar som no kjem til uttrykk, gjer heile forskjellen, seier han til Magasinet.

– Kampen vi står i er dessutan for viktig til å bli spora av på grunn av represaliar. Vi tar dette så langt vi må, både kampen for faste jobbar, for betre tariffavtale, for retten til å drive fagforeining og for ein betre bedriftskultur.

Krev at Kaefer trekk åtvaringa

Klubben krev at Kaefer trekk åtvaringa, og opplyser at dei ikkje kjem til å gi seg før saka er parkert og kampanjen lagt død. Dei håpar alle som støttar retten til fagforeiningsarbeid, sender det same signalet til bedrifta.

– Vi kjem aldri til å akseptere angrep på tillitsvalde som representerer medlemmene. Vi må slå ned dette no, og forsøke å få eit betre samarbeidsklima med leiinga. Det kan ikkje halde fram på denne måten, seier klubbleiar Hermansson.

Kaefer Energy driv med isolasjon, stillas og overflatebehandling (ISO). Store kundar er oljeselskap som statseigde Equinor, med arbeid offshore og på land.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse