JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Colourbox.com

Å bli hersa med – utilbørleg sosial dominans i det moderne arbeidslivet

«Det handlar om arbeidsmiljøet og arbeidstakarar sitt ve og vel».

03.12.2013
12:00
21.08.2023 17:14

I arbeidsmiljølova har det psykososiale arbeidsmiljøet fått ein nokså brei plass. Her heiter det mellom anna at arbeidstakarens integritet og verdigheit skal ivaretakast, og det blir lagt ned forbod mot trakassering og anna utilbørleg framferd. Arbeidsmiljølova er eit særs sentralt verkty når det gjeld å hindre psykososiale arbeidsmiljøproblem, men det kan vere at ulike former for trakassering ikkje blir fanga opp av den juridiske «radaren», trass i at dei likevel kan påføre arbeidstakaren uboteleg skade når det gjeld helse, livskvalitet, velvære og jobbtrivsel.

Desse tankane, som har sin bakgrunn i eigne kvardagslege observasjonar frå arbeidslivet og i ei saumfaring av aktuell faglitteratur om emnet, hadde planta ei uro i sinnet, og eg meinte at temaet var verdt å undersøke nærare. Eg gjennomførte derfor ein studie av det eg etter kvart kom til å omtale som utilbørleg sosial dominans i jobben. 13 arbeidstakarar i eit kvinnedominert miljø ved helse- og sosialfaglege utdanningar ved ein norsk høgskule blei intervjua. Det var tale om lange djupneintervju av personar som hadde kjent seg utsette for og eksponerte for ein sosial dominans som dei opplevde som urimeleg, unødvendig, uønskt og plagsam, og som kjendest personleg viktig. Målet var ikkje å kartleggje førekomst og fordeling av slik dominans, men å identifisere ulike former for, eller typar av, utilbørleg sosial dominans, og korleis den blei opplevd. Ein kan kalle det ei djupneboring i den utilbørlege sosiale dominansens fenomenologi.

Deltakarane i studien fortalde om 36 ulike dominansepisodar som dei opplevde som utilbørlege. Desse episodane genererte ei brei vifte av ulike opplevingar. Eg har drøfta dei inngåande i boka Å bli hersa med. Utilbørleg sosial dominans på jobben, som nyss er kommen ut. Her syner eg eit utdrag av studien, og det var fem grunnkategoriar som skilde seg klårt ut. Å bli irettesett — irettesetjingsdominans — vil seie å bli klandra eller kritisert for noko, å bli tilsnakka. Det kan variere frå høglydt utskjelling til mildare former for refs eller kritikk. «Irettesetjing» høyrest nokså tilforlateleg ut, og som noko som er pårekneleg i arbeidslivet. Men måten irettesetjinga blei formidla på, intensiteten og konteksten medførte at den blei opplevd som utilbørleg. Vanvørdnadsdominans dreiar seg om å trykkje ein annan ned ved å syne ei åtferd som formidlar at ein ser ned på vedkommande, til dømes ved spott, hån, låtteleggjering, vanære, disrespekt, nedvurdering eller sosial devaluering, eller at ein ikkje viser vedkommande vørdnad når det ville ha vore naturleg. Denne forma for dominans kan implisere at ein syner at ein misliker den andre, og kan ytre seg som fordømming, kritikk, ignorering, at ein har fått den andre i vrangstrupen, at ein vender han ryggen, tek avstand frå han, fordømmer, vrakar eller at ein nærer avsky for vedkommande. Negativ evaluering av den andre qua person, og at denne evalueringa blei kommunisert, er det sentrale elementet. Integritetskrenkjande dominans dreiar seg om å trakke på den andre og halde vedkommande nede på ein slik måte at det rammar heile mennesket som person på ein meir djuptgripande og breispektra måte, og slik dominans rører såleis ved identiteten og integriteten til den som blir utsett for den. Då blir den dominerte ekstra sårbar. Ved sosial marginaliseringsdominans blir den dominerte skyvd ut på sidelina i forhold til eiga gruppe eller eigen organisasjon, eller til og med støytt ut eller halden utanfor. Ved arbeidsrolledominans kan den faktiske arbeidsbøra til den dominerte bli underkjend, og autonomien blir svekt i vedkommandes eigen arbeidssituasjon. Det kan til dømes skje på ein autoritær, udemokratisk og byråkratisk måte, eller som ei utidig og grunnlaus innblanding i den dominerte si arbeidsrolle.

Den utilbørlege sosiale dominansen blei kommunisert med ord, kroppsspråk eller handlingar og formidla i samhandlingsprosessar.

Felles for røynslene var at eksponering for slik dominans skapte aggressive, depressive og/eller engstelege kjensler hos dei dominerte, og verka øydeleggjande på helse, livskvalitet, velvære og jobbtrivsel. Det kunne vere tale om ein enkeltståande episode eller om plaging over år og jamvel tiår, og dominansen kunne komme både frå overordna og formelt likestilte kollegaer. Det som skjedde kasta lange skuggar over livet til dei som blei ramma av det, og kunne jamvel invadere fritida. Eit fellestrekk for mykje av denne dominansen var at den gjerne var av tvitydig og subtil karakter, og dermed noko som det ikkje var lett å verje seg mot og å rapportere til andre.

Den utilbørlege sosiale dominansen kan best forståast som noko som rører ved det mellommenneskelege og ved relasjonane til medarbeidarar og overordna. Sosial dominans er vel eit normalfenomen som ein vanskeleg kjem utanom i samfunn der menneske må samhandle og samarbeide over tid om felles oppgåver. Men når det gjeld utilbørleg sosial dominans, stiller det seg annleis. Det er eit normativt omgrep som gjeld ein praksis som kan bryte med lov og rett, som kan vurderast som uetisk av di den påfører den dominerte skadar, og/eller som kan innebere mangel på folkeskikk. Det rører ved makt og avmakt og ved undertrykking i små sosiale mikrokosmos. Det handlar om formelle eller uformelle hierarki i sosialt liv, eit herre-knekt-forhold.

Kan hende er slike former for utilbørleg sosial dominans på frammarsj i det moderne arbeidslivet? I eit arbeidsliv merkt av eit aktivt HMS-apparat underlagt arbeidsmiljølova, der open og tydeleg trakassering vil bli møtt med strenge sanksjonar, og der mobbing er blitt eit fyord, kan det vere at plaginga får nye former som er meir fordekte, kamuflerte og subtile, og som det er vanskelegare å komme til livs. Kanskje skulle ei slik innsikt bli nedfelt i framtidige versjonar av arbeidsmiljølova? Og kanskje vil forskinga på mobbing i arbeidslivet tene på at det kjem til nye omgrep i verktykassa? Utilbørleg sosial dominans kan nettopp vere ei slik nyvinning, av di omgrepet fangar opp nye sider ved denne problematikken, og av di ein då kan støtte seg til ein breiare teoribakgrunn. Det er i alle fall relevant frå ein praktisk og etisk synsvinkel. Det handlar om arbeidsmiljøet og om arbeidstakarars ve og vel. Når skadeverknadene for dei som blir utsette for utilbørleg sosial dominans, er så omfattande og alvorlege, fortener emnet større merksemd.

Den utilbørlege sosiale dominansen blei kommunisert med ord, kroppsspråk eller handlingar og formidla i samhandlingsprosessar.

03.12.2013
12:00
21.08.2023 17:14

Mest lest

BITTERT: Per Olav Truberg har jobba mange år i matindustrien. Takken var oppsigelse da han havna i operasjonskø med et trøble kne.

BITTERT: Per Olav Truberg har jobba mange år i matindustrien. Takken var oppsigelse da han havna i operasjonskø med et trøble kne.

Erlend Angelo

Per Olav mistet jobben i operasjonskø: – Det er veldig sårt

BELASTENDE YRKE: Frisør og tillitsvalgt Kaja Aga Gaarder tar smertestillende for å klare arbeidsdagen. Etter en bilulykke har hun daglige smerter. Men hun tok smertestillende på jobb også før ulykken. Her fikser hun håret til Victoria Gjone.

Jan-Erik Østlie

Bruken av smertestillende øker: Kaja starter alltid arbeidsdagen med en Paracet

Unni tar gjerne på seg ekstra vakter. Hun elsker å gjøre en forskjell.

Unni tar gjerne på seg ekstra vakter. Hun elsker å gjøre en forskjell.

Eirik Dahl Viggen

Unni (65) var lei av livet som pensjonist. Da gjorde hun et uvanlig valg

Roy Ervin Solstad

Han er blant dem som har kommet med fete lønnskrav

OPPGJØR: Årets lønnsoppgjør står for døren og elektrikerne starter sine forhandlinger 22. april. Her er en Bravida-montør i sving med akkordarbeid på Drammen sykehus tidligere i år.

OPPGJØR: Årets lønnsoppgjør står for døren og elektrikerne starter sine forhandlinger 22. april. Her er en Bravida-montør i sving med akkordarbeid på Drammen sykehus tidligere i år.

Leif Martin Kirknes

Når får du ny lønn? Disse datoene må du merke deg

Håndverkere oppgir en høyere bruk av narkotika enn gjennomsnittet. Elektrobransjen frykter det kan føre til flere farlige situasjoner og ulykker på arbeidsplassene.

Håndverkere oppgir en høyere bruk av narkotika enn gjennomsnittet. Elektrobransjen frykter det kan føre til flere farlige situasjoner og ulykker på arbeidsplassene.

Leif Martin Kirknes

Økt kokainbruk blant unge elektrikere

Martine Lie satser på at et par måneder med permittering går greit.

Martine Lie satser på at et par måneder med permittering går greit.

Erlend Angelo

Potetmangel gir permitteringer i Bama

FLEST KVINNER: I rapporten kommer det fram at det ofte er unge kvinnelige ansatte, både med norsk og utenlandsk opprinnelse, som er skadelidende.

FLEST KVINNER: I rapporten kommer det fram at det ofte er unge kvinnelige ansatte, både med norsk og utenlandsk opprinnelse, som er skadelidende.

Colourbox.com

Renholdere trues med at de mister jobben om de er syke

HENTER I BARNEHAGEN: Fengselsbetjent Jørgen Myrvold samler overtid for å ha et hjem til barna. Han er helt avhengig av et godt lønnsoppgjør for å fortsette i fengsel.

HENTER I BARNEHAGEN: Fengselsbetjent Jørgen Myrvold samler overtid for å ha et hjem til barna. Han er helt avhengig av et godt lønnsoppgjør for å fortsette i fengsel.

Eirik Dahl Viggen

Jørgen (29) overlever på overtidstimer

Høyres Henrik Asheim er glad for å ha fått pensjonsforliket gjennom - og håper endringen er på plass allerede neste år.

Høyres Henrik Asheim er glad for å ha fått pensjonsforliket gjennom - og håper endringen er på plass allerede neste år.

Jonas Fagereng Jacobsen

Høyre vil ha superrask behandling av nye pensjonsregler

BLITT BEDRE: Etter at de fikk tariffavtale, syns tillitsvalgt Benjamin Jacobsen at samarbeidet med ledelsen har blitt bedre.

BLITT BEDRE: Etter at de fikk tariffavtale, syns tillitsvalgt Benjamin Jacobsen at samarbeidet med ledelsen har blitt bedre.

Herman Bjørnson Hagen

Sjefen mente de ansatte sluntra unna. Da begynte ballen å rulle

MÅLRETTA: Butikkansatt Ali Rahimi forteller arbeidsminister Tonje Brenna hvor hardt han har jobba for å lære seg norsk og få et normalt liv etter flukten fra Afghanistan.

MÅLRETTA: Butikkansatt Ali Rahimi forteller arbeidsminister Tonje Brenna hvor hardt han har jobba for å lære seg norsk og få et normalt liv etter flukten fra Afghanistan.

Brian Cliff Olguin

Ali kom fra Afghanistan som 17-åring. Han lærte seg norsk gjennom butikkjobben

Knut Viggen

Tidligere LO-leder blir korrupsjonsjeger

Etter en tøff runde med sensorer som skjelte henne ut under fagprøven, har Anny-Elise både skaffet seg fagbrev og fast jobb i forpleininga på sokkelen. Her fra hennes nyligste tur ut på Heidrun-plattformen.

Privat

Anny-Elise ble skjelt ut av sensor. Nå har hun fått drømmejobben

Brian Cliff Olguin

Et orakel og en slags urmoder. Slik beskrives Berit (67) av kollegene

LANGE STREKK: Etter to års dragkamp, er Bergen fengsel omsider i mål med en avtale om 12-timersvakter i helgene.

LANGE STREKK: Etter to års dragkamp, er Bergen fengsel omsider i mål med en avtale om 12-timersvakter i helgene.

Eirik Dahl Viggen

Ansatte i Bergen fengsel får 12-timersvakter i helgene

Håvard Sæbø

Høyesteretts ankeutvalg: Sak om innleie må behandles på nytt

Per Backer

Fikk stoppet søndagsåpen butikk i Vinje

Kathrine Geard

Yngve sier sjelden hva han jobber med: – Da må jeg forklare resten av kvelden

Næringsminister Jan Christian Vestre er svært fornøyd med den nye handelsavtalen som EFTA-landene har forhandlet fram med India.

Næringsminister Jan Christian Vestre er svært fornøyd med den nye handelsavtalen som EFTA-landene har forhandlet fram med India.

Erlend Angelo

Nå skal norsk laks erobre India: – En «game changer»

Flere saker