JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Colourbox.com

Aktiv bustadpolitikk – viss dei vil

Kommunane har handlingsrom for å føra ein aktiv bustadpolitikk som kan skaffa rimelegare bustadar til folk flest. Difor bør bustadpolitikk gjerast til ei viktig sak i den lokale valkampen i 2015.

14.08.2014
12:00
21.08.2023 17:14

Våren 2013 leverte eg inn ei masteroppgåve i by- og regionplanlegging med tittelen: «Kommunal sosial utbyggingspolitikk – bustadpolitiske mål og verkemiddel». Basert på denne skreiv eg i samarbeid med Manifest Analyse rapporten «Kommunane bygger landet». Eg har i oppgåva mi studert overordna trekk ved bustadpolitikken til alle norske kommunar med over 50 000 innbyggarar. Målet var å finna ut kva kommunane gjorde for å sikra tilgang på rimelegare bustadar for innbyggarane.

Brei og smal bustadpolitikk

Grovt sett går det eit viktig skille mellom dei kommunane som har ein brei bustadpolitikk, og dei som har ein smal. Nokre kommunar formulerer fyrst og fremst mål om å hjelpa små grupper av sers vanskelegstilte personar i bustadmarknaden. Det gjeld typisk rusmisbrukarar, psykisk sjuke og nyinnvandra hushald utan tilknytting til arbeidslivet. Desse kommunane bruker nokså få verkemiddel, og hovudmålet ser ut til å vera å unngå at folk blir bustadlause. Andre kommunar sett seg mål om å betra situasjonen til langt breiare grupper, som ikkje er like vanskelegstilte som dei tidlegare nemnte. Det kan vera alt frå uføretrygda til aleineforeldre, unge par, einslege eller grupper med låge eller middels inntekter. Desse kommunane har òg mål om å hjelpa dei mest marginaliserte, dei breiare gruppene kjem i tillegg. Kommunane med breie mål omtalar langt fleire verkemiddel, både styring gjennom reguleringsplanar og styring gjennom tomtepolitikken.

Dei fire kommunane som omtalte breiast mål og flest verkemiddel i dei overordna dokumenta, var Sandnes, Stavanger, Kristiansand og Trondheim. Desse kommunane studerte eg grundigare gjennom å intervjua ei rekke byråkratar og politikarar i alle kommunane. Det viste seg at det var stor skilnad på kva kommunane gjorde i praksis.

Reguleringsplanar

Gjennom Plan- og bygningsloven og systemet med kommuneplanar og reguleringsplanar kan kommunane avgjera kva slags bustadar som skal byggast kor. Dei kan styra kor store bustadane skal vera og alle mulege andre fysiske særtrekk. Derimot kan ein ikkje styra pris eller andre sosiale eller organisatoriske forhold. Serleg i område med høge bustadprisar gjer dette at sjølv små eller usentrale bustadar blir for dyre for ein del grupper av vanskelegstilte.

Reguleringsplanane blir stort sett føreslått av private grunneigarar som ynskjer å bygga ut de type bustadar som løner seg mest. Sluttresultatet blir forhandla fram gjennom reguleringsprosessen. Alle dei fire kommunane brukar reguleringsplanar til å påverka bustadtilbodet i ynskja retning, men det er store variasjonar. I Kristiansand baserer dei seg stort sett på dei bustadtypane utbyggaren føreslår, medan serleg Trondheim styrer aktivt ut frå kva slags bustadar kommunen meiner trengst kor.

Aktiv tomtepolitikk

I tillegg til å styra gjennom reguleringsplanar kan kommunane styra gjennom tomtepolitikken. Det vil sei at viss kommunen eig grunn, kan dei selja han vidare til utbyggarar med visse vilkår i salsavtalen. Fleire kommunar har på denne måten gjennomført, eller er i ferd med å gjennomføra, små forsøk med ikkje-kommersielle utleigebustadar eller leige-til-eige-bustadar. Sandnes peikte seg ut som kommunen som hadde den klart mest aktive tomtepolitikken. Gjennom det kommunale tomteselskapet står kommunen for tomter til rundt 40 prosent av dei nybygde bustadane. Når kommunen sel tomter, forpliktar utbyggarane seg til å selja dei ferdige bustadane vidare til ein avtalt pris. Det er dessutan berre folk som ikkje eig eit småhus frå før av, som får kjøpa. Dei som kjøper må òg bu der i minst tre år. Bustadane som blir framskaffa gjennom tomteselskapet, blir 15-20 prosent rimelegare enn vanleg marknadspris. Dels fordi dei blir bygd rimeleg, dels fordi det er vanskelegare for dei private utbyggarane å maksimera salsprisen. Det er i Sandnes tverrpolitisk semje om Tomteselskapet si rolle.

Gjennom tomtepolitikken kan kommunane legga føringar for kva ein bustad skal kosta, eller korleis han skal vera drifta. Det gjer at ein kan styra ting som elles hadde blitt avgjort av marknadskreftene. Viss ein meiner alvor med ein brei bustadpolitikk som skal betra situasjonen for folk flest i område med høge bustadprisar, er ein difor nøydd til å ta i bruk dei verkemidla som ligg i tomtepolitikken. Reguleringsplanar aleine ser ikkje ut til å vera nok.

Ein rettvis bustadpolitikk

Den politikken som blir førd på statleg nivå, legg i liten grad opp til at kommunane skal føra ein aktiv og brei bustadpolitikk. Dei kommunane som er aktive gjer det på tvers av, ikkje å grunn av, statleg politikk. Det finst ei rekke tiltak som burde settast i verk på nasjonalt nivå, alt frå endringar i rentefrådrag og formuesskattutrekning til kommunal forkjøpsrett til uregulert grunn og støtteordningar for kommunal tomtepolitikk. Men det er ein annan kronikk. Mitt poeng no er å slå fast at det, trass alt, er muleg å gjera noko på kommunalt nivå. Det handlingsrommet burde utnyttast betre.

I desse dagar jobbar dei politiske partia i kvar kommune med å laga programma dei skal gå til val på hausten 2015. Dette er difor eit godt tidspunkt for den lokale fagrørsla og andre som er opptekne av ein meir rettvis bustadpolitikk å spela inn forslag og krav til dei lokale programprosessane. Tilsvarande bør dei politiske partia på venstresida laga konkrete, realistiske og forpliktande programpostar om mål og verkemiddel i bustadpolitikken. Eg trur det er spesielt viktig at ein er konkret innanfor feltet bustadpolitikk, rett og slett fordi så få veljarar har sett noko til bustadpolitikken dei siste tiåra. Då er ikkje runde formuleringar og gode intensjonar noko å festa lit til.

Skapar skilnader

Den lokalpolitiske debatten er ofte prega av brei semje og uklare konfliktliner. Bustadpolitikken kan i mange tilfelle synleggjera konfliktar mellom ei høgreside som tidvis ser ut til å meina at marknadskreftene kan løysa alle problem viss dei berre får verka fritt nok, og ei venstreside som, på sitt beste, kan og vil styra utviklinga til fordel for folk flest. Ved sidan av utviklinga i arbeidslivet er bustadmarknaden ein av dei fremste institusjonane som skapar og forsterkar økonomiske skilnadar mellom folk. Bustadprisane må ikkje få halde fram med å stige like sterkt som dei har gjort i det siste, og kommunal politikk kan og bør spela ei aktiv rolle i å skaffa rimelegare bustadar.

Kommunal politikk kan og bør spela ei aktiv rolle i å skaffa rimelegare bustadar.

14.08.2014
12:00
21.08.2023 17:14

Mest lest

BITTERT: Per Olav Truberg har jobba mange år i matindustrien. Takken var oppsigelse da han havna i operasjonskø med et trøble kne.

BITTERT: Per Olav Truberg har jobba mange år i matindustrien. Takken var oppsigelse da han havna i operasjonskø med et trøble kne.

Erlend Angelo

Per Olav mistet jobben i operasjonskø: – Det er veldig sårt

BELASTENDE YRKE: Frisør og tillitsvalgt Kaja Aga Gaarder tar smertestillende for å klare arbeidsdagen. Etter en bilulykke har hun daglige smerter. Men hun tok smertestillende på jobb også før ulykken. Her fikser hun håret til Victoria Gjone.

Jan-Erik Østlie

Bruken av smertestillende øker: Kaja starter alltid arbeidsdagen med en Paracet

Unni tar gjerne på seg ekstra vakter. Hun elsker å gjøre en forskjell.

Unni tar gjerne på seg ekstra vakter. Hun elsker å gjøre en forskjell.

Eirik Dahl Viggen

Unni (65) var lei av livet som pensjonist. Da gjorde hun et uvanlig valg

Roy Ervin Solstad

Han er blant dem som har kommet med fete lønnskrav

OPPGJØR: Årets lønnsoppgjør står for døren og elektrikerne starter sine forhandlinger 22. april. Her er en Bravida-montør i sving med akkordarbeid på Drammen sykehus tidligere i år.

OPPGJØR: Årets lønnsoppgjør står for døren og elektrikerne starter sine forhandlinger 22. april. Her er en Bravida-montør i sving med akkordarbeid på Drammen sykehus tidligere i år.

Leif Martin Kirknes

Når får du ny lønn? Disse datoene må du merke deg

Håndverkere oppgir en høyere bruk av narkotika enn gjennomsnittet. Elektrobransjen frykter det kan føre til flere farlige situasjoner og ulykker på arbeidsplassene.

Håndverkere oppgir en høyere bruk av narkotika enn gjennomsnittet. Elektrobransjen frykter det kan føre til flere farlige situasjoner og ulykker på arbeidsplassene.

Leif Martin Kirknes

Økt kokainbruk blant unge elektrikere

Martine Lie satser på at et par måneder med permittering går greit.

Martine Lie satser på at et par måneder med permittering går greit.

Erlend Angelo

Potetmangel gir permitteringer i Bama

FLEST KVINNER: I rapporten kommer det fram at det ofte er unge kvinnelige ansatte, både med norsk og utenlandsk opprinnelse, som er skadelidende.

FLEST KVINNER: I rapporten kommer det fram at det ofte er unge kvinnelige ansatte, både med norsk og utenlandsk opprinnelse, som er skadelidende.

Colourbox.com

Renholdere trues med at de mister jobben om de er syke

HENTER I BARNEHAGEN: Fengselsbetjent Jørgen Myrvold samler overtid for å ha et hjem til barna. Han er helt avhengig av et godt lønnsoppgjør for å fortsette i fengsel.

HENTER I BARNEHAGEN: Fengselsbetjent Jørgen Myrvold samler overtid for å ha et hjem til barna. Han er helt avhengig av et godt lønnsoppgjør for å fortsette i fengsel.

Eirik Dahl Viggen

Jørgen (29) overlever på overtidstimer

Høyres Henrik Asheim er glad for å ha fått pensjonsforliket gjennom - og håper endringen er på plass allerede neste år.

Høyres Henrik Asheim er glad for å ha fått pensjonsforliket gjennom - og håper endringen er på plass allerede neste år.

Jonas Fagereng Jacobsen

Høyre vil ha superrask behandling av nye pensjonsregler

BLITT BEDRE: Etter at de fikk tariffavtale, syns tillitsvalgt Benjamin Jacobsen at samarbeidet med ledelsen har blitt bedre.

BLITT BEDRE: Etter at de fikk tariffavtale, syns tillitsvalgt Benjamin Jacobsen at samarbeidet med ledelsen har blitt bedre.

Herman Bjørnson Hagen

Sjefen mente de ansatte sluntra unna. Da begynte ballen å rulle

MÅLRETTA: Butikkansatt Ali Rahimi forteller arbeidsminister Tonje Brenna hvor hardt han har jobba for å lære seg norsk og få et normalt liv etter flukten fra Afghanistan.

MÅLRETTA: Butikkansatt Ali Rahimi forteller arbeidsminister Tonje Brenna hvor hardt han har jobba for å lære seg norsk og få et normalt liv etter flukten fra Afghanistan.

Brian Cliff Olguin

Ali kom fra Afghanistan som 17-åring. Han lærte seg norsk gjennom butikkjobben

Knut Viggen

Tidligere LO-leder blir korrupsjonsjeger

Etter en tøff runde med sensorer som skjelte henne ut under fagprøven, har Anny-Elise både skaffet seg fagbrev og fast jobb i forpleininga på sokkelen. Her fra hennes nyligste tur ut på Heidrun-plattformen.

Privat

Anny-Elise ble skjelt ut av sensor. Nå har hun fått drømmejobben

Brian Cliff Olguin

Et orakel og en slags urmoder. Slik beskrives Berit (67) av kollegene

LANGE STREKK: Etter to års dragkamp, er Bergen fengsel omsider i mål med en avtale om 12-timersvakter i helgene.

LANGE STREKK: Etter to års dragkamp, er Bergen fengsel omsider i mål med en avtale om 12-timersvakter i helgene.

Eirik Dahl Viggen

Ansatte i Bergen fengsel får 12-timersvakter i helgene

Håvard Sæbø

Høyesteretts ankeutvalg: Sak om innleie må behandles på nytt

Per Backer

Fikk stoppet søndagsåpen butikk i Vinje

Kathrine Geard

Yngve sier sjelden hva han jobber med: – Da må jeg forklare resten av kvelden

Næringsminister Jan Christian Vestre er svært fornøyd med den nye handelsavtalen som EFTA-landene har forhandlet fram med India.

Næringsminister Jan Christian Vestre er svært fornøyd med den nye handelsavtalen som EFTA-landene har forhandlet fram med India.

Erlend Angelo

Nå skal norsk laks erobre India: – En «game changer»

Flere saker