JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Klare svar om formueskatt

Siv Jensen ser ut til å innsjå at formuesskatten, som ikkje er perfekt, er naudsynt for å få eit breitt skatteforlik.

Kristin Margrethe Johansen

anders@lomedia.no

Formuesskatten har vore det kanskje klaraste skiljet mellom regjeringa og opposisjonen denne hausten. Regjeringa har i si erklæring sagt dei vil trappe ned formuesskatten. Argumentet er at den skadar verdiskapinga, følgt av tåredryppande eksempel med eigaren av familiebedrifta som må ta opp lån for å betale denne skatten.

Scheel-utvalet er ikkje einige. Dei poengterer at Norge sin samla skatt på kapitalbehaldning er lågare enn OECD-snittet. Utvalet viser også til studiar som viser at det er eit «avgrensa problem» at bedriftseigarar må tære på formuen for å betale skatten. Dei konstaterer også nøkternt at «det antas at dagens formuesskatt har relativt beskjeden virkning på utflytting fra Norge». Dei meiner formuesskatten aukar omfordelinga i skattesystemet.

Så lenge andre verdiar vert skatta høgare, som eigedom, og det blir ein lågare effektiv skattesats på formue, meiner utvalet at omsynet til effektivitet og omfordeling gjer at vi framleis skal ha formuesskatten.

Siv Jensen ser ut til å innsjå at formuesskatten, som ikkje er perfekt, er naudsynt for å få eit breitt skatteforlik.

Og, sjølv om det ikkje er sikkert ho er oppteken av dét, sikre i alle fall noko skatt frå dei aller rikaste i dette landet.

Annonse
Annonse