JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Forfattar Kjartan Fløgstad sin tale på 1. mai:

«Sosialisme er politikk, men det er også meir enn politikk», skriv Kjartan Fløgstad

Her er 1. mai-talen forfattar Kjartan Fløgstad gav på Fellesforbundet sin frukost på Folkets Hus.
Kjartan Fløgstad holdt tale på Fellesforbundet sin frukost på Folkets Hus 1. mai.

Kjartan Fløgstad holdt tale på Fellesforbundet sin frukost på Folkets Hus 1. mai.

Jan-Erik Østlie

I romanen 25. septemberplassen frå 1974 gir forfattaren Dag Solstad ei fin skildring av den djupt konservative arbeidsmannen Egil Nyland.

Som innbitt motstandar av alt som smakar av sosialisme, for ikkje å snakka om kommunisme er Egil Nyland i romanen framstilt som ein solid sosialdemokrat, i dag liknar han nok endå meir på ein klassisk Frp-ar.

Likevel, fortel Solstad, når Egil Nyland sit i tøfler, i godstolen, på laurdags ettermiddagen, framfor den engelske tippekampen på TV, som han elskar, når han høyrer at ein bil står og harkar og ikkje får starta eller spinn på hålka utanfor, ja, kva gjer Egil Nyland då? Då sprett han opp frå sofaen, stormar ut av stua i bare tøflene, for å ta i eit tak og gi ei handsrekning.

Og sjølv om det engelske favorittlaget hans spelar skjebnekamp om ligagull eller nedrykk, og er i angrep mot storfavoritten, midt under tippekampen, som Egil Nyland elskar, ja, så er han med og dyttar på bilen bortover Blokkvegen så lenge bilføraren ønsker og treng hjelp for å komma seg vidare.

Utan å nøla ofrar Egil Nyland alt dette, som han elskar, for å kunna vera med og hjelpa ein vilt framand person, utan tanke på seg sjølv.

p

Av romanen går det ikkje fram om det var Liverpool som var Egil Nylands favorittklubb, men på Egil Nylands tid hadde Liverpool FC ein manager ved namn Bill Shankly.

I trenargjerninga si hadde Shankly eit klårt verdigrunnlag, som han formulerte slik: ”Den sosialismen eg trur på, er ikkje eigentleg politikk. Det er ein måte å leva på. Det er det menneskelege.

Eg trur at den einaste måten å leva og blomstra på er gjennom kollektiv innsats, der alle arbeider for kvarandre, der alle hjelper kvarandre, og der alle får si belønning når dagen er slutt.

Dette kan vera å kreva ein god del, men det er slik eg ser fotball, det er slik eg ser livet.” Så la Shankly til: ”Tren på rette måten. Hjelp kvarandre. Det er ei form for sosialisme utan politikken.”

Ein annan som såg fotball på same vis som Shankly, var forsvarsstjerna Javier Zanetti frå Inter Milan. Eigentleg var Zanetti argentinar, frå hamnestrøket Dock Sud i Buenos Aires, og ein som klarte å halda fast ved dei solidariske erfaringane frå oppveksten gjennom eit langt liv som profesjonell fotballspelar på høgaste nivå.

Det same gjeld David Villa, som mange huskar som superspiss på Barcelona og Spania, og som aldri gløymde utgangspunktet sitt frå gruvedistriktet Langreo i Asturias i Nord-Spania. Når David Villa hadde scora viktige mål, vrengde han av seg klubbtrøya, slik at undertrøya kom til syne under flomlyset, på TV-skjermen. Kva sto det på undertrøya til superspissen David Villa? Der sto det: ”Eg krev offisiell anerkjenning av det asturianske språket!” Bable! Etter å ha scora mål dreiv målscoraren passande nok målstrid på banen.

Det gjorde han, sjølv om han blei straffa med gule kort.

Sosialisme er politikk, men det er også meir enn politikk, mykje meir, og det har opphavet sitt i folkespråket og i erfaringa frå arbeidsfelleskapet, der det i lengda er viktigare å stå skulder ved skulder enn å stå på skuldrene til kvarandre.

Sagt på ein annan måte: Det er viktigare å vera med i Jern og Metall enn å vera sin eigen lykkes smed.

Sosialismen har altså opphavet sitt i den kollektive erfaringa, av arbeidslaget, av å stå saman, i direkte fysisk forstand. I dagens arbeidsliv blir denne grunnerfaringa sjeldnare og sjeldnare.

For ein generasjon sidan sto vi to og to side om side inne i støv og røyk og gass på smelteverket og lasta 30 kilos metallklumpar med berre nevane. I dag gjer ein maskin med lasteskuffe det same arbeidet unna på tiandeparten av tida, og det er eit stort framsteg. Samtidig har maskinkjøraren ikkje direkte arbeidskameratar, berre direkte kontakt med transportsentralen gjennom internradioen. Slik blir det vanskelegare å forstå at også alle maskinkjørarar likevel har felles interesser.

Etter å ha arbeidd i tungindustrien i ungdommen har også eg ei grunnleggande kroppsleg erfaring av arbeidsfellesskapet. I våre dagar er denne kollektive erfaringa sjeldnare å oppleva. Men den finst framleis, og den kan vera å finna og blir spelt ut i uventa samanhengar. Gleda over å spela i band, samspelet på scenen minner om samarbeidet i arbeidslaget, og livet på bakrommet før konsert minner om 5 minutt med kvil og røyk i arbeidslivet.

I infanterilaget i det militæret kunne vi oppleva det same. Og ikkje minst i idretten, særleg fotballen, som er den sporten eg kjenner best. Samspelet på banen, sjølv på lågt nivå, blå tær og støle musklar og lukta av sveitte og tigerbalsam i garderoben er eit slitesterkt kroppsleg minne om andre former for samspel, samvere, samvirke, samhald.

I Norge har vi framleis sterke fagforeningar og ein godt organisert arbeidarklasse. Vi har hatt statsministrar som har vore vegarbeidarar, elektrikarar og taktekkarar. Vi har skrivande bønder og arbeidarlitteratur. Hos oss har den proletariske eller solidariske etos vore vel kjend og respektert.

I dei fleste andre land er det ein uoverstigeleg avstand mellom dei intellektuelle og arbeidsfolket. Det skandinaviske klasseforliket ligg på eit langt høgare nivå enn til dømes i England og Frankrike, for ikkje å snakka om USA. På dette grunnlaget utgjer den nordiske modellen eit meir sivilisert utgangspunkt for å snakka om sosiale motsetningar enn vi finn i meir råbarka klassesamfunn.

I alle år har uttrykk som proletarromantikk og arbeidarromantikk vore effektive skjellsord mot å læra av rikdommen og styrken i arbeidarkollektivet og i organisering nedanfrå.

I dag tyder alt på at det ikkje er for mykje, men altfor lite proletar- og arbeidarromantikk i samfunnet. Slik verda nå ser ut, er det meir enn nokon gong på sin plass å romantisera samarbeid, samfunn, samkjensle, samspel. Her gjeld det å ikkje la seg lura verken av lett høgreeorinterte sentrumvenstre eller lett venstreorienterte sentrumhøgre tenketankar til å tenka nyliberale tenketanktankar om innskrenking og outsourcing og trickle down økonomi.

p

Sosialisme er meir enn politikk, mykje meir. Men det er også politikk. Vi veit at det å omsetta Egil Nyland, Bill Shankly, Javier Zanetti og David Villas praktiske sosialisme til kollektiv politisk handling byd på store utfordringar og større utfordringar i dag enn då arbeidslivet var industrielt kollektivt organisert.

I dag ville idealet ikkje vera at Egil Nyland skulle springa ut på tøflene midt under tippekampen og hjelpa bilen i gang, i dag heiar Erna Solberg og dei blåblå på at entreprenøren Egil Nyland skal bli gründer og oppretta eit nettbasert firma for å selja diversifiserte sandpåstrøingstenester til blodpris gjennom spesialdesigna sandkassar som dei uheldige bilistane kan opna ved hjelp av ein app på mobilen.

Sosialisme er politikk og sosialisme er mykje meir enn politikk. Oppgåva er å ta alle dei solidariske erfaringane til Egil Nyland frå Saugbruks i Halden, Bill Shankly frå Liverpool, Javier Zanetti frå Dock Sud i Buenos Aires, David Villa frå Asturias, men også erfaringane som alle vi andre har frå arbeidsliv og privatliv, ta samspel og samarbeid og samvirke frå dagleglivet med oss, når politikken og styringa av samfunnet skal utformast.

Stå på med det gode arbeidet! Stå saman! Stå i forsvar, gå i angrep! God 1. mai!

Annonse

Flere saker

Annonse