JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ny diettskatt

Dette må du skatte av om du er innanfor Landsoverenskomsten for elektrofagene

– Den nye skatten fører til eit enormt byråkrati, seier EL og IT Forbundet.
Forbundssekretær Trond Løvstakken i EL og IT og LO-leder Hans Christian Gabrielsen på vei til møterommet ved Thon hotell Lillestrøm.

Forbundssekretær Trond Løvstakken i EL og IT og LO-leder Hans Christian Gabrielsen på vei til møterommet ved Thon hotell Lillestrøm.

Leif Martin Kirknes

tormod.ytrehus@lomedia.no

– Diettsatsane våre er innfløkte frå før. Den nye skatten fører til eit enormt byråkrati, seier Trond Løvstakken, forbundssekretær i El og IT.

El og IT anslår at omtrent ti prosent av medlemsmassen deires jobbar med installasjon, som regel på byggeplass eller offshore. Det vil seie at dei har inntil 3800 medlemmer på reise, som kan bli ramma av den nye skatten.

Her kan du finne ut kva du må skatte av, dersom du jobbar på byggeplass eller offshore og arbeidsgivar meiner reisa di er «uregelmessig».

Dette er snittlønna i over 300 yrker

Diett når du overnattar

• Satsen for overnatting på brakke, messe eller privat innkvartering er 487 kroner. Du må skatte av 328 kroner av beløpet.

* Er det kokemoglegheiter der du overnattar, må du skatte av heile beløpet.

• Satsen for overnatting på pensjonat er 539 kroner. Du må skatte 380 kroner av dette beløpet.

• Satsen for overnatting på hotell er 539 kroner. Her er Skattedirektoratet og Finansdepartementet sin sats lågare, og du slepp å skatte om reisa er uregelmessig.

* Er det frokost på hotellet må du skatte av 84 av dei 539 kronene.

• Om bedrifta betaler for overnatting og kost etter rekning, har du ifølge landsoverenskomsten rett på 98 kroner i handpengar. Beløpet er innanfor satsane for skattefri diett.

• Om du overnattar privat, har du rett på 597 kroner i diett, ifølge landsoverenskomsten. Etter dei nye reglane, må du skatte av heile beløpet om det er kokemoglegheiter der du bur.

Diett under reise

Landsoverenskomsten for elektrofaga har ingen satsar for diett når du jobbar over 15 kilometer og 6 timar borte frå arbeidsplassen, slik statens reiseregulativ har. Om du har denne dietten er avhengig av arbeidsplassen din.

Landsoverenskomsten har derimot satsar som slår inn når sjølve reisetida er over 6 og 12 timar. Denne gjeld til og frå stasjonering.

• Satsen for reise mellom 6 og 12 timar er 280 kroner. Satsen for reise over 12 timar er 520 kroner. Desse er begge lågare enn satsane i statens reiseregulativ, og er dermed skattefri diett om reisa er uregelmessig.

• Overnattar du under reisa får du 710 kroner i diett. Du må då truleg skatte av 173 kroner om reisa er uregelmessig.

* Om du får dekka eitt eller fleire måltid blir den trekkfrie godtgjeringa redusert med 20 prosent for frokost, 30 prosent for lønsj og 50 prosent for middag.

Blir justert etter reiseregulativet

Satsane i landsoverenskomsten – mellom NHO og LO, Nelfo og El og IT – er ikkje like som statens reiseregulativ, men blir justert etter statens satsar. Dermed har dei utsette forhandlingane om reiseregulativet, som enno ikkje er ferdige, konsekvensar for deg som er organisert i El og IT også.

LO spår pensjonssmell for sliterne

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte innen elektro, energi, telekom og IT.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse