JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

HMS-arbeid er ei utfordring i LOK-bedriftane

Verneombudene i bedriftane må bli betre i verva sine, sette seg inn i lover og forskrifter og ikkje overlate for mykje til HR, seier Kai Christoffersen.

Rune Myntevik

nettverk@lomedia.no

Vernekonferansen pågår akkurat no på Voss. Det er Studie- og HMS-utvalet i Distrikt Vestland som arrangerer. Det er 20. gangen konferansen blir arrangert. Den har endra seg litt sidan starten, men dei siste gongene har den blitt arrangert på Fleischer’s hotel på Voss. Det er distriktssekretær Arthur Sjursen som har arrangert dette i alle år, men dette blir siste gongen for hans del.

 Det er 24 deltakarar i tillegg til innleiarar og gjester frå Aak Safety. I år som tidlegare er det energibransjen som stiller opp på konferansen og gjer det mogleg å arrangere. LOK-miljøet hadde to påmeldte der ein møtte opp. Dette og diskusjoner på konferansen viser at det er ein utfordring med vernearbeid i LOK- bedrifter. Forbundssekretær Kai Christoffersen kjem med stikk til oss her på konferansen om at vi som verneombod må bli flinkare i vervet. Blant anna å sette oss betre inn i lovar og forskriftar og ikkje overlate for mykje til HR.

Jenter i elektrobransjen

 Først ut på konferansen var Heidi Lie som er leiar i Montørjentene, eit utval i Elektroarbeidernes Fagforeining Vestland. Ho heldt eit engasjerande innlegg ang. jenter/damer i elektrobransjen. Det ble gode diskusjonar både i gruppeoppgåver og i plenum. Jenter blir ufrivillig synlege sidan dei er så få i byggebransjen. Andre ting som ble diskutert under det punktet er at mange av utfordringene som damer/jenter har og gjelder menn. Det være seg skifte/toalett-fasiliteter, arbeidsklær og dårleg kultur på arbeidsplasser. Men det er ofte jentene som må ta opp kampen for å få dette bedre.

Oppfordringen frå Heidi er at det store fleirtalet, altså menn, bør stå i front og kreve betre arbeidsforhold for alle.

 

Annonse

Flere saker

Annonse