JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Reisebrev frå Kiev

Sogn og Fjordane friomsorgsforeining dro på studietur til Ukraina. Les om kva dei opplevde og lærte.
KOLLEGER OVER LANDEGRENSER: Sogn og Fjordane friomsorgsforeining på besøk til NORLAU i Ukraina.

KOLLEGER OVER LANDEGRENSER: Sogn og Fjordane friomsorgsforeining på besøk til NORLAU i Ukraina.

NFF

I midten av september reiste NFF-medlemar frå Sogn og Fjordane friomsorgsforeining til Ukraina. Vår tidlegare leiar, Willy Giil i Sogn og Fjordane friomsorgskontor, leiar Norwegian Rule of Law advisors to Ukraine (NORLAU).

Det overordna målet for NORLAU er å sikre respekt for menneskerettar og rettstryggleik i det strafferettslege systemet i Ukraina. Hovudprinsippet er å støtte utviklinga av ein effektiv og profesjonell friomsorgsorganisasjon og støtte implementeringa av alternative straffesanksjonar. Den norske regjeringas rådgjevarar til Ukraina, NORLAU, Probation Project skal yte teknisk bistand. Prosjektet er finansiert av Utanriksdepartementet i Noreg og gjennomført av Kriminalomsorgsdirektoratet. Prosjektet fokuserer på to hovudmål:

1. Auke tal alternative sanksjoner

2. Støtte implementeringa av ei fullverdig friomsorgsteneste

På NORLAU-kontoret jobbar det menneskjer med ulik bakgrunn. Siri Fjørtoft har vore fengselsleiar, Eva Lynghjem var påtalejurist i Politidirektoratet og Torolv Groseth har bakgrunn som lagdommar. I tillegg jobba kontormedarbeidar Anna Poliakova og juristane Oleksandr Hyrun og Anna Taranenko som lokalt tilsette ved kontoret.

Reisebrev frå Malaga fengsel

Et stort samarbeidsprosjekt

Prosjektet samarbeider med alle aktørane i strafferettskjeda og sørger for koordinering av innsats og vedtak av reformelementer på tvers av institusjonar som rettsforfølging, domstolar, forsvarsadvokatar, fengsel, lokalsamfunn og andre relevante institusjonar.

Prosjektet vil derfor, i nært samarbeid med Justisdepartementet i Ukraina, støtte utviklinga av juridisk og politisk rammeverk, styrke den institusjonelle kapasiteten til den nye offentlege institusjonen "Senter for friomsorga". Prosjektet ynskjer å systematisk fokusere på å engasjere juristar på tvers av strafferettskjeda for å takle viktige saksreformproblemer og alternative sanksjoner. NORLAU Probation Project har avtalt med Ministry of Justice of Ukraine (MoJ) om å etablere to regionale pilotar i Bila Tserkva og Kharkiv.

Ukraina er Europas nest største land

Forutan NORLAUs kontor i Kiev, besøkte vi eit pilotprosjekt i regi av NORLAU og i tett samarbeid med ukrainsk friomsorg. Prosjekta er bilateralt og økonomisk støtta av UD.

Vi besøkte MoJ og Public Institution “Center of Probation” ved leiar Vlad Klysha. Besøk i fengselsmuseum med omvising som skapte ei ramme for ukrainsk rettsforståing og vilje til modernisering. Etter omvisinga var det gruppebilete saman med visejustisminister Denys Chernyshov.

VARM VELKOMST: NFF friomsorgsmedlemmar i Sogn og Fjordane på besøk til Ministry of Justice of Ukraine og Public Institution “Center of Probation” ved leiar Vlad Klysha og visejustisminister Denys Chernyshov.

VARM VELKOMST: NFF friomsorgsmedlemmar i Sogn og Fjordane på besøk til Ministry of Justice of Ukraine og Public Institution “Center of Probation” ved leiar Vlad Klysha og visejustisminister Denys Chernyshov.

NFF

Neste dag køyrte vi omlag 80 kilometer sør for Kiev til storbyen Bila Trevskar og eit lokalt friomsorgskontor, eit av to pilotprosjekt. Seinare var vi på besøk ved Probation Training Senter og kor leiar Oleg Douk tok oss i mot. Vi fekk nyttig informasjon om korleis friomsorgsarbeidarane arbeider i Ukraina. Dei hadde ulike program som kunne gå over tidsrom frå 14 dagar og opptil to månader.

Lagmann Torolv Groseth guida oss gjennom Kievs gater, og vi fekk kunnskap om eit hardt prøva folk i Kiev under andre verdskrig. Inntrykka var overveldande. Berre i Kiev er folketal nesten på storleik med Noreg, og landet er det nest største i Europa med om lag 44 millionar innbyggarar.

Skal modernisere rettspleien

Ukraina har 167 innsette per 100 000 innbyggarar. Friomsorga omfattar 589 friomsorgskontor, 2800 friomsorgsarbeidarar og 56 000 klientar. Så det gjev eit bilete på den utfordrande prosessen det er å endre statsinstitusjonar.

Ukraina er inne i ei uroleg politisk tid, krefter i aust og vest prøver på kvar si side å trekke landet sin veg. Det er derfor eit viktig arbeid som gjerast her for å modernisere rettspleia til ein meir vestleg standard og kanskje derav hindre at landet glir tilbake til eit meir udemokratisk regime.

Les også:

Debattinnlegg: Tøvprat om tomme fengsler

De eldre fikk mest i årets lokale lønnsoppgjør

Studenter streiket mot fengsel-nedlegging: – Vi utdanner oss til ledighet

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i fengsel og friomsorg.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse