JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

NNN flyttar inn i Industri Energi sitt nye kvartal ved Youngstorget

5. november er Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund innflytta i heilt nye lokale i Hammersborggata 12 i Oslo.
NYTT: Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund flyttar kontor. Her på det nye kontoret i Hammersborggata i Oslo.

NYTT: Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund flyttar kontor. Her på det nye kontoret i Hammersborggata i Oslo.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Med det, rykkar forbundet også nærmare fagrørslas høgborg på Youngstorget. Rett rund hjørnet for dei nye kontorlokala, ligg Folkets hus.

– Det er ikkje mange hundre metrane vi flyttar, men vi kjem endå nærmare moderhuset og det kjennest godt. Youngstorget har jo eit historisk sus i arbeidarrørsla, seier administrasjonssjef Jardar E. Flaa i NNN.

Eit titalls flyttearbeidarar rykkar inn i forbundets gamle lokale når NNN-arbeideren kjem innom. Heisane går ustanseleg opp og ned mellom første og niande etasje på Lilletorget.

(Saken held fram under bildet.)

FLYTTING: Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund flyttar kontor. Her på det gamle kontoret på Lilletorget i Oslo.

FLYTTING: Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund flyttar kontor. Her på det gamle kontoret på Lilletorget i Oslo.

Tormod Ytrehus

10. mai vart leigekontrakten med Industri Energi Holding AS signert. Etterpå sette dei igang med totalrenovering av heile etasjen. Entreprenøren var litt forseinka, men 10. oktober kunne NNN formelt ta over.

Nye Youngskvartalet

NNN har dei siste sju åra vore leigetakarar hos Fellesforbundet i Lilletorget 1. Før den tid haldt dei til på Arbeidersamfunnets plass. Dermed er sirkelen slutta når forbundet no flyttar inn tvers over gata, i sjette etasje i Youngskvartalet.

Den nye utleigaren er Industri Energi. Forbundet kjøpte kvartalet i 2012, for over ein halv milliard kroner. Kvartalet bestod blant anna av tre fråflytta og falleferdige historiske murgardar, som no er rehabilitert.

Mellom murgardane og politistasjonen, som også er ein leigetakar, er det bygd nytt. I februar i år vart Youngskvartalet offisielt opna. Fortettinga mellom politistasjonen og bygardane fekk heidrande omtale i samband med utdelinga av Statens pris for byggkvalitet.

– Som privatperson er det jo ofte lurt å eige, men som eit forbund med om lag 20 tillitsvalde og tilsette på forbundskontoret er det ganske praktisk å leige kontorlokale. Det ville blitt mykje eigedomsadministrasjon i eigde lokale, når vi sjølv berre har behov for éin etasje, forklarer Jardar Flaa.

Mens Industri Energi kjøpte kvartalet sitt frå eigedomsselskapet Entra, solgte Fellesforbundet huset sitt på Lilletorget til same selskap i 2014 og skal bli leigetakar. Bygget frå 1930-talet skal på sikt rivast og erstattast med eit meir moderne hus. Dermed måtte NNN ut før eller seinare.

Opne dører

Jardar Flaa har arbeidsbuksa på og Felleskjøpet-kapsen på hovudet. Han kom nyleg til NNN frå jobben som administrasjonssjef i Bondelaget, berre dagar før den nye leigekontrakten vart signert. Den siste tida har vore hektisk.

– Eg har vore i dei nye lokala om lag to gongar om dagen i tre veker. Eg tatt med meg nokre esker og stolar kvar gong, så eg har vore litt privat flyttebyrå, seier han.

(Saken held fram under bildet.)

FLYTTING: Administrasjonssjef Jardar Flaa tar alltid med seg ein liten last på dei mange gåturane mellom Lilletorget og Hammersborggata.

FLYTTING: Administrasjonssjef Jardar Flaa tar alltid med seg ein liten last på dei mange gåturane mellom Lilletorget og Hammersborggata.

Tormod Ytrehus

Det siste forbundsstyremøtet i gamle lokale var dagen før flytting. Neste møte 7. desember blir i flunkande nye lokale. Møtet blir også i eigne møtelokale, til forskjell frå lån av Fellesforbundets forbundsstyresal.

Dørene er sjølvsagt også opne for medlemmer som kjem innom for ein prat, ein kaffe, skal på eit møte eller treng hjelp, forklarer administrasjonssjef Jardar Flaa.

Dei fleste medlemma vil nok framleis ty til telefonen for å få tak i forbundskontoret. Men også dette blir enklare. Det nye kontoret har eit eige møterom for skype- og telefonkonferansemøte. Dermed kan medlemma no både sjå og snakke med forbundskontoret sitt.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i mat- og drikkevareindustrien.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse