JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Praktikantstilling:

Mads Andreas protesterte då FN-organisasjon utlyste stilling utan lønn. No har dei snudd

Høgare utdanning, ei arbeidsveke på 30 timar og null lønn. Det var vilkåra i ei praktikantstilling utlyst av FN-organisasjonen UNDP i Norge.

FN / privat

tormod@lomedia.no

– Dette er ei enkelt stilling, men samtidig ein del av ein større trend med utnytting av ung arbeidskraft. Mange er villeg til å gjere kva som helst for slike stillingar. Det blir grovt utnytta, seier Mads Andreas Danielsen som sjølv er tidlegare praktikant ved Norge sin delegasjon til EU.

p

For tre veker sidan utlyste FNs utviklingsprogram i Norge (UNDP) ei praktikantstilling. Sjølv om stillinga er ulønna, krevjer dei høgare utdanning, anten ved at søkaren er registrert eller nettopp ferdig på eit masterprogram. Arbeidsveka er i tillegg på heile 30 timar. Det er berre 7,5 timar mindre enn ei normal arbeidsveke.

Endrar praksis

Mads Andreas Danielsen er aktiv i LO-forbundet NTL ved Universitetet i Oslo. Han fortel at fleire unge medlemmer i fagforeining tok kontakt med UNDP og stilte kritiske spørsmål om utlysinga, men ikkje fekk svar.

Det var inntil saka byrja å få merksemd på Facebook. Fire timar etter at Danielsen posta eit kritisk innlegg om saka på Facebook-sida si, fekk han svar frå UNDP om at dei kjem til å opprette ei stipendordning for praktikantar.

– Men dei hadde tre veker til å svare. Først då saka fekk merksemd i sosiale medium gjennom oss unge frå fagrørsla, følte dei seg pressa. No gjenstår det å sjå kor stort stipendet blir, seier Danielsen.

Saka held fram under facebookinnlegget.

Bryt med bærekraftsmål

I innlegget sitt på Facebook, skriv han:

– For å ta denne jobben må du ha ein solid sparekonto eller ein pengesterk familie. Denne typen ulønna praktikantstillingar blir dermed tilnærma klassebetinga, noko som burde vore uhøyrd – spesielt i ein FN-organisasjon.

Eit av bærekraftsmåla til FN er å kjempe for anstendig arbeid og økonomisk vekst, bekjempe fattigdom og utrydde sosiale forskjellar. Danielsen påpeikar at nettopp UNDP har det overordna ansvaret for desse måla og bør gå foran som eit godt eksempel.

Reaksjonane er sterke i kommentarfeltet på Facebook. Ein av dei kom frå tidlegare FN-ambassadør Morten Wetland:

– Her er det noko råttenskap. Eg har sjølv vore med å tilsette cirka 40–50 praktikantar ved norske utanriksstasjonar. Men haldninga var at vi berre kunne forsvare ordninga og den låga lønna dersom det var ein legitim del av utdanninga. Derfor ba eg om å tilsette så unge praktikantar som forsvarleg, og eg vart irritert ein gong då staben tilsette ein person på 29 år med master. Det er å spekulere i ein vanskeleg første arbeidsmarknad for akademikarar.

Internasjonal trend

Mads Andreas Danielsen meiner bruken av ulønna praktikantar er eit stort problem i sektoren. Frå å vere eit amerikansk fenomen, har praksisen spreidd seg over heile verda. Også til Norge.

– Dei siste åra har det blitt meir merksemd rundt problematikken, med ein protestrørsle særleg rundt praktikantmiljøa i Brussel og Geneve, seier Danielsen og viser til at EUs utanriksteneste nyleg har blitt pressa til å lønne praktikantane sine.

p

Til Aftenposten , som først omtalte at UNDP endrar praksis, seier leiar Eirik Talleraas at dei har hatt ulønna praktikantstillingar i mange år. Dette har vore vanleg praksis i dei fleste delane av FN-systemet.

– Det er kritikkverdig at stillinga ikkje har blitt kompensert med stipend eller lønn tidlegare. Det er derfor vi no ser på ein stipendordning, seier Talleraas som opplyser at dei har jobba med dette sidan i fjor.

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse