JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Forsvar offentlig pensjon manar til pensjonsopprør

– Om offentleg tenestepensjon står for fall, er opp til oss

– Forhandlarane våre blir ikkje sterkare enn vi gjer dei, var bodskapen frå Forsvar offentlig pensjon, når dei samla styrkane i Oslo måndag.
- Om Arbeids- og sosialdepartementet får det som dei vil, får eg 43,2 prosent av løna mi om eg går av som 62-åring, sa Åsne Skjelbred Refsdal, tillitsvalt i NTL.

- Om Arbeids- og sosialdepartementet får det som dei vil, får eg 43,2 prosent av løna mi om eg går av som 62-åring, sa Åsne Skjelbred Refsdal, tillitsvalt i NTL.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

«Me treng eit pensjonsopprør» stod det på t-skjortene tillitsvalte frå foreiningar over heile landet fekk utdelt, når dei møttest for å skjerpe argumentane og tenne gnisten i pensjonsopprøret.

Medan forhandlingane går om ny offentleg tenestepensjon, arrangerte organisasjonen Forsvar offentlig pensjon konferansen «En solidarisk pensjon for framtida».

– Vi på grunnplanet må gi forhandlarane vår støtte. Dei blir ikkje sterkare enn vi gjer dei, sa Jorunn Folkvord, tillitsvalt i Utdanningsforbundet, til forsamlinga.

I slutten av februar, opp mot fristen for forhandlingane om offentleg tenestepensjon 1. mars, arrangerer Forsvar offentlig pensjon fleire aksjonsdagar. 26. februar arrangerer dei konferanse om pensjon og årets tariffoppgjør, før det blir fanemarkering utanfor Stortinget, med appellantar frå offentleg og privat sektor.

Må møte i retten etter å ha gjort jobben sin som tillitsvalgt

(Artikkelen held fram under bildet.)

Jorunn Folkvord, tillitsvalt i Utdanningsforbundet.

Jorunn Folkvord, tillitsvalt i Utdanningsforbundet.

Tormod Ytrehus

Halde presset oppe

Men sjølv om forhandlarane skulle få grunnplanets støtte, vart det også oppfordra til å legge press på forhandlingsleiarane som no forhandlar om pensjonen til 800.000 offentleg tilsette.

– Om offentleg tenestepensjon står for fall, er opp til oss. Presset på forhandlarane må vere stort nedanifrå. Som tidlegare forhandlar, veit eg dette kan vere ubehageleg, men heilt nødvendig. Resultatet er avhengig av kor mykje aktivitet det er mogleg å bygge opp nedanifrå, sa Stein Stugu, rådgivar i De Facto.

Stugu meinte arbeidstakarorganisasjonane treng meir definerte krav, slik at ein kan tydeleggjere kva som er kompromissa i ei forhandling.

– Eg saknar eit tydeleg svar frå fagrørsla om kva vi eigentleg ønsker. Eg oppfattar at dagens regjering har komme med drittpakker, for å ha noko å gi i forhandlingane og gi fagrørsla nokre lette sigrar. Forbunda må vere tydelegare på kva dei eigentleg ønsker seg.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Stein Stugu, rådgivar i De Facto.

Stein Stugu, rådgivar i De Facto.

Tormod Ytrehus

Frå fellesskap til individualitet

Ebba Wergeland innleia om den historiske bakgrunnen for utviklinga av pensjonsordningane og haldningsendringane som har skjedd undervegs.

– Etter kvart som Norge vart eit rikare land, la ein meir og meir vekt på solidariske, og mindre på individuelle, ordningar. Ordningane skulle vere basert på behov, ikkje på livsinntekt og helse, sa Wergeland og viste til Lena som, i frifagbevegelse.no førre veke, spurte:

«Hvorfor er vi på vei bort fra tanken om at alle skal dra lasset sammen? Det snakkes hele tiden om at den enkelte må ta ansvar for sin egen pensjon. Går det ikke an å tenke anderledes? At man for eksempel betaler litt mer skatt for å ha råd til å gi alle en pensjon å leve av?»

Pensjonen ble reddet for 55 bussjåfører

(Artikkelen held fram under bildet.)

Ebba Wergeland, arbeidsmedisinar.

Ebba Wergeland, arbeidsmedisinar.

Tormod Ytrehus

Unndratt frå demokratisk kontroll

Wergeland meiner alderspensjonen i folketrygda vart rasert i 2011, og at det skjedde ei endring til at tenestepensjon og privat sparing skulle vere det viktigaste. Men fleirtalet vil ha fellesskapsløysingar, meiner ho.

– Korleis var det mogleg å innføre ein pensjonsreform som ein visste folkemeininga tenderte mot? Det var mogleg ved gjennomføring utanfor demokratisk kontroll, sa ho, og viste til Asbjørn Kjønstad, jurist og professor, som har uttalt at det er ein stor fare for rettstryggleiken når lovgivaren ikkje eingong prøver å gjere systemet mest mogleg enkelt.

– Fråveret av merksemd rundt trygd i det offentlege rom nører opp om haldninga om at trygd er vanskeleg. For trass dei tekniske aspekta ved trygdene, kviler dei på rettferdsprinsipp som dei fleste av oss har eit forhold til. Derfor har Lena like mykje rett til å ytre seg om pensjonssystemet som andre, sa Wergeland.

– Pensjon blir framstilst som så vanskeleg at vi skyver det over på ekspertane. Då blir pensjon undratt frå demokratisk kontroll, la Jorunn Folkvord til, som oppfordra folk til å snakke meir om pensjon.

Lena (32) skjønner allerede nå at pensjonen fra staten ikke blir spesielt lukrativ
Får Anniken Hauglie det som hun vil, blir det store forandringer i pensjonen til 800.000 nordmen

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse